Jølster jazzklubb - - ein musikalsk møteplass for dei med øyre

 
Dette skjedde i 2011:
 
 


26. nov.: Linda Farestveit med INVENTARIUM på Skei Hotel

Dette var den 12. og siste konserten i jazzklubbens regi i 2011. Datoen var kanskje ikkje heil ideell; mange hadde nok meir tankar for julebord og slike ting enn konsert denne kvelden før første søndag i advent. Men dei som hadde møtt opp fekk full valuta for pengane med to sett og greide også å klappe seg til ekstranummer. Lett og god stemning gjorde kvelden til ein fin avslutning på konsertåret 2011.




Foto: Marit Hartvedt

Førehandsomtale:

Konsert med Inventarium

Linda Farestveit med INVENTARIUM spiller ein blanding av originalmusikk, standard jazz-låtar med innslag av “oppjazza” 60-talls rock og pop. Samarbeidet mellom Linda og KK begynte på Nattjazzen i 1985. Etter kort tid resulterte dette i skipinga av bandet “Night & Day” som var aktiv fram til 1993. Dei gav ut plate i 1991.

Inventarium og Linda Farestveit vidarefører ein del av repertoaret frå 80- og 90-talet ved å spille mange av KK’s originalkomposisjonar som blei skreve spesielt for Linda. Men det har også komme til nytt materiale, ikkje minst då samarbeidet fekk to nye og spennande aktørar, nemleg den veletablerte bassisten Ole Amund Gjersvik og den unge og talentfulle slagverkaren Øyvind Hegg-Lunde.

Linda Farestveit (vokal) Knut Kristiansen (piano) Ole Amund Gjersvik (bass)Øyvind Hegg-Lunde (trommer)

PS. Denne konserten var først sett opp fredag 25. nov., men av ulike årsakar måtte han flyttast til den 26. Då sjåast vi?:)

11. nov.: Tineke Postma og Nordic Warriors på Skei Hotel

JAZZ I TOPPKLASSE PÅ SKEI HOTEL 

Kvinnelege saksofonistar i toppklasse veks ikkje på tre. På Skei Hotel fekk publikum sist fredag oppleve to på same tid, i tillegg til ei rekkje andre unge musikantar på svært høgt nivå. 

John Taylor, som er dagleg leiar for Voss jazzskule, og som står bak dette prosjektet, omtalte før konserten Tineke Postma som verdas beste kvinnelege jazzsaksofonist. Ho var stjerna og trekkplasteret på konserten på Skei Hotel fredag, men dei unge medmusikarane, Nordic Warriors, med bakgrunn frå Voss jazzskule, låg ikkje langt bak i kvalitet og speleglede. Elisabeth Lid Trøen har alt markert seg som eit usedvanleg talent på tenorsaksofon, og ho briljerte og imponerte. I tillegg til desse to var Laura Jurd frå England gjesteartist med sin trompet, og vi blei kanskje mest imponert av hennar uanstrengde, virtuose og følsame trompetspel. Desse tre, som utgjorde blåsarrekkja, var det berande elementet i konserten, som i sin heilskap var komponert av pianisten i bandet, Tarjei Kjerland Lienig. Dyktige ungdommar i ”kompet”, med bass, gitar og slagverk, sørgde for eit svært komplett lydbilete. ”Ei fantastisk musikalsk oppleving,” var omkvedet blant publikum etter konserten. Vel blåst nok ein gong til Jølster Jazzklubb. 

Hallstein Dvergsdal/Halvar Helgheim


Førehandsomtale:
 
Nederlandsk verdsstjerne og norsk stjerneskot til jazzscena på Skei Hotel.
Vi snakkar om dei to kvinnelege saksofonistane Tineke Postma frå Nederland og Elisabeth Lid Trøen frå Voss. I tillegg eit solid band med dyktige unge musikarar.

