Jølster jazzklubb - - ein musikalsk møteplass for dei med øyre
Jazz på Jølst 2017

Jazz på Jølst vert arrangert for åttande gong torsdag 12. oktober til søndag 15.oktober. Set av datoane med det same. Årets artistar: Bendik Hofseth, Vargtime med Gunnar Staalelsen, Never on a Sunday og Ragnhild Furebotten, Monk i 100 med Knut Kristiansen, Significant time, Meg og kammeraten min og elevar frå Firda vidaregåande skule.

Følg oss på facebook!

Stad:

Thon hotel Jølster
Løa Jølstraholmen
Fjøsen
Audhild Vikens vevstove


Tid:

Torsdag 12.oktober: kl. 20.00

Søndag 15.oktober: kl. 13.00


PROGRAM JAZZ PÅ JØLST 2017:

BENDIK HOFSETH
Thon Hotel Jølster - fredag 13.oktober kl. 20.00

Debutalbumet "IX" som kom i 1991 blei starten på fleire år med turnear og CD utgjevingar med det orginale bandet som, i tillegg til mannen vi snakkar, om var sa...mansett av Paolo Vinaccia, Eivind Årseth, Knut Reiersrud, Audun Erlien, Øystein Sevåg og Reidar Skår. Vi er veldig glad for å kunne presentere neste artist under årets Jazz på Jølst. Det er Bendik Hofseth som skal spele på opningskonserten fredag 13. oktober kl.20:00
I seks år regjerte han på toppen av pop/jazz trona i Noreg. Parallelt med dette var han ein markant aktør på den internasjonale jazzscena etter å ha teke over jobben i Steps Ahead etter Michael Brecker. Til Jølster kjem Bendik Hofseth i eit litt mindre format - med ein kvartett med svært habile musikarar. Alt ligg til rette for ei storarta konsertoppleving på Thon Hotel Jølster.

Bendik Hofseth, saksofon og vokal
Helge Iberg, piano
Mats Eilertsen ,bass
Paolo Vinaccia, trommer

Foto: Børre Eirik Helgerud





NEVER ON A SUNDAY
MED RAGNHILD FUREBOTTEN
Fjøsen pub - fredag 13.oktober kl. 22.00

Etter opningskonserten fredag 13. oktober inviterer vi til nok eit musikalsk hødgepunkt - når felespelaren Ragnhild Furebotten inntek scena på Fjøsen. Saman med... seks av landets beste jazzblåsarar har Furebotten, kanskje mest kjend frå "Hekla Stålstrenga", gitt nytt liv til eigne melodiar og folkemusikalske skattar frå nord. Bandet tok publikum og pressa med storm då prosjektet "Never on a sunday" blei lansert i 2011. Spelemannspris blei det også! Etter ein pause på grunn av mammaperm blei gruppa endeleg samla igjen til Vossajazz i 2016 - og no er dei klar for Jazz på Jølst. Arrangementa til Helge Sunde frå Stryn og Geir Lysne omkrinsar det vakre og lidenskapelege spelet til Furebotten. Vi er veldig glad for å ha fått til eit samarbeid med Førdefestivalen/Folkjazzscena om denne konserten.

Ragnhild Furebotten - fele
Helge Sunde – trombonium og arrangement
Frode Nymo – saksofon
Torben Snekkestad – saksofon
Marius Haltli – trompet
Eckhard Baur – trompet Lars Andreas Haug - tuba




VARGTIME MED GUNNAR STAALELSEN
Tjuvstartkonsert på Løa Jølstraholmen, torsdag 12.oktober kl.20.00

Vargtime blei skapt i 2002 for å markere 60-årsdagen til Gunnar Staalesen sin oppdikta privatetterforskar Varg Veum. Bandet har gjeve ut 3 plater. Vargtime-bandet har sidan den gong opptrådt på ei lang rekke jazzfestivalar, jazzklubbar, litteraturfestivalar og andre arrangement.

"Jølster er ein av mine favorittstader", seier Gunnar Staalesen - og vi gler oss til å komme til Jazz på Jølst. På konserten kåserer Gunnar Staalesen om Varg Veum og les frå bøkene. Bandet, som består av svært solide musikarar - spelar tidsrette jazzperler. Vi gler oss også!

Gunnar Staalesen – Opplesing
Jan Kåre Hystad – Saksofon
Dag Arnesen – Piano
Ole Marius Sandberg – Bass
Frank Jakobsen – Trommer





MONK I 100 MED KNUT KRISTIANSEN
Thon Hotel Jølster - laurdag 14.oktober kl.20.00

Knut Kristiansen Tentett med John Riley.

