Jølster jazzklubb - - ein musikalsk møteplass for dei med øyre



Jazz på Jølst 2014, 10.-12. oktober
Den beste festivalen til no? 

Så var vi plutseleg i mål med femårs-utgåva av Jazz på Jølst! Og for ei helg det har vore! Det eine musikalske høgdepunktet har avløyst det andre, og vi har fått høyre eit breitt spekter av jazzens mangslungne verd. Eit større publikum enn tidlegare har møtt trufast opp på konsertane, det er eit gledeleg teikn på at vi kan ha gjort noko rett.

Jølster jazzklubb vil gjerne takke alle som på noko vis har gjort desse dagane til ein vellukka festival. Vi nemner i fleng: sympatiske artistar, eit entusiastisk publikum, flinke ungdommar, Skei Hotel, Øyre Lyd, Vikens Vevstove, Borgja, kyrkja i Jølster, sjåførane, riggefolk og ikkje å forgløyme barnekoret frå Førde med Gro Anthun i spissen og festivalfotograf Hallstein Dvergsdal. Bilete frå alle konsertane kjem. Som ein start spanderer vi eitt av Karin Krog og Morten Gunnar Larsen. Konserten hadde tittelen «From ragtime to our time» – ein historietime i klassisk jazz. Ei glitrande og virtuos framsyning!

Heilt til slutt vil eg (leiar Marit Hartvedt) takke dei andre i styret for fantastisk godt samarbeid og strålande innsats både før og under festivalen: Halvar Helgheim, Arne Per Huus, Hilde Hegrenes, Atle Reidar Sandnes, Silja Juklestad og Arild Bruflot. 

Og før du anar det kjem vi attende med nye konsertar! Følg med!



Førehandsomtale:

Jazz på Jølst, 10.-12. oktober 2014















Program

Fredag 10. oktober

Kl. 20.00 på Skei Hotel: Opningskonsert med Come Shine. Bill. 320/270/50
Kl. 22.00 Klubbkonsert på Skei Hotel med Majken Christiansen Kvintett. Bill. 220/170/50/JAZZPASS*

Laurdag 11. oktober

Kl. 12.00 Barnejazz på Skei Hotel. Good Time Charlie med Draumeblues og blåsus. (Den musikalske stamvegen / Vestnorsk jazzsenter) Bill. 50/JAZZPASS*
Kl. 13.30 Gratis jazzkafé på Audhild Vikens Vevstove med Bremangerkvartetten (unge musikarar frå Firda vgs., Sandane)
Kl. 20.00 på Skei Hotel: Karin Krog / Morten Gunnar Larsen. Bill. 300/250/50/JAZZPASS*
Kl. 22.00 på Skei Hotel: Sexteto Cubatropical med musikkverkstaddeltakarar og salsaundervisning. Bill. 220/170/50/JAZZPASS*

Søndag 12. oktober

Kl. 11.00 Gudsteneste på Vassenden kyrkjesenter
Per Janke Jørgensen, i samarbeid med kantor Rune Molvik, syter for at det blir jazzstemning i kyrkja også

Kl. 16.00 i Borgja: Mathias Eick Quintet. Bill. 250/200/50/JAZZPASS*

Billettprisane skal lesast slik: Vanleg pris / medlems- og studentpris / under 20 år.

*) JAZZPASS. Pris: 700/560/200. Gjeld alle konsertane unnateke opningskonserten.

Førehandssal av billettar/jazzpass hos TicketCo. Elles i døra. 

Med atterhald om mindre justeringar.


Velkommen!




Fredag 10. okt. kl. 20.00 på Skei Hotel

COME SHINE HELD OPNINGSKONSERTEN

og det er vi svært nøgde med. Bandet er eit av dei heitaste namna i norsk jazz for tida. Etter å ha hatt pause nokre år slapp bandet albumet “Red and gold” i vår, og kritikarane har overgått kvarandre med ovasjonar til albumet. Bandet spelar standardlåtar i ei moderne innpakning, noko som gjer at låtane høyrest unike og friske ut. 

