Jazz på Jølst 2011
14. - 16. oktober
Det blei tre fantastiske dagar med jazz på Jølst! Meiner i det minste vi i Jølster Jazzklubb:) Seks eventyrlege konsertar, ei himmelsk gudsteneste og ein strålande musikkverkstad gav musikkglade jølstringar og tilreisande mange flotte opplevingar. Strålande tilbakemeldingar frå både publikum og artistar gjer at Jølster Jazzklubb vågar å slå fast at Jazz på Jølst er kommen for å bli!
Styret
Informasjon før helga:
Program og billettinformasjon
her.
Artistar:
Mange vil hugse Hilde Louise Asbjørnsen som vinnaren av Maestro på NRK i fjor og av Komiprisen 2011, men mykje meir kan seiast om ho: "Hilde Louise Asbjørnsen er et unikt talent. Hun er en gudbenådet underholdnings- og kabaretartist, men også en framifrå jazzsangerinne og låtskriver." Svein Andersen i Aftenposten.
Hilde Louise Asbjørnsen, vokal, Anders Aarum piano/Rhodes, Sven Erik M. Ånestad, gitar, Jens Fossum, kontrabass

PELBO er eit Spellemannsnominert band som spelar ei blanding av jazz og rock, har turnert i fleire land og vunne fleire prisar og nominasjonar. Pelbo slepp sitt andre album på Fjøsen fredagskvelden!
Ine Kristine Hoem, vokal, elektronikk, Kristoffer Lo, tuba, elektronikk, vokal, Trond Bersu, trommer
Lytt til musikken deira
her.

Til gratiskonserten på Audhild Vikens Vevstove har vi fått bandet VERK. Bandet kjem frå Jølster og består av Tor Ivar Flatjord (gitar), Svein Olav Sandnes (bass), Oddvin Årdal (tangentar), Stig Hegrenes (slagverk) og Hilde Hegrenes (vokal).
Dette er eit band med musikken som hobby. Vanlegvis spelar dei cover-låtar, alt frå U2 til Olav Stedje, men til denne konserten lovar dei å ”jazze” litt òg :)
Ytre Suløens Jass-ensemble tel sju vaksne karar som spelar sju ulike instrument: piano (Morten Gunnar Larsen), trompet (Sturla Hauge Nilsen), klarinett (Jens Arne Molvær), trombone (Gunnar Bech), tuba (Roar Sæther ), banjo (Einar Aarø), trommer (Ottar Anderson).
Ytre Suløen var det første norske jazzband som noen gang var invitert til en amerikansk jazzfestival (New Orleans Jazz and Heritage Festival i 1976). Sidan har dei turnert i både Europa, USA og Afrika. Men aller mest innafor Norges grenser.
I mange år har dei samarbeidd med Tricia Boutté på vokal. Ho har tidlegare spelt med fleire av verdas leiande jazzmusikere som Fats Domino og Harry Connick. "She is poised to introduce her voice to every ear – and they will listen."

LENA SKJERDAL TRIO. Seinare på laurdagskvelden vil Jazz på Jølst-publikumet kunne nyte Lena Skjerdal si mørke og mystiske stemme. "Stemma dreg deg ned i godstolen og pakkar deg inn med haustmørket." Maria Gilje Torheim i Sogn Avis.
Lena er frå Leikanger og har med seg Erik Håkon Halvorsen på piano og Magne Thormodsæter på bass.
Lenke til Lena Skjerdal Trio på myspace.

Søndag ettermiddag er det duka for konsert med
Hayden Powell Trio. Ha
yden Powell er opprinneleg engelsk, men er oppvaksen i Molde og bur no i Oslo. Han tok til å spele trompet då han var 8 år gamal og opptrådde ofte saman med foreldra sine, som begge er musikarar. 12 år gamal tok han til å spele tradisjonell jazz. Han har spelt på konsertar i Norge, Skandinavia og Storbritannia. Han har mellom anna gjeve ut 4 album med gruppa "Dixi".
Hayden har studert musikk ved Trondheim Musikkonsservatorium (NTNU) og tok bachelor i jazz. Her blei han påvirka av nye stilartar og dette pregar musikken han framfører. Hayden er også komponist og skriv musikk for sitt eige band så vel som for storband og korps.
Hayden Powell Trio består av Hayden Powell, trompet, Eyolf Dale, piano, Jo Skaansar, bass.
Begge kveldane blir det dans i baren på Skei Hotel med hotellmusikarane, Ivan og Valentina.
Treng du overnatting? Ring Skei Hotel, tlf. 57 72 78 00, eller send ein e-post til
booking@skeihotel.no.