I 2017 er det 100 år sidan Thelonious Monk blei fødd. Knut Kristiansen har arbeidd med Monk sin musikk sidan starten av 60-talet. Han brukte konfirmasjonspengane på Monk-plater, og transkriberte dei alle for hand. Platene er forlengst spelt i hel etter at stiften er flytta eit utal gonger for å plukke opp alle rytmiske finurlege vendingar og blå tonar. Knut Kristiansen (KK) er i dag blant dei fremste Monk-tolkarane i Europa og er utan tvil blant hans aller største fans. Ensemblet er av høg profesjonell kvalitet og samansett av frilansmusikarar samt musikarar frå Bergen Big Band, Sjøforsvarets Musikkorps og Bergen Filharmoniske Orkester. Det er musikarar som både er dyktige på improvisasjon og gode ensemblemusikarar. På trommer spelar New York-baserte John Riley, som til vanleg trakterer trommene i Village Vanguard sitt husband og som har spelt med fleire av dei aller største stjernene i jazzhistoria.

Tor Yttredal – altsaksofon
Zoltan Vincze – tenorsaksofon
Michael Barnes – barytonsaksofon
Are Ovesen – trompet
Sindre Dalhaug – trombone
Fred Johannessen – horn
Knut Riser – tuba
Knut Kristiansen – piano
Sigurd Ulveseth - bass
John Riley – slagverk





MEG OG KAMMERATEN MIN
Thon hotel Jølster - laurdag 14.oktober kl. 14.00

Vi tek den oppveksande generasjonen på alvor og presenterer: Meg og kammeraten min!
Bandet foreldre og barn konkurrerer om å like. ...

Det er berre å gle seg til barnekonserten under Jazz på Jølst i år. Publikum og presse er over seg av begeistring over bandet. «Meg og kammeraten min» er Martin Hagfors (Meg) og Erik Johannessen (Kammeraten). Martin er kjent som ein av dei mest respekterte låtskrivarane i landet. Erik er kjent som trombonist og multiinstrumentalist frå mellom andre Jaga Jazzist og Trondheim Jazzorkester. Dagens næringsliv skreiv nyleg at «Meg og kammeraten min lager landets mest fornøyelige barnemusikk» og «... men det er først på konsert at de virkelig briljerer med uovertruffen publikumskontakt, smittende spilleglede, fascinerende historiefortelling og bunnsolid musisering». NRK skriv om den siste plata, Gjenta-jenta , som kom ut på vårparten i 2016: «En imponerende plate tvers gjennom, snadder for både store og små. Jeg kan ikke huske noen gang å ha hørt en så bred musikalsk plate for barn.»

Så her det berre å ta med seg heile familien og bli med på ei kjempeflott oppleving!

Erik johannessen
Martin Hagfors





SIGNIFICANT TIME
Thon Hotel Jølster - laurdag 14.oktober kl. 22.00

Significant Time har rikeleg med konserterfaring frå inn og utland og framstår som eit fenomenalt liveband, samansett av nokre av dei flottaste unge improvisasjonsmusikarane frå Vest-Norge. ...
Bandet har fått strålande kritikkar etter konsertar m.a. på Maijazz i Stavanger. I samband med at bandet var med på turneopplegget «Den musikalske stamvegen» blei bandet forsterka med Andre Roligheten på saksofon og Hayden Powell som vi snart kan rekne som Jølstring, på trompet.

Øyvind Dale – piano
Signe Irene Time – vokal
Fredrik Luhr Dietrichson- Bass
André Roligheten – saksofon
Hayden Powell - trompet
Raymond Lavik – trommer



IMMATURE AVOCADOS
Audhild Vikens Vevstove - laurdag 14.oktober kl. 14.00

På Audhild Vikens Vevstove har Jazz på Jølst ein tradisjon med at eit band frå musikklinja på Firda vidaregåande held gratiskonsert på dagtid laurdag, og slik vert det også i år.

















Årets band består av Kristian Stoianov på gitar, Olve Nordheim på bass, Olaf Gloppen på trommer og Borgar Bjarkason på keys. Dei er alle 16-17 år og går på musikklinja på Firda vidaregåande. Heile bandet starta med at gitarist og trommis satt på loftet og tulla med instrumenta sine, og dei enda opp med at dei bestemte seg for å spele i band i lag.  Etter ei tid fekk dei med seg Olve på bass og har no spelt i lag i 4-5 år. Dei tre har spelt i band i lag i 4-5 år. Borgar starta i bandet då dei byrja i 1.klasse på Firda. Bandet spelar for det meste coverlåtar i sjangeren blues/jazz, og kan repertoaret kan likne musikk frå Mezzoforte og Robben Ford. Vi gler oss til konsert!














Website Builder drives av  Vistaprint
MapQuest Avtalevilkår Kart/veibeskrivelse er kun for informasjonsbehov. Brukeren tar fullt ansvar for anvendelsen av programet. MapQuest, Vistaprint, og deres leverandører tar ingen ansvar for innhold, veiforhold eller tidsforhold.