Jølster jazzklubb - - ein musikalsk møteplass for dei med øyre

Presseklipp og gamle nyhende

Februar 2015

Plateslepp med Erlend Apneseth Trio
13. februar i Løa på Jølstraholmen


Februar 2014

Vinterjazz med PIXEL 
7. februar på Jølstringen kafé, Jølstraholmen

Flott reportasje i Firda 10. februar


































Februar 2012

Nytt medlemsår

Årsmøtet 2012 er gjennomført (26.2.), og gledeleg var det at alle som var på val tok attval, noko som er godt for kontinuiteten i ein ung jazzklubb. Vi har brukt desse, snart, to åra på m.a. å finne gode arbeidsmåtar og praktisk arbeidsfordeling i styret.

Styret etter årsmøtet 

Frå venstre:
Mona Solvang (skrivar),
Halvar Helgheim (styremedlem og bookingansvarleg),
Arne Per Huus (kasserar),
Marit Hartvedt (leiar),
Herdis Høyer Haugland (vara), Hilde Hegrenes (nestleiar). Silja Juklestad var ikkje til stades på årsmøtet.


Ei av sakene på dagsorden var "Årsplan for 2012", der artistar til Jazz på Jølst blei diskutert opp og ned og ut og inn. Vi endte opp med ei flott ønskeliste, så får vi sjå kven vi/de får sjå og høyre når den tid kjem... 

Ei anna sak var "Medlemspengar". Her var det semje om å ha same sum som vi har hatt i to år, nemleg kr 300 for vanleg medlem og kr 150 for studentar.

Då høver det å seie litt om kvifor det kan vere bra å vere medlem i Jølster jazzklubb:

Medlemsfordelar 
Medlemmene får redusert pris på dei fleste konsertane Jølster jazzklubb arrangerer pluss at vi vidaresender gode tilbod frå andre. 

Jazznytt for kr 150 pr. år når abonnementet tingast via Jølster jazzklubb. Bestill innan 1. mars 2012! 

Bruk kontaktskjemaet om du ønskjer å bli medlem, bestille Jazznytt eller har spørsmål.



Januar 2012

Eit fantastisk konsertår er over!
 

Det endelege musikalske resultatet i 2011 blei 12 konsertar og ein musikkverkstad. To konsertar meir enn vi hadde planlagt, men det kom eit par tilbod vi rett og slett ikkje kunne seie nei til! 

Vi vil seie eit stort TAKK til alle som på noko vis har vore med på å gjere dette til eit strålande år! 

Her kan du lese om alle konsertane som har vore i 2011 og sjå nokre bilete. Fleire bilete vil bli lagt til i fotoalbumet etter kvart. 




Desember 2011

Kulturpris til jazzklubbens leiar
Vår kjære leiar Marit Hartvedt har blitt tildelt Jølster kommune sin kulturpris for 2011! Prisen på 10 000 kroner har ho fått for sitt engasjement innanfor speidarrørsla og kyrkja og for mange år som aktiv songar, dirigent, konsertarrangør og ikkje minst som initiativtakar til og leiar av Jølster Jazzklubb. Styret og medlemmar ønskjer å gratulere, og vi håpar dette inspirerer Marit til å halde fram med å engasjere seg i kulturlivet i Jølster!

Her får Marit overrakt diplom, gåvesjekk og gode ord frå ordføraren i Jølster, Oddmund Klakegg.
Foto: Aadne Gloppestad

Her er lenke til oppslag i Firda Tidend.







April 2011
 
Jølster Jazzklubb satsar friskt med nye konsertar
Firda Tidend 19. mars 2011
 
"Vi ønskjer å setje Jølster på det norske jazzkartet. Då er det ikkje nok å arrangere eit par konsertar i året, det må gjerast skikkeleg," seier Marit Hartvedt. No slår jazzklubben like godt til med to konsertar på fem dagar
 
Les meir her: Firda Tidend
 
 
Jazz på Jølst 2010
 
 
Sjarmerte - og vart imponert
Knallstart for Jazz på Jølst
Firda 18. oktober 2010
 
Gisle Børge Styve sjarmerte Jølster med humor og musikalitet, men TV-kjendisen vart også imponert av arrangørene av tidenes første Jazz på Jølst.
"Dei arrangerer for aller første gong, men ter seg som proffar. Det er flott," seier Styve.
 
 

 
Imponerte med glitrande samspel
Gisle Børge Styve Trio i storform
Firda Tidend 18. oktober 2010
 
"Det var kjekt å spele her for eit lydhøyrt publikum", slo Gisle Børge Styve fast etter konserten. At dette var tidenes første Jazz på Jølst hadde dei litt vanskeleg for å tru. "Det er eit kjempeflott arrangement. Det ser ut til at dei har halde på i fleire år alt. Dei må absolutt halde fram. Her er alt på stell," konkluderte trioen.
 
 
 
 
 
 

 
 
Blei inspirert til ny satsing
Firdaposten 18.10.2010
 
Etter ein fantastisk flott avslutningskonsert med Karl Seglem med sin eminente NORSKjazz-kvartett på Vassenden kyrkjesenter søndag, var det ein oppglødd leiar for Jølster Jazzklubb som runda av den store jazzhelga.
– Denne helga gir oss inspirasjon til å satse vidare, understreka ho.
 
Les meir her.
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 


 

Marit Hartvedt og resten av styret applauderte og var nøgde med helga. (Biletet er frå konserten med Karl Seglem Kvartett.)
 
Firdaposten 18.10.2010
 
Website Builder drives av  Vistaprint