Jølster jazzklubb - - ein musikalsk møteplass for dei med øyre


JAZZ PÅ JØLST 2013: TAKK!

Etter denne strålande helga i jazzens teikn vil vi i jazzklubbstyret rope eit fleirfaldig hurra for alle som på noko vis har vore involvert i årets Jazz på Jølst: artistar, publikum, Skei Hotel, Øyre Lyd, SFJ 250 år, sjåførane og riggegjengen, musikkverkstaddeltakarane, kyrkja med Vidar Prest i spissen, fotograf Hallstein, og la oss ta med vêrgudane i same slengen. Tusen tusen takk for knallflotte konsertar og fantastisk lyd og lys; for stemninga både på konsertane og elles; for samarbeid og god hjelp; for varme klemmar og mange gode tilbakemeldingar. 

”Verdens koseligste festival!!! Takk for et herlig døgn hos dere.” Denne meldinga fekk vi frå ein av musikarane:) "Jazz på Jølst må ha landets varmeste publikum! Det var en drøm å spille konsert for dere i går!" Hilsen Solfrid Molland Trio. Vi blir veldig glade av å høyre slike ting – det betyr mykje at også artistane er nøgde. 

Neste år kan Jazz på Jølst feire 5 års-jubileum. Kom gjerne med innspel om artistar de ønsker å høyre. Men vi høyrast før det – som vanleg blir det nokre konsertar i løpet av vårhalvåret. Følg med!





----------------


Jazz på Jølst, 11.-13. oktober 2013 

For fjerde gong inviterer Jølster jazzklubb til festivalhelg. I år blir vi ein del av Sogn og Fjordane sitt 250 års-jubileum, og det vil spesielt vise att i artistvalet for opningskonserten. Utforminga av den har vi heilt og halde lagt i hendene på den eineståande musikaren og komponisten Karl Seglem.

Sjølv seier Seglem at han gler seg spesielt til denne konserten, at det å få høve til å jobba med eit utvida ensemble på ein unik jazzfestival i heimefylket i samband med fylkesjubileet er svært inspirerande: "Det er ei inspirerande spelferd. Musikken tek meg til mange nye stader. Det er eit privilegium. Eg gler meg!"Det gjer vi òg! Opningskonserten blir heilt spesiell, men vi har òg store forventningar til dei andre artistane. Som de ser er det mange kjente namn på plakaten i år, og vi håpar folk let seg lokke til Jølster og Jazz på Jølst denne helga i oktober.















Artistar/program:

* Opningskonsert av og med Karl Seglem, hans akustiske kvartett og eit toppa lag av musikarar med røter i Sogn og Fjordane
* Frøydis Grorud Kvartett
* Trio de Janeiro
* Thea Hjelmeland
* Solfrid Molland Trio, Katedral for Tapte Drømmer
* Barnejazz: Ragnar Hovland, Stein og Mari med sitt Dagdraumekollektiv
* Gratiskonsert med unge talent frå Firda vgs.

Lenke til heile programmet med billettprisar.

Forutan konsertane blir gudstenesta søndag i Ålhus kyrkje også fylt med jazz, og når deg gjeld det meir verdslege, så vil Skei Hotel varte opp med gode tilbod på overnatting og med ein spesiell meny for helga. 

På grunn av vårt gode samarbeid med Skei Hotel blir dei fleste konsertane haldne der. Rom kan tingast på tlf. 57 72 78 00 eller på e-post booking@skeihotel.no. Sjå også: http://www.skeihotel.no.


Velkommen til Jazz på Jølst 2013!



Musikkverkstad, sjå her.

