Jølster jazzklubb - - ein musikalsk møteplass for dei med øyre



Jazz på Jølst, 9.-11. oktober 2015

Program:

Fredag 9. oktober

20.00 Opningskonsert med Marilyn Mazur Group
         Thon Hotel Jølster
         Bill. 300/250/50
22.00 Kirsti, Ola & Erik 
         Fjøsen Pub
         Bill. 250/200/50/JAZZPASS*

Laurdag 10. oktober

10.30 Rundtur i Nicolai Astrup sitt landskap
         Med bil/buss, ca. 2 ½ time **
11.30 Barnejazz med Lyriaka
         Thon Hotel Jølster
         Bill. 50/JAZZPASS*
14.00 Kafékonsert med Firda Jazz Kvartett
         Audhild Vikens vevstove
         GRATIS
20.00 The Sinatra Songbook
         Thon Hotel Jølster
         Bill. 300/250/50/JAZZPASS*
22.00 Randi Tytingvåg Trio
         Thon Hotel Jølster
         Bill. 220/170/50/JAZZPASS*
 
Søndag 11. oktober

11.00 Gudsteneste
         Vassenden kyrkjesenter
16.00 Håkon Kornstad solo
         Vassenden kyrkjesenter
         Bill. 200/150/50/JAZZPASS*
 
Når konsertane er slutt, kan ein både fredag og laurdag kveld svinge seg til variert musikk av hotellmusikarane Lena & Milko duo.
 
BILLETTAR
Billettprisane skal lesast slik: vanleg pris / medlems- og studentpris / under 25 år.
* JAZZPASS
Gjeld alle konsertane unnateke opningskonserten. Pris: 670/500/200.
Førehandssal av billettar/jazzpass hos TicketCo, www.ticketco.no. Elles i døra.
 
** ASTRUP-RUNDTUR
Påmelding til 916 74 487 seinast kl. 10.15 laurdag 10. okt. Kr 100 per person. Du betalar ved turstart.

MAT/OVERNATTING   
Thon Hotel Jølster, Skei, har gode tilbod på overnatting, mange aktivitetstilbod og ein spesiell buffé denne helga. For rombestilling:  www.thonhotels.no/jolster



Om artistane:

MARILYN MAZUR GROUP: 










 


Amerikansk-danske Marilyn Mazur er ei av dei mest særeigne stemmene i den nordiske jazzen. På scena skaper ho eit originalt musikalsk univers når ho beint ut sagt dansar rundt i den store perkusjonsriggen sin.

Marilyn Mazur er kjend for å ha samarbeidd med stjerner som Miles Davis og Jan Garbarek, men dei siste åra har ho fokusert på eigne, sterke prosjekt. Marilyn Mazur Group består av hennar nærmaste musikalske vener som ho har jobba med i mange år. Saman skaper dei varm og kommunikativ musikk, som er intens og melodisk, full av spontan energi og poetiske bilete.

Fredrik Lundin – saksofon og fløyte
Krister Jonsson – gitar
Klavs Hovman – bass
Marilyn Mazur – trommer, perkusjon og vokal

Fredag 9. okt. kl. 20.00, Thon Hotel Jølster, Skei


BARNEJAZZ - LYRIAKA:















Dei tre musikarane i årets barnejazzband, Lyriaka, reiser masse rundt på skular og i barnehagar. Der finn dei dikt og rare tankar som dei set musikk til, og så vert det fine songar.
Det blir garantert god stemning og fengjande rytmar når «Onkel Gravesen», «Doktor Fosnes» og  «Unge Jonskij» inntek scena laurdag føremiddag. Gitar har dei med, og keyboard, saksofon og fløyte, og i tillegg syng dei det penaste og morosamaste dei kan. Passar for alle!

Unge Jonskij (Jon Arne Bjørnstad) – vokal, gitar og morofugl
Doktor Fosnes (Øyvind Fossheim) – tangentar
Onkel Gravesen (Øyvind Gravdal) – blåseinstrument og låtskrivar

Laurdag 10. okt. kl. 11.30, Thon Hotel Jølster, Skei


THE SINATRA SONGBOOK:















Laurdag kveld vert det jazz av godt gammalt merke når The Sinatra Songbook entrar scena i Jølstersalen.

