Jølster jazzklubb - - ein musikalsk møteplass for dei med øyre


ANDRE ARRANGEMENT I 2015




JAZZ FRÅ SKOGOM


Torsdag 26. november kl. 20.00, Helgheim kyrkje 

Med Jan Johansson og «Jazz på svenska» som ei viktig inspirasjonskjelde, og ein rykande fersk CD i kofferten.  

At Helgheim kyrkje eignar seg godt til konsertar, er gammalt nytt i Jølster, men som jazzscene for Jølster jazzklubb blir det nytt. Dei to andre kyrkjene i Jølster har vi nytta til konsertar tidlegare, men denne gongen trur vi Helgheimskyrkja vil passe perfekt. 

Jazz frå skogom er ein kvartett med erfarne musikarar frå fire generasjonar, med eitt bein på den internasjonale jazzscena og eitt bein planta i den trønderske folkemusikkfloraen.

Om den heilt ferske CD-en fortel dei: «På det nye albumet byr vi på løynde skattar frå dei trønderske «skogom»: triste skillingsviser, inderlege salmar, svingande slåttar og poesi av Kristofer Uppdal og Astrid Krog Halse i ny tonedrakt. Vi presenterer tradisjonsmusikken med jazzens leikande tilnærming, og blandar saumlaust nytt og gammalt, poesi og musikk. Prosjektnamnet «Jazz frå skogom» kan gje assosiasjonar til «Jazz på svenska» av Jan Johansson frå 1960-talet, som har vore ei av inspirasjonskjeldene våre.»

Prosjektet «Jazz frå skogom» vart første gong presentert under Trondheim Jazzfestival i 2011, og sidan har dei spelt konsertar mellom anna på Olavsfestdagane, Dølajazz og Kongsbergjazz, og fått ei varm mottaking av publikum. Hausten 2012 gav dei ut det kritikarroste albumet «Vegen åt deg». «Eit praktfullt album ...» – Roald Helgheim, Dagsavisen. 

Heidi Skjerve – vokal
John Pål Inderberg – barytonsaksofon
Vigleik Storaas – piano
Trygve Waldemar Fiske – kontrabass

Billettar hos TicketCo eller i døra: 200 (vanleg), 150 (medlem(student), 50 (under 25 år) 


Om musikarane:
 
Heidi Skjerve er ei av stemmene i det improviserande vokalensemblet Trondheim Voices, som har samarbeidd med ei rekkje norske komponistar, m.a. Maja Ratkje, Jon Balke, Elin Rosseland, Mats Gustafson og Ståle Storløkken.

John Pål Inderberg har lang fartstid innanfor både jazz og folkemusikk, og har ved sida av musikarkarrieren hatt ei sentral rolle som professor ved jazzlinja ved NTNU. Han samarbeider både med norske og amerikanske musikarar. I tillegg er han eit sprudlande muntrasjonsråd på scena.

Vigleik Storaas er ein velrenommert pianist som har medverka på ei lang rekkje CD-utgjevingar med nasjonale og internasjonale storleikar, t.d. Chet Baker, Warne Marsh og Niels-Henning Ørsted Pedersen. Han spelte sist i Jølster med Excess Luggage på Påfyll i 2014.

Trygve Waldemar Fiske har markert seg sterkt både på den norske og internasjonale jazzscena, mellom anna i Hanna Paulsberg Concept, som blei kåra til Young Nordic Jazz Comets i 2011.



KONSERT MED FLIFLET/HAMRE 
UNDER DIN JØLSTERDAG 2015




Førehandsomtale:
Fredag 18. sept. kl. 20.00 på Thon Hotel Jølster, Skei


Jølster jazzklubb inviterer til konsert fredagskvelden under Din Jølsterdag. Og det er ingen ringare enn duoen Fliflet/Hamre som skal stå for underhaldninga.

Fliflet/Hamre er eit orkester som verkeleg er noko for seg sjølv. Med trekkspel og trommesett supplert med song, melodika og gryter har Gabriel Fliflet og Ole Hamre skapt ein heilt eigen stil som har begeistra både publikum og kritikarar i dei forskjelligaste miljø.

I Fliflet/Hamres musikk står leikelyst og innleving sentralt, og det meste kan skje: Rå balkantonar dundrar ut mellom vare nordiske moll-perler og jødiske ettertenksamheiter, norske kystmelodiar eller italienske partisansongar. Og Harald Sæverud blir dregen med på 9-taktskalas hos serbiske sigøynarar ... 

