Jølster jazzklubb - - ein musikalsk møteplass for dei med øyre



17. november kl. 20.00 Thon Hotel Jølster

Christina Dahl Quartet


Stemningsfull konsert med 
Christina Dahl Quartet 
i Skredehagen på Thon Hotel Jølster 
17. november











Førehandsomtale:


Det er ein dansk kvartett med den kritikarroste saksofonisten Christina Dahl som frontfigur som skal skape haustvarme på Thon Hotel Jølster denne torsdagskvelden i november. Christina Dahl er kjend for sin unike sound og melodiske spelestil og skaper ei intens musikalsk oppleving med sitt repertoar av originale komposisjonar.

Kvartetten er samansett av Jesper Lundgaard, som spelar med stor virtuositet og er ein internasjonalt anerkjend bassist; Espen Laub von Lilienskjold, ein ung, talentfull trommeslagar som er i stand til å følgje musikken vilkårslaust og med stor musikalsk energi; og Niclas Knudsen, ein stor gitarist som kan uttrykkje seg både personleg, fritt og lyrisk.

På den siste CD-en har kvartetten spelt inn åtte låtar som alle er komponerte av Christina Dahl. CD- innspelinga er prega av ein intim atmosfære der musikarane kommuniserer direkte med kvarandre musikalsk.

Alle musikarane har roller som solistar og skaper rom for personleg originalitet og fri kommunikasjon. I alle komposisjonane ligg det historier som har eit symbolsk tilhøve til livet og rikdomen i det med alle former og fargar. «Gjennom komposisjonane prøver eg å reflektere over livet og skape musikalske bilete av ytterpunkta i livet,» seier Dahl.

Christina Dahl – saksofon
Jesper Lundgaard – bass
Niclas Knudsen – gitar
Espen Laub von Lilienskjold – trommer

Billettar hos TicketCo eller i døra
kr 250 (vaksen)
kr 200 (medlem/student)
kr 50 (under 20 år)

Velkommen!




16. og 17. september på Skei skule:

Jazz + skulemusikk = sant!


Jaudå, vi står for det vi sa: Jazz + skulemusikk = sant!

Eit eksklusivt publikum fekk i ettermiddag oppleve fleire sjarmerande solistinnslag og flott trøkk frå bandet som bestod av unge og vaksne frå Skei skulemusikk og dei to instruktørane på kurset.

For manga av deltakarane var dette det første møtet med improvisasjon, men alle fekk prøve seg, og vi trur ikkje at nokon vart skremde! Heller ikkje blant publikum:) Vi håpar at dette var starten på noko nytt i Jølster jazzklubbs historie: eit samarbeid med skulekorpsa i Jølster!

Vel blåst!




Førehandsomtale:

Den årlege musikkverkstaden for musikkglade barn og unge i Jølster og omegn har fått ein ny vri. I år har vi invitert skulemusikkane i Jølster til kurs med to velrennomerte jazzmusikarar/instruktørar, Ole Marius Sandberg og Erik Halvorsen. Dessverre kan ikkje Vassenden skulemusikk delta, men Skei skulemusikk kjem.

Kurset går av stabelen fredag kveld og laurdag føremiddag med avsluttande konsert laurdag ettermidag. Vi håpar og trur dette vil bli spennande for dei som er med, og kanskje er det starten på ein ny "æra" for Jølster jazzklubb og skulemusikkane i Jølster! Kven veit?

Gratis inngang! 

Velkommen på konsert i eit av klasseromma på ungdomskulen på Skei skule !






27. februar kl. 20.00 i Løa på Jølstraholmen

Steinar Raknes SOLO 



Fullt hus på konserten med Steinar Raknes 

Det var fullt hus og god stemning på Løa på Jølstraholmen då Jølster Jazzklubb rrangerte konsert med Steinar Raknes. 

Publikum fekk både eigenkomponerte songar
og coverversjonar, som "Speed Of The Sound Of Loneliness" av John Price. 
Tilbakemeldingane var gode, og vi tolka det også slik at Steinar Raknes var fornøgd med publikum. Så fornøgd at han baud på to ekstranummer.



Førehandsomtale:

Det er duka for ei intens og stemningsfull musikkoppleving mellom gråsteinsmurane i fjøsen på Jølstraholmen laurdag 27. februar. 

Med sin djerve og eksplosive spelestil er Steinar Raknes ein bassist som fleire har samanlikna med legendariske Charles Mingus. Han er stadig aktuell – solo, med eigen kvartett, i samarbeid med Ola Kvernberg eller som halvparten av joikeduoen ARVVAS. Han har mastergrad i musikk frå NTNU (2001).

Steinar Raknes har etablert banda The Core og Urban Connection og spelt med store jazznamn som Chick Corea, Michael Brecker og Bobby McFerrin. Andre han har samarbeidd med, er SKAIDI, Kirsti Huke kvartett og Trondheim Jazzorkester. 

På «Stillhouse» (2012) gjekk Raknes nye vegar og spelte inn ti kjende låtar henta frå rock, blues, country og americana. Plata inneheld i tillegg fire nye, eigenkomponerte låtar. Det var første gongen den særeigne kombinasjonen hans av kontrabass og song blei presentert på plate. Raknes hadde brukt fleire år på å utvikle teknikkane som gjorde at songane kunne framførast med bass som einaste akkompagnement. Som songar kan han minne om både Jonas Fjeld og Tom Waits.

På den nyaste plata si, «Down South» (2016), framfører Raknes tolv låtar saman med to argentinske musikararar. Både melodiar og tekstar ligg i eit jazz-americana-landskap, med eksplosive basslag i samspel med lyriske gitar-triller.
Velkommen til konsert!

Vaksne: kr 200 
Medlem/student: kr 150
Under 25 år: kr 50

Billettar på TicketCo / i døra





Laurdag 13. februar 2016 i Løa på Jølstraholmen 

PLATESLEPP MED ERLEND APNESETH


Erlend Apneseth slepper si andre plate "Det andre rommet" den 5. februar, og det er heilt naturleg at Jølster jazzklubb arrangerer platesleppkonsert med han og trioen hans heime i Jølster.

Erlend Apneseth er ein av landets fremste unge felespelarar, med fleire prisar og ei lang rekke samarbeid i ulike sjangrar bak seg dei siste åra. Han mottok Grappas Debutantpris i 2012 og gav året etter ut debutplata "Blikkspor" til strålande kritikkar frå både norsk og internasjonal presse. 

No har Erlend utvida samarbeidet med trommeslagar Øyvind Hegg-Lunde (Building Instrument, José González) og Stephan Meidell (Cakewalk, Krachmacher), som også bidrog på debutplata. Dei slepp si første plate under navnet Erlend Apneseth Trio på jazz-/impro-selskapet HUBRO. 

Om trioen live seier allaboutjazz dette:

“Like poets, Apneseth, Hegg-Lunde and Meidell conveyed a compelling story with a spare vocabulary whose every syllable and every grammatical twist carried weight. A trio to watch out for.” Ian Patterson, allaboutjazz.com

Website Builder drives av  Vistaprint