Jølster jazzklubb - - ein musikalsk møteplass for dei med øyre
 
 
Vedtekter for Jølster Jazzklubb
 
 
Jølster Jazzklubb vart stifta 19. mai 2010 og er heimehøyrande i Jølster kommune.
 
§ 1 Formål
Jølster Jazzklubb skal arbeide for å gjere jazzmusikken kjend og tilgjengeleg i Jølster og omland, til dømes ved å avvikle eitt eller fleire arrangement i gjennom året. Det skal presenterast musikk som femner vidt innanfor jazz og nærliggjande musikkformer, og utøvarane skal vere både lokale, regionale og nasjonale. Jølster Jazzklubb skal gje unge musikarar ein stad å presentere seg og ikkje minst vere ein sosial møteplass der publikum kjenner seg heime.
 
§ 2 Organisasjon
Jølster Jazzklubb skal vere medlem av Norsk Jazzforum. 
 
§ 3 Medlemskap
Alle som sluttar opp om formåla og vedtektene til foreininga, kan vere medlemmer i Jølster Jazzklubb. Alle medlemmer har rett til å påverke drifta ved å delta på årsmøte eller i andre demokratiske forum. 
 
Ein kan teikne seg som medlem eller studentmedlem. Studentar betaler redusert kontingent og har fulle medlemsrettar. Årsmøtet bestemmer kontingent og kontingentperiode. Dersom ein medlem ikkje betaler kontingenten, går medlemskapen ut.
 
Medlemskap medfører rimelegare tilgang til Jølster Jazzklubb sine arrangement.  
 
§ 4 Årsmøte
Årsmøtet i Jølster Jazzklubb skal haldast innan utgangen av februar kvart år. Årsmøtet skal kunngjerast minst fire veker på førehand. Medlemmene kan melde inn saker seinast to veker før årsmøtet. Saksdokumenta skal vere tilgjengelege for medlemmene seinast éi veke før årsmøtet. På årsmøtet legg styret fram årsmelding, revidert rekneskap og ein årsplan for planlagde konsertar/arrangement. Større arrangement kan ha eit eige styre. 
 
Årsmøtet fastset storleiken på medlemskontingenten. 
 
Årsmøtet skal velje mellom medlemmene:
Leiar, valperiode 1 år
Fire styremedlemmer, valperiode 2 år (to av styremedlemmene er på val kvart år).
To varamedlemmer til styret, valperiode 1 år
To revisorar, valperiode 1 år
Valnemnd på tre personar og éin varamedlem. Ein ny medlem skal veljast kvart år. Medlemmen som går inn i sin tredje periode, vert leiar av valnemnda.
 
Stemmerett har alle som har gyldig medlemskap når årsmøtet vert halde. Avstemmingar skal skje skriftleg dersom nokon forlangar det.
 
§ 5 Styret
Styret vel nestleiar, skrivar og kasserar sjølv. Styret er vedtaksført når minst halvparten av medlemmene er til stades, og vedtak skal gjerast med alminneleg fleirtal. Semje skal prøvast i alle saker. Ved likt stemmetal avgjer leiaren saka. 
 
§ 6 Vedtektsendring
Vedtektsendringar kan berre gjerast på årsmøtet og krev 2/3 fleirtal blant dei frammøtte som har stemmerett.
 
§ 7 Oppløysing
Foreininga kan berre oppløysast etter vedtak på årsmøtet. Forslag om oppløysing må stå på saklista til årsmøtet. Oppløysing krev 2/3 fleirtal blant dei frammøtte. Midlar som klubben eig, skal ved oppløysing delast ut til ideelle organisasjonar.
 
 
Vedtekne på årsmøtet den 27. februar 2011. 
 
 
Website Builder drives av  Vistaprint