Tineke Postma er av mange rekna som ei av verdas beste kvinnelege saksofonistar. Vanlegvis speler ho verda rundt med kvartetten sin og med store jazzartister som Terri Lyne Carrington og Esperanza Spalding.

Elisabeth Lid Trøen har spilt saksofon i berre tre år, men har allereie imponert mange store jazzmusikarar. I september spelte ho for første gong med Steinar Raknes. Han blei så imponert at han vil etablere ein ny kvartett med Elisabeth, Raknes, Erlend Slettevoll (piano) og Eric Nylander(trommer). Dei vil ha debutkonsert i Oslo i desember.

Elisabeth har nyleg spelt to konsertar med Tord Gustavsen Trio. Ho har også spelt med mange store saksofonistar og har fått mykje ros frå alle, ikkje minst Joshua Redman som meiner at ho er eit utrolig talent.

Bandet er eit resultat av Voss Jazzskule sitt samarbeid med Tomorrow’s Warriors Jazzskule i London. I frontrekka berre kvinner (to saksofonar og ein trompet) og med fire mannlege tenarar bakom. Musikarane er ein mix av tidlegare elevar ved Voss Jazzskule som nå har gått vidare til ulike musikkonservatorium, og musikarar med tilknyting til Tomorrow’s Warriors.

Tineke Postma (Nederland) – altsaksofon
Elisabeth Lid Trøen(Voss) – tenorsaksofon
Laura Jurd (England) – trompet
Tarjei Kjerland Lienig – piano
Viljar Dyvik Sellevold – gitar 
Bjørnar Kaldefoss Tveite – kontrabass
Kim Christer Hylland – trommer
Jazzjournalist Roald Helgheim har vurdert siste plata til Tineke, m.a. skriv han: "Tineke Postma er ein på alle måtar eminent jazzmusikar av internasjonal klasse, noko ho til fulle viser på sitt siste album, «The Dawn Of Light»." Les meir her.




14.-16. oktober: Jazz på Jølst 2011.
Sjå her.



24. juni: Sommarkonsert med Thea Hjelmeland på Eikaasgalleriet
 
"Thea tok publikum med storm" stod det å lese i Firda Tidend etter ei musikkoppleving publikum truleg vil hugse lenge. Det var ein heilt akustisk konsert, noko som Eikaasgalleriet egner seg godt til. I tillegg til stemma si, som ho hadde full kontroll på, trakterte Thea både piano, mandolin, gitar, ukulele og banjo. Kontakten med publikum var eineståande og stemningen var til å ta og føle på. Vi (arrangør Jølster Jazzklubb) kan ta sommarferie med godt samvit:)
 
Førehandsomtalen var slik:
 

Thea Hjelmeland er ein ung og “ny” artist for dei fleste, sjølv om ho har spela konsertar med sjølvskrive materiale sidan ho var 13 år gamal. Førde-jenta har sidan den gong spelt på store festivalar og små, innrøyka barar i inn- og utland. Etter lengre opphald på Cuba og i Frankrike held ho seg for tida i dei to metropolane Paris og Førde. 
 
Foto: Vegard Fimland
 
Debutalbum med Jørgen Træen, Jostein Ansnes og Jarle Bernhoft som flotte produsentar er fullført og ventar kun på å kome ut i verda! Alt materiale er det ho sjølv som står for og ho trakterar blant anna mandolin, banjo, ukulele, piano og gitar! Musikken hennar ligg i det akustiske pop-landskapet, med finurlege tekstar og historiar på lur. Ho har ei sjeldan stor stemme som strekk seg i alle vinklar og djupner, og ho veit å bruke den!
 
Kafeen vil vere open før (frå kl. 19.00) og etter konserten. Velkommen!
 
 
 
 
5. april: Årets hottaste? Konsert med Hot Club de Norvège!
 
"Hot kveld med Hot Club" skreiv Hallstein Dvergsdal på Jølster Origo etter ein strålande konsert med Hot Club de Norvège. Her er lenke til omtalen. Her er ein musikalsk smakebit.
 