Program

Fredag 11. oktober

Kl. 20.00 på Skei Hotel: Opningskonserten ”Speleferd og skaparkraft – midt i fylket” med                  Karl Seglem akustiske og hans fylkesensemble. Bill. 300/250/90
Kl. 22.00 på Skei Hotel: Frøydis Grorud Kvartett. Bill. 250/200/75/JAZZPASS*

Laurdag 12. oktober

Kl. 12.30 Barnejazz på Skei Hotel: ”Dagdraumekollektivet”. Bill. 50 / familie 150 /                            JAZZPASS*
Kl. 14.00 Jazzkafé på Audhild Vikens Vevstove med Firdabandet. GRATIS
Kl. 20.00 på Skei Hotel: Trio de Janeiro og (håpar vi) eit knippe unge                                            musikkverkstaddeltakarar. Bill. 250/200/75/JAZZPASS*
Kl. 22.00 på Fjøsen: Thea Hjelmeland. Bill. 200/150/60/JAZZPASS*

Søndag 13. oktober

Kl. 11.00 Gudsteneste krydra med jazzmusikk i Ålhus kyrkje
Kl. 16.00 på Vassenden kyrkjesenter: Solfrid Molland Trio – ”Katedral for Tapte Drømmer”.                Bill. 200/150/60/JAZZPASS*


Billettprisane skal lesast slik: Vanleg pris / medlems- og studentpris / under 20 år.
Førehandssal av billettar til arrangement på Skei Hotel, tlf. 57 72 78 00. Elles i døra.

*) Jazzpass
Pris: kr 650/500/195. Blir selt i døra. Gjeld alle konsertane unnateke opningskonserten.

”Jazzplask” 
På Skei Hotel blir det gratis bading for alle som bestiller lunsj eller middag denne helga.
 
For bestilling av lunsj/middag eller hyggeleg jazztilbod på overnatting, kontakt Skei Hotel på tlf. 57 72 78 00, eller gå inn på www.skeihotel.no.



Artistane, konsert for konsert



Fredag 11. okt. kl. 20.00, Skei Hotel

Opningskonserten "Speleferd og skaparkraft – midt i fylket" med Karl Seglem akustiske kvartett og hans fylkesensemble

 







Det er med stor glede vi inviterer til årets opningskonsert som er spesialdesigna for å feire at Sogn og Fjordane fylkeskommune er 250 år! 

Konserten inneheld komposisjonar frå Karl Seglems nye album Nye Songar og tingingsverket til Vossa Jazz 2012 – Som spor. Det vil også bli urframført nokre heilt nye songar. Musikken er tilrettelagd og skreddarsydd spesielt for dette fantastiske ensemblet med musikarar, skaffa til vegar av Karl Seglem, som seier: «Det er ei inspirerande speleferd. Musikken tek meg til mange nye stader. Det er eit privilegium. Eg gler meg!»

Karl Seglem – tenorsaksofon, bukkehorn, komponist/arrangør
Andreas Ulvo – tangentar
Sigurd Hole – bass
Jonas Sjøvaag – trommer, perkusjon
Sigrid Moldestad – hardingfele, vokal
Thea Hjelmeland – vokal 
Håkon Høgemo – hardingfele
Kåre Opheim – trommer, perkusjon




Fredag 11. okt. kl. 22.00, Skei Hotel

Frøydis Grorud Kvartett


Det er gledeleg at Frøydis Grorud, den blide dama med saksofonane og ymse andre instrument i Beat for Beat-bandet, kjem tilbake til Jølster, denne gongen med kvartetten sin. 

Musikken som Frøydis Grorud kvartett presenterer er i grenselandet mellom moderne lyrisk jazz, klassisk og folkemusikk, og stemningane spenner frå det heilt vare og glasklare til det heftige, pulserande og improviserande. Dette er verkeleg konserten for deg som likar vakker og stemningsfull musikk.

Frøydis Grorud – saksofon/fløyte
Torjus Vierli – tangentar
Audun Ellingsen – bass
Hermund Nygård – trommer





Laurdag 12. okt. kl. 12.30, Skei Hotel

Barnejazz: "Dagdraumekollektivet" med Mari, Stein og Ragnar

Velkommen inn i Mari, Stein og Ragnar sitt «Dagdraumekollektiv», der fine og underfundige forteljingar og dikt om både aure, kval og dinosaurar får boltre seg i lag med leiken og improvisert musikk på eit stort utval kjende og ukjende instrument.
 