«Truleg samlar ein gjeng avlidne låtskrivarar og tekstforfattarar seg og applauderer høglydt kvar gong Come Shine går på scena» (Avisa Hordaland)

Bandet består av:
Erlend Skomsvoll, piano og arrangement
Live Maria Roggen, vokal
Sondre Meisfjord, bass
Håkon Mjåset Johansen, trommer



Fredag 10. okt. kl. 22.00 på Skei Hotel

Inspirert av Ella Fitzgerald: MAJKEN CHRISTIANSEN


Vi rekk såvidt å fordøye Come Shine før Majken Christiansen kvintett entrar scena på Skei Hotel. Majken er frå København, men bur i Oslo. Ho syng revitalisert jazz i tradisjonen etter dei store jazzdivaene, og Ella Fitzgerald er svært tydeleg hennar største inspirasjonskjelde. 

Men Majken gjer sine ting med eit ope og oppdatert uttrykk. Det er få artistar som så tydeleg lever ut musikken og tekstane uansett kva ho syng. Majken tolkar og formidlar dei klassiske tekstane og melodiane frå The American Songbook med varme, ærlegdom og overtyding. Her blir det typisk klubbstemning med høg raudvinsfaktor.

Med seg på scena har Majken sitt faste norske band:
Frode Kjekstad, gitar
Tore Sandnæs, piano
Stig Hvalryg, kontrabass
Torstein Ellingsen, trommer



Laurdag 11. okt. kl. 12.00 (eller 12.30)

BARNEJAZZ med Rhythm and Blues-bandet GOOD TIME CHARLIE


DRAUMEBLUES OG BLÅSUS er ein musikalsk og oppstemt bluesrundtur, og konserten passar både for vaksne og barn. Bandet tek publikum med på ei inkluderande musikkreise der musikarar og publikum skal finne ut kva som er ”blåsus” i musikken. Kva er det som skjer med oss når vi høyrer musikk og får lyst til å le, danse, hoppe og synge med? Det er denne store gode krafta i musikken vi har kalla ”blåsus”.

Mange av låtane er i tradisjonen ”call and response”, som er eit grunnleggande musikalsk konsept ein finn i mange kulturar. Omgrepet er kjent bl.a. frå amerikansk bluesmusikk, gospel og arbeidssongar, med røter i Afrika. Tradisjonen er òg mykje brukt i populærmusikk, barnerim og barnesongar. 

Tekstane er laga av Arle Hjelmeland på sunnfjorddialekt. Songane er lette å synge med på, med eit positivt innhald og mykje humor.

Konserten er ein del av Den musikalske stamvegen i regi av Vestnorsk jazzsenter.

Musikarar:
Arle Hjelmeland – song og munnspel
Steinar Karlsen – gitar og song
Einar Olsson – trommer og song
Morten Skage – bass og song



Laurdag 11. okt. kl. 13.30 eller 14.00

BREMANGERKVARTETTEN: 
UNGE MUSIKARAR MED FUNK, FUSION OG JAZZ
 

Bremangerkvartetten består av fire ungdomar frå Bremanger kommune som alle går tredje året på musikklinja på Firda vidaregåande skule på Sandane. Bandet vart til då Henrik skreiv si første låt, Vestlandsvind, som dei har lova at vi skal få høyre på konserten. Ungdommane er svært nøgde med den instrumentale besetninga i bandet, og dei har spelt mykje i lag og på ulike tilstellingar. Kvar og ein av dei har spelt mange ulike sjangrar, alt frå metal og rolege balladar til swingjazz. 

Bremangerkvartetten er eit band som spelar groovy låtar innanfor sjangrane funk, fusion og jazz. På konserten på Skei vil dei spele noko eigenkomponert, men også fleire coverlåtar.

