Jølster jazzklubb - - ein musikalsk møteplass for dei med øyre
 
 
Jazz på Jølst 2010  
15.-17. oktober

Jazz på Jølst 2010 er historie og vi sit att med utroleg mange gode opplevingar. TUSEN TAKK TIL ALLE SOM PÅ NOKO VIS BIDROG TIL Å GJERE HELGA SÅ FANTASTISK BRA! Tre lokalavisar var til stades og sanneleg blei det førstesidestoff:) På Jølster Origo er det to gode omtaler med bilete: Her og her. Firda Tidend skriv dette, og her er reportasjen i Firdaposten. Bilete frå helga er lagt ut her.
 

Artistar og program:
 
Artistar:
(i programrekkefølgje)
 
Gisle Børge Styve Trio
 
Gjennom fleire år har Gisle Børge Styve Trio utvikla eit særs underhaldande, velklingande, humoristisk og vakkert musikalsk utrykk der gleda over samspelet står i sentrum. Trioen koser vettet av seg, og det smittar fort over på publikum. På konserten vil du få høyre trestemt song, leiken improvisasjon, verbale innspel, groovande låtar og vakre melodiar.
 
Trioen består av:
Gisle Børge Styve – vokal, piano
Helge Harstad – kor, el-bass
Per Willy Aaserud – kor, trompet, melodika, klokkespel
 
 
Tore Hovde Trio
Tore Hovde – gitar
Fernando Pineda Lopez – saksofon
Ove Mjåtveit – bass 

Tore Hovde har studert jazzimprovisasjon, komposisjon og pedagogikk ved Musikkonservatoriet i Stavanger, Leeds College of Music i England og Noregs Musikkhøgskule. I tillegg til å spele jazzgitar underviser Tore på musikklina ved Firda vidaregåande skule på Sandane. Han har budd i Jølster sidan 2007.
 
Fernando Pineda Lopez spelar saksofon og jobbar til dagleg som musikkterapeut. Fernando er opphavleg frå Mexico City og har utøvande rytmisk utdanning frå Mexico i tillegg til musikkterapi frå Berklee College of Music i USA. Han har budd i Førde sidan 2009.
 
Ove Mjåtveit spelar kontrabass og er pasient- og brukarombod i Sogn og Fjordane. Han er aktiv i mellom anna Sunnfjord orkesterforeining og Sogn og Fjordane symfoniorkester i tillegg til å spele jazz. Ove bur i Førde.
Trioen har spelt saman sidan våren 2010, og spelar for det meste standardjazz i moderne drakt.
 
 
Marit Hartvedt Kvintett
er ein heilt nystarta jazzkvintett med base i Jølster og debuten vil skje under Jazz på Jølst 2010. Repertoaret på kafékonserten vil være standardjazz av godt gammelt merke.
 
Marit Hartvedt - vokal
Carl-Henrik Buschmann - piano
Kåre Nytun - gitar
Kjetil Andreas Nydal - bass
Hans Christian Buschmann - trommer
 
Janne Nybø Kvintett
har base i Bergen og vart starta våren 2001. Gruppa har sidan spelt regelmessig på diverse jazzklubbar. Kvintetten spelar variert, melodiøs vokaljazz.  
Janne Nybø har komponert ein del av repertoaret, og gruppa kombinerer dette med eigne tolkingar av standardlåtar. 
Musikarane har lang fartstid og er alle aktive i jazzmiljøet. 
 
Janne Nybø – vokal
Svein Atle ”Sabben” Breistein – saksofonar
Bjarne Øymyr – piano
Alex Grieg – bass
Stian Villanger – trommer
 
 
 
Hot Club d'Aalesund
spelar akustisk swingjazz med energi og speleglede, med røter tilbake til gitaristen Django Reinhardt. På repertoaret står låtar av Django sjølv, kjende standardlåtar frå jazzens gullalder og nyare stringswingmusikk. Franske valsar, balladar og latinlåtar er òg med.
 
I Hot Club d'Aalesund spelar Kåre Nytun drivande rytmegitar, Svein Terje Barstad "hot" gitar, Terje Olsen swingande kontrabass og Magne Romestrand accordéon "virtuose". Magne står dessutan for forførande vokal på fransk!
 