 

Ragnar Hovland – vokal, tekst
Stein Urheim – diverse strengeinstrument, elektronikk, vokal
Mari Kvien Brunvoll – vokal, elektronikk, diverse perkusjonsinstrument




Laurdag 12. okt. kl. 14.00, Audhild Vikens Vevstove


Gratiskonsert med Firdabandet 2013


Jølster jazzklubb likar godt å gje unge lovande musikarar ei scene å stå på. I år er det fem gutar frå musikklinja på Firda vidaregåande skule på Sandane som kjem til gratiskonserten under Jazz på Jølst. Dei speler for det meste jazz og fusion, men har òg jobba med mange andre sjangrar: pop, blues, rock, kammermusikk, metal osv. 

Truleg kan vi vente oss ein konsert med mykje energi og speleglede!


Eirik Ask – piano
Roger Andreas Holme – saksofon
Henrik Førde – gitar
Anders Maristuen – bass
Ruben André Kandal Ramslien – trommer




Laurdag 12. okt. kl. 20.00, Skei Hotel

Trio de Janeiro (utvida til kvintett)













Trio de Janeiro fekk spelemannspris for debutalbumet «Brazilikum» i 1993 og blei då for alvor kjende på landsbasis. Trio de Janeiro er likevel først og fremst eit glimrande liveband, som med sin særeigne, slentrande eleganse prøver å formidle det gruppa sjølv har kalla «en typisk brasiliansk aroma av rufsete sjarm og lekende omtrentlig nøyaktighet». 

Når Trio de Janeiro inntek scena kan publikum gle seg til ein humørfylt konsert med eggjande latinamerikanske rytmar framført av nokre av Noregs fremste musikarar på sine instrument, og dei klarer å formidle latinamerikansk varme på sjølv dei kaldaste norske haustdagar. I kveld er planen at dei får selskap av nokre unge musikarar frå musikkverkstaden på eit par av låtane.
Anne-Marie Giørtz – vokal/egg
Tom S. Lund – gitar
Sveinung Hovensjø – bass/cavaquinho
Tor Yttredal – saksofonar
Stein Inge Brækhus – trommer




Laurdag 12. okt. kl. 22.00, Fjøsen Pub

Førdejenta Thea Hjelmeland vann i si tid Eggstockfestivalen i Bergen. Etter det har karrieren hennar skote fart, og ho er på god veg opp blant dei store i sin sjanger. Ho har varma opp for Sondre Lerche, ho har samarbeidd med Bernhoft, og ho har spelt på alt frå rølpete pubar til sofistikerte festivalar i store delar av Europa. 

Thea har god liveerfaring og har spelt i alt frå pop- og electronicaband til folkemusikkprosjekt med musikarar som Robert Post og Synnøve Bjørset. Med nye låtar og vokalsprell i kofferten kan ho få sjølv den barskaste mann til å felle tårer. Med seg på scena har ho tallause instrument frå alle verdas avkrokar. Til Jazz på Jølst har Thea med seg Peter Baden på perkusjon som på ein glitrande måte fyller ut musikken.
 
Thea Hjelmeland – vokal og diverse strengeinstrument
Peter Baden – perkusjon




Søndag 14. okt. kl. 16.00, Vassenden kyrkjesenter










«Katedral for Tapte Drømmer» er ei vakker musikalsk reise til landsbyar og katedralar i Europa. Solfrid Molland er songar, pianist og komponist . Ho er sterkt påverka av både russisk folkemusikk, sigøynarmusikk og vestleg kunstmusikk – eit musikalsk univers som ho bruker i sine konsertar og komposisjonar. 

I 2011 gav Solfrid Molland ut albumet «Katedral for Tapte Drømmer» på Kirkelig Kulturverksted. Gjennom dette prosjektet set Molland eit musikalsk og poetisk søkjelys på vår europeiske kulturarv og på Europas største minoritet, romfolket. Hayden Powell på trompet og Lars Tormod Jenset på bass løfter musikken til nye høgder.
 
Solfrid Molland – vokal, piano og trekkspel
Hayden Powell – trompet
Lars Tormod Jenset – bass

Musikkverkstad med Trio de Janeiro






































Her er årets t-skjorte:                       


















                      Velkommen til Jazz på Jølst 2013!
 
 









Website Builder drives av  Vistaprint