Dette skreiv vi på førehand:
 
Hot Club de Norvège er eitt av dei hottaste livebanda i Noreg og har vore kontinuerleg på vegen sidan hausten 1979. Internasjonalt blir dei rekna blant dei fremste innan string swing. Med utgangspunkt i musikken til den legendariske sigøynargitaristen Django Reinhardt har dei i dag sitt eige uttrykk og ein unik sound. Musikarane i Hot Club de Norvège er berømte for si smittande speleglede og skaper ei heilt eiga stemning på konsertane. Musikken spenner frå glad og utovervend swing og heftig lidenskap til inderlege balladar og tragiske valsar, med ein og annan song ved Per Frydenlund innimellom. Mykje av repertoaret er signert Jon Larsen.

Dette er musikarane i Hot Club de Norvège: Jon Larsen (gitar), Finn Hauge (fiolin og munnspel), Per Frydenlund (gitar) og Svein Aarbostad (bass).
 
 
1. april: Glade jazztonar med Fredriksberg Jazzensemble og Kim Fairchild 
 
Konserten med Fredriksberg Jazzensemble og Kim Fairchild 1. april blei ein ubetinga suksess, skal ein lytte til kva publikum meldte under og etter konserten! Og det skal ein absolutt! Vi hadde laga møtesalen på Skei Hotel om til klubb og greidde å skape ein god og intim stemning. Og Jølster-publikumet er eit lyttande publikum, så her fekk alle høyre den herlege musikken vi blei servert. Gledeleg nok kom det også tilreisande frå både Førde, Sogndal og Voss. Det lover godt for framtidige jazzkonsertar på Jølst!
 
Her er ein musikalsk smakebit frå kvelden og her er lenke til reportasje på Jølster Origo.
 
Slik var førehandsomtalen:
 
Sju glade gutar i ulike aldrar entrar scena på Skei Hotel 1. april, og vi kan gle oss til ei blanding av tradisjonell jazz, swing og latin. Det er Fredriksberg Jazzensemble som tek turen frå Bergen, og dei har med seg entertaineren og fyrverkeriet Kim Fairchild. 

Fredriksberg Jazzensemble består av Eigil Helland (vokal), Stein Håvardstun (tromboner), Audun Sæbø (kornett og flygelhorn), Erlend Dyrnes (klarinett og altsaksofon), Svein Erling Hope (bass og vokal), Chlas Skrugstad (gitar) og Ole Feste (trommer).
 
 
 
22. februar: Konsert med The Brazz Brothers på Skei Hotel
 
Første arrangement i 2011 var konsert med The Brazz Brothers på Skei Hotel tysdag 22. februar kl. 20.00. Bandet var på turné på ”Den musikalske stamvegen" i regi av Vestnorsk jazzsenter og vi var veldig glade for at dei også kom til Jølster!
 
Her er lenke til reportasje på Jølster Origo og her kan du lese kommentarer på facebook.
 
Dette var noko av førehandsinformasjonen:
 
Musikkglede, trøkk og improvisasjonskunst går som ein raud tråd gjennom alt The Brazz Brothers er med på. I dei seinare åra har dei spelt saman med alt frå afrikanske stammehøvdingar til trompetlegenden Lester Bowie og danske Povl Dissing. I konsertsamanheng får du dei i rein og ublanda tapping der dei garantert trykker ventilane til botnen og leverer ein heilstøypt improvisasjonskonsert med musikk som spenner frå New Orleans-jazz via afrikanske rytmar til folkemusikk.
 
Øvst i toneregisteret finn vi Jarle og Jan Magne Førde på trompet og flygelhorn. I midten Runar Tafjord på waldhorn og Helge Førde på trombone og i botnen Stein Erik Tafjord på tuba. Bak trommene Kenneth Ekornes som bind det heile saman – forsiktig krydrande eller med solid trøkk og framdrift.
 
 
 
Website Builder drives av  Vistaprint