

Jølster jazzklubb
Jølster jazzklubb
- ein musikalsk møteplass for dei med øyre
Årsmøte Thon Hotel Jølster 3.mars
Årsmøte Thon Hotel Jølster 3.mars
Fredag 3.mars hadde Jølster Jazzklubb årsmøte på Thon Hotel Jølster. I år vart det litt endringar i styret, då Halvar Helgheim tek over roret som leiar, medan tidlegare leiar Hilde Hegrenes går inn som styremedlem.
Det nye styret er samansett slik:
Hallvar Helgheim - leiar
Arne Per Huus - styremedlem
Atle Reidar Sandnes - styremedlem
Bård Støfringsdal - styremedlem
Hilde Hegrenes - styremedlem
Varamedlemmer er som ved førre val: Herdis Høyer Haugland, Kjersti Kaldhussæter og Silja Juklestad.

2023
2023
Årets første konsert finn stad i Løa på Jølstraholmen
10. februar kl. 20.00.
Frå Bergen kjem bandet Pedras Rolantes, som betyr rullande steinar, for å servere oss fantastiske brasilianske rytmer.
Og ikkje nok med det, Kristine og gode hjelparar serverer feiljoda, som er ei brasiliansk gryte, av mange rekna som nasjonalretten i Brasil.
Det blir musikk for sjel og sinn! Lytt her:
https://www.youtube.com/watch?v=Tmc4abtfUvQ
https://www.youtube.com/watch?v=MqH_eEsKffE
Billettar her: https://jj.ticketco.events/no/nb/e/pedras_rolantes eller i døra!
Vel møtt!
Årets første konsert finn stad i Løa på Jølstraholmen
10. februar kl. 20.00.
Frå Bergen kjem bandet Pedras Rolantes, som betyr rullande steinar, for å servere oss fantastiske brasilianske rytmer.
Og ikkje nok med det, Kristine og gode hjelparar serverer feiljoda, som er ei brasiliansk gryte, av mange rekna som nasjonalretten i Brasil.
Det blir musikk for sjel og sinn! Lytt her:
https://www.youtube.com/watch?v=Tmc4abtfUvQ
https://www.youtube.com/watch?v=MqH_eEsKffE
Billettar her: https://jj.ticketco.events/no/nb/e/pedras_rolantes eller i døra!
Vel møtt!
PEDRAS ROLANTES
spelar brasiliansk musikk av komponistar som Tom Jobim, Djavan, Chico Buarque og fleire andre, i eit kammermusikk-format. Både kjende og ukjende perler frå Brasils gullalder blir framført på ekte stilistisk vis. Dette er musikk som tar oss tilbake i tid, til varmare strøk, og får den som lyttar til å drøyme seg vekk i melankoli og kjærleik.
Gabriela Garrubo - vokal
Thomas T Dahl - gitar
Magne Thormodsæter - bass
Ivar Thormodsæter - trommer
På MENYEN:
Denne kvelden har vi også FEIJOADA (brasiliansk gryte) på menyen, så kom sulten! 🙂

2022
2022
Jazz på Jølst 2022
13.–15. oktober
Jazz på Jølst 2022
13.–15. oktober
Det er ei stor glede å kunne invitere til ei ny utgåve av Jazz på Jølst! Under finn du program, omtale av artistane og lenke til billettar hos TicketCo. Velkommen!

PROGRAM
PROGRAM
Torsdag 13. oktober
Kl. 20.00 Tjuvstart: BLUECATSANDGARDENS
Løa på Jølstraholmen
Bill. HER
Fredag 14. oktober
Kl. 19.30 Opningskonsert: MUSIC FOR A WHILE
Thon Partner Hotel Skei, Jølster
Bill. HER
Kl. 22.00 SHAKAI
Thon Partner Hotel Skei, Jølster
Bill. HER
Laurdag 15. oktober
Kl. 12.00 "LEKEROMMET": JAZZ FOR BORN/FAMILIE
Brunsj & Briller.
Bill. HER
Kl. 14.00 Sveinung's Filharmoniske Jazzkvintett
Elevar frå Firda vgs, musikklinja
Audhild Vikens Vevstove. I utgangspunktet gratis,
men du får høve til å Vippse valgfritt beløp til bandet etter konserten!
Kl. 19.30 MARI BOINE TRIO
Thon Partner Hotel Skei, Jølster
Bill. HER
Kl. 22.00 RUBBER SOUL QUARTET
Thon Partner Hotel Skei, Jølster
Bill. HER
Jazzpass finn du HER
Om du vil kan du søke etter Jazz på Jølst hos TicketCo. Då finn du alle konsertane samla.
Årets artistar:
Årets artistar:
BLUECATSANDGARDENS

Beatrice Juskaite – gitar, vokal
Mikal Høstaker – keys
Antonina Zerbst – kor
Olve Nordheim – bass
Olaf Gloppen – trommer
Beatrice Juskaite har tidlegare spelt på Jazz på Jølst i eit band med unge talent frå Firda VGS. Ho har også delteke på Sommarjazzkurs, som Vestnorsk Jazzsenter har arrangert årleg dei siste åra og dei fleste på Skei i samarbeid med Jølster Jazzklubb. På mange måtar kan vi seie at ho er eit resultat av vår satsing på talentutvikling. Det er veldig kjekt å kunne presentere Beatrice som har teke artistnamnet Bluecatsandgardens.
Her er hennar presentasjon av bandet og musikken: Til dette prosjektet har eg samla eit band med unge musikarar frå Vestland fylke, for å få fram det kulturelle og kunstnariske mangfaldet fylket har å by på. Me framfører sjølvlaga materiale i contemporary jazz fusion- og indie-soul-sjangeren, og har eit stort ynskje om å dele dette med så mange som mogeleg! I låtane mine likar eg å eksperimentere med ulike tidssignaturar, rytmikk, akkordar og lydar for å skape og framheve ulike stemningar og kjensler dei fleste kan relatere seg til.
Tjuvstartkonsert torsdag 13. oktober kl. 20.00 i Løa på Jølstraholmen
MUSIC FOR A WHILE
MUSIC FOR A WHILE
I MUSIC FOR A WHILE frontar Tora Augestad eit stjernelag av norske jazzmusikarar. Det som kjenneteiknar gruppa er deira personlege, organiske og kreative handtering av ulikt låtmateriale. Tidlegare plateutgjevingar: Weill Variations, “Graces that refrain” og vinterplata “Canticles of