Vokalist Ingar Kristiansen har på kort tid utvikla seg til å bli ein av Noregs ypparste croonerar. Han og det allsidige bande tek utgangspunkt i dei største mannlege jazzvokalistane på 1950- og 60-talet og fornyar dette klassiske materialet til dagens meir moderne jazzuttrykk. M.a. tolkar dei Gershwin, Porter og Rogers & Hart. Bandet har gitt ut to plater.
Dette er rett og slett musikk for alle!
 

Ingar Kristiansen – vokal
Håvard Fossum – tenorsaksofon
Eckhard Baur – trompet
Per Husby – piano
Stig Hvalryg – bass
Marcus Lewin – trommer (vikar)

Laurdag 11. okt. kl. 20.00, Thon Hotel Jølster, Skei
KIRSTI, OLA & ERIK:













Tre kritikarroste musikarar – tidlegare kvar for seg, men no saman: Kirsti Huke, Ola Kvernberg og Erik Nylander besøkjer Jølster på sin platesleppturné!

Under årets Jazz på Jølst får vi høyre ein trio som i oktober slepper si første plate saman, nemleg Kirsti Huke, Ola Kvernberg og Erik Nylander. Desse tre kritikarroste musikarane løftar fram kjende og ikkje fullt så kjende låtar frå artistar som Nick Cave, ABBA, Beach Boys og Nina Simone. Dei er alle virtuosar på sine instrument, og stor respekt for låtane har gjort at trioen gjennom kreativ bruk av instrumenta og særeigne arrangement fokuserer på å formidle det dei oppfattar som sjølve essensen i musikken.
Kirsti Huke – vokal
Ola Kvernberg – fiolin
Erik Nylander – bass 

Fjøsen Pub, 9. oktober kl. 22.00.


FIRDA JAZZ KVARTETT:














Den tradisjonelle gratiskonserten på Vikens Vevstove laurdag vert også i år vareteken av elevar ved Firda vidaregåande skule. For eit halvt år sidan starta Emil Horstad, Bartek Galek, Peter Kollstrøm Heilevang og Mats Høstaker bandet Firda Jazz Kvartett. Dei spelar ei god blanding av det meste som er innan jazz, så som standardjazz, bebop, fusion, funk og moderne jazz.
Det blir aldri feil å lytte til ungdommeleg musikkglede!
 
Emil Horstad – piano/trekkspel
Bartek Galek – bass
Peter Kollstrøm Heilevang – gitar
Mats Høstaker – trommer

Laurdag 10. okt. kl. 15.00, Audhild Vikens Vevstove


RANDI TYTINGVÅG TRIO:











Randi Tytingvåg er ein norsk songar og låtskrivar med røter i jazz-sjangeren. Ho er kjend for si varme, klare og særeigne stemme. Ho har eit sterkt nærvær og ein ærleg måte å kommunisere med publikum på. Komposisjonane og tekstane har integritet og understrekar talentet ho har for historieforteljing.

Etter jazzstudiar i London debuterte Randi på MaiJazz (2001), og ho har sidan gitt ut fleire album som har fått til dels svært gode kritikkar.

Til Jølster kjem Randi med musikarane Dag S. Vagle og Erlend Egeberg Aasland. Dei som set pris på gode vokalprestasjonar, kan gle seg spesielt!
Randi Tytingvåg – vokal, prep. piano
Dag S. Vagle – gitar, vokal, koring
Erlend Egeberg Aasland – banjo, tenorgitar, cavaquinho, prep. piano, koring

Laurdag 10. okt. kl. 22.00, Thon Hotel Jølster, Skei


HÅKON KORNSTAD:













Jazz og opera i skjønn foreining! Den siste konserten under årets Jazz på Jølst vil truleg gi publikum ei oppleving utanom det vanlege. Håkon Kornstad er ein av Noregs beste jazzmusikarar. I tillegg er han utdanna operasongar, og greier på ein unik måte å kombinere desse to ulike sjangrane. Håkon Kornstad kjem solo, men sidan han spelar på så mange instrument og meistrar både vokal og plystring til fulle, er vi overtydde om at dette blir både variert og vakkert.

Håkon Kornstad har gjort solokonserten sin i m.a. i Oslo Konserthus og Wigmore Hall (med Joshua Redman), på turné i Russland og på tallause konsertstader i Tyskland, Austerrike, Nederland, USA og Australia.

Håkon Kornstad – saksofonar, fløyter, «flutonett», vokal, elektronikk

Søndag 11. okt. kl. 16.00, Vassenden kyrkjesenter




Musikkverkstad
Påmeldingsfrist: 1. oktober





















Website Builder drives av  Vistaprint