Benjamin Sagebø - slagverk
Tore Sande - gitar
Vilde Kjelkenes - bass
Henrik Førde - gitar og piano


Laurdag 11. okt. kl. 20.00 på Skei Hotel

KARIN KROG 
og MORTEN GUNNAR LARSEN: "From ragtime to our time"

Vi held fram med å presentere artistar til årets Jazz på Jølst og kan no røpe at to av våre mest kjende og respekterte jazzmusikarar vil stå på scena på Skei Hotel laurdag 11. oktober . 

Karin Krog og Morten Gunnar Larsen har slått seg saman i ein duo der musikalsk historieforteljing og respektfull tolking av jazzens repertoar står i sentrum. Dei har begge sine sjølvstendige karrierer med uttallige bidrag til norsk jazzhistorie, og ganske ulik bakgrunn, men møter kvarandre i felles evne til å tolke gamal musikk samtidig som dei tilfører eige uttrykk på unikt vis. 

Repertoaret består av originale ragtime-komposisjonar og beslekta nyskrive materiale, samt karibisk musikk og enkelte komposisjonar frå Fats Waller sitt repertoar. Frå scena fortel dei to artistane historier frå jazzens barndom og fram til i dag, og gjev publikum ein historietime med klassisk jazz.

Karin Krog, vokal, og Morten Gunnar Larsen, piano



Laurdag 11. okt. kl. 22.00 på Skei Hotel

SEXTETO CUBATROPICAL, jazzlatinband frå Cuba og Bergen


Dette bandet brukar ofte å spele for fulle danseklubbar rundt om i landet, men til denne konserten er det også duka for meir av bandet sitt jazzrepertoar. 

Hades Hernandes er opprinneleg frå Trinidad på Cuba og jobba som musikar på Cuba før han flytta til Bergen. I møtet mellom Cuba og Norge oppstår det gloheite og hardtsvingande rytmer i samspelet mellom svært flinke musikarar, og kanskje blir det litt spontandansing under konserten også!

Hades Hernandes - vokal/perkusjon
Hans Christian Dalgaard - trommer/gitar/vokal
Eirik Minde - piano
Sigmund Vik - bass/vokal
Are Ovesen - trompet
Håvard Sannes - trombone


Søndag 12. okt. kl. 16.00 i Borgja, Ålhus

MATHIAS EICK QUINTET

Mathias Eick har vore ein av Norges mest lovande unge talent i over eit tiår og er no i ferd med å bli ein av Nordens beste musikarar uavhengig av aldersgruppe og sjanger. Sjølv om han framleis berre er 35 år, har han ei imponerande rekke prestasjonar bak seg. Han blei tildelt ”International Jazz Talent” i 2007 av International Jazz Festivals Organisation i New York. Deretter vann han Norges største musikkstipend, Statoil-stipendet, i 2009, og han har gjeve ut to soloalbum på verdas mest innflytelsesrike plateselskap for jazz, ECM.

Mathias Eick har også medverka på ei mengde andre utgjevingar i dei fleste sjangrar, han spelar trompet, kontrabass, vibrafon, piano, gitar, eller som han sjølv seier det, ”det som er nødvendig”. Av musikarar han har samarbeidd med nemner vi Trondheim Jazzorkester og Chick Corea, Pat Matheny, Iro Haarla, Manu Katche og Jacob Young. Musikken er komponert av Mathias , og er ei vidareføring av den distinkte skandinaviske jazztradisjonen, men med islett av den amerikanske melankolske og lyriske trompetmesteren Kenny Wheeler.

Mathias Eick, trompet
Andreas Ulvo, piano
Audun Erlien, bass
Gard Nilssen, trommer
Torstein Lofthus, trommer





MUSIKKVERKSTAD 
med vekt på cubanske og latinske rytmar


Sponsorar til Jazz på Jølst 2014:



Website Builder drives av  Vistaprint