Florø Storband
har sidan 1970-talet vore ein arena for jazzvener i Flora kommune. Entusiastar med rot i jazzklubben Odin starta opp med storband på ei tid då bandtypen var i medvind nasjonalt. I dag har fleire av medlemmene solid røynsle frå soul, rhythm & blues og danseband. Kompgjengen har kvar på sitt hald tonnevis med spelejobbar og oppdrag bak seg, og dei utgjer sjølve hjartet og sjela i bandet. 
 
Arne Sunnarvik - pianospelande kapellmeister - er eit namn som jazzfolket i fylket burde kjenne godt.. Som primus motor og med stort engasjement har Arne gitt usjølvisk av sin energi og sitt kunstnariske intellekt.
 
Blåserekkja har fleire klare profilar som har vore med frå starten. På altsaks har vi polakken Leszek Michalski, som er tilsett i kulturskulen. Han har bakgrunn frå symfoniorkester og har levert fleire eigne solo-CD-ar med klassisk innhald. På trombone har vi Trond R. Olsen, som var med dei første åra. Han er òg kjend frå revy- og gjøglarbransjen som ein habil imitator og sceneartist.
 
Den tette klangen og den faste rytmen kjem etter fleire år med stabil besetning. Ny trommis for sesongen er Arild Frislid Solheim, ein særs dugande og dyktig mann som i andre høve har spela med dei fleste i kompet og nokre av blåsarane. Med vokalist Leif Helge Sande i sentrum skulle det altså vere duka for opplevingar som vil få fart på dansefoten.
 
 
 
 
Karl Seglem Kvartett
Karl Seglem (tenorsaksofon) er ein av Noregs fremste musikarar. Han har arbeidd over eit vidt musikalsk spekter som spenner frå tradisjonell jazz via salsa, norske salmar og viser og elektronisk musikk til fri improvisasjon og hardingfelemusikk. Han bruker ofte norsk folkemusikk som utgangspunkt for eigne komposisjonar.  

Til Jazz på Jølst kjem Karl Seglem saman med Dag Filip Roaldsnes – piano Sigurd Hole – bass Jonas Howden Sjøvaag – trommer
 
Mykje av det dei kjem til å spele, er stoff frå albumet NORSKjazz.no. Dette er melodiøs, uttrykksfull og vakker musikk som gjev ro i sjela og høver godt i eit kyrkjerom.  
 
 
 
 
 
 
 
Program:
(Billettsal i døra)
 
Fredag 15. okt.
kl. 21.00 Konsert med Gisle Børge Styve Trio på Skei hotel.
Billett: kr 250/200 (medl. av Jølster Jazzklubb)
 
Kl. 23.00 Tore Hovde Trio på Fjøsen
Billett: kr 150/100
 
 
Laurdag 16. okt.
Kl. 14.00 Jazzkafé på Audhild Vikens Vevstove med Marit Hartvedt Kvintett - gratis
 
kl. 19.00 Janne Nybø Kvintett på Skei hotel
Billett: kr 150/100
 
kl. 21.00 Hot Club d'Aalesund på Fjøsen
Billett: kr 150/100
 
kl. 23.00 Florø Storband på Skei hotel
Billett: kr 200/150
 
 
Søndag 17. okt.
Kl. 16.00 Karl Seglem Kvartett på Vassenden kyrkjesenter
Billett: kr 150/100
 
 
JAZZPASS
kr 600/400 (gjeld alle konsertane utanom Gisle Børge Styve Trio (tilsaman fem (seks) arrangement)). Ta kontakt på førehand eller kjøp i døra på fyrste konserten.
 
 
 
SPONSORER 2010:
 
Norsk Kulturråd
Norsk Jazzforum
Skei Hotel
Sunnfjord Energi
Skei Servicenter
Åsen & Øvrelid AS
Audhild Vikens Vevstove
Årdalsbakke Elektro AS
Coop Skei
Jølster Bil AS
Maskinentreprenør Jostein Sunde As
Nordfjord Skifer A/S
Førde Stål as
Sparebanken Sogn og Fjordane
 
 
Website Builder drives av  Vistaprint