Iblant lèt Ole Hamre trommene kvile og lagar vakker og uhøyrd musikk på melodika eller sitt eige gryteinstrument Hamrofonen. Eller tek på seg steppeskoa! Fliflet/Hamre fører saman musikk av ulikt opphav og skaper eit eige, personleg landskap. Både folk med lakksko, bunad, svarte skinnjakker eller cowboyhattar lèt seg villig føre rundt i den fargerike hagen deira! Kontrastane er store, men opplevinga heil.

Gruppa er kjend for sitt tette og levande samspel og har opptredd på eit tjuetal norske festivalar. Ei rekkje turnear og festivalbesøk i Sverige, Danmark, Finland, Tyskland, Belgia og Skottland. Dei har gitt ut platene «Ivar Aasen goes Bulgaria», «Moro post mortem – live», «Gabriole» og «Eine kleine Kraftmusik». På oppdrag frå NRK 1 laga dei to vennene i 1996–97 TV-serien «Fliflet/Hamre Kraftakvarium».

Velkommen – dette kan ikkje bli anna enn bra!


Billettar hos TicketCo eller i døra:

Kr 250 (vaksne), kr 200 (medlem/student), kr 50 (under 25 år). 







Laurdag 27. juni på Thon Hotel Jølster
STRÅLANDE AVSLUTNINGSKONSERT ETTER SOMMARJAZZKURSET!






















Vi takkar for besøket, for godt samarbeid og for masse flott musikk! Takken går til Vestnorsk jazzsenter, instruktørane, elevane, publikum og lydteknikaren!

Fleire bilete kjem etter kvart.


Førehandsomtale:
Avslutningskonsert etter sommarjazzkurs


Laurdag 27. juni blir det storslått sommarjazzkonsert i Jølstersalen på Thon Hotel Jølster på Skei. Bandet/banda består av ei herleg blanding av velkjende jazzprofilar og flotte deltakarar frå sommarjazzkurset som blir arrangert på Skei 24.–27. juni. Det er Vestnorsk Jazzsenter som har regien på kurset, Jølster jazzklubb tar ansvaret for konserten. 

I tillegg til dei sju musikarane på bildet, er det 25 påmelde til kurset, som altså alle skal vere med på konserten. Det er dobbelt så mange som i fjor, då tilsvarande kurs/konsert blei arrangert for første gang. Hurra, seier vi!

Instruktørar 2015

Vokal: Lena Skjerdal
Saksofon: Kjetil Møster
Trombone: Andreas Rotevatn
Piano: Dag Arnesen
Gitar: Nina Kristine Linge
Bass: Ole Marius Sandberg
Trommer: Hans Christian Dalgaard




SOMMARJAZZKURS

Når: 24.-27. juni 2015
Hvor: Thon Hotel Jølster

For andre år arrangerer Vestnorsk Jazzsenter og Jølster Jazzklubb sommerkurs på Skei. Formålet er å inspirere flere, særlig unge, til å bli interessert i og spille improvisert musikk, men kurset skal også kunne være en inspirasjonskilde for de som allerede fusker i faget. Det er en fordel å kunne lese noter og det forventes en viss instrumenterfaring, men det aller viktigste er lysten til å spille og lære mer!  Undervisningen blir organisert slik at det vil være noe å bryne seg på uansett nivå.

Kurset avsluttes med konsert lørdag 27. juni der både instruktørar og elevar er med.

Lenke til meir informasjon og påmelding.





30. januar på Jølstringen kafé, Jølstraholmen
VINTERJAZZ med Karina Opdal trio
"Them good old ladies"


Firda Tidend:













Førehandsomtale:














Ella, Billie, Marilyn, Doris, Nina, Monica, Marlene …
Høgt heng dei, og enno blinkar dei. Med sine eineståande stemmer og vedunderlege scenepersonlegdommar har desse damene vore publikumsyndlingar i lange tider.

Songar og skodespelar Karina Opdal har med seg to glimrande musikarar i den renommerte jazzpianisten Alex Hutton frå London og Alex Grieg på bass. Saman vil dei glede publikum med musikalske perler på ei snor og ein hyllest til desse store stjernene.

Konserten inngår i Vinterjazz 2015, som arrangerast av Norsk jazzforum i samarbeid med medlemsklubbane i organisasjonen.



Vinterjazz er en ti-dagers landsomfattende markering av jazz, hvor formålet er å sette fokus på aktiviteten og entusiasmen som finnes rundt om i hele Norge. Vinterjazz arrangeres av Norsk jazzforum i samarbeide med organisasjonens medlemsklubber. I løpet av de ti dagene i februar vil over 30 av Norsk jazzforums medlemsklubber tilby over 70 konserter rundt om i hele Norge. 

















Website Builder drives av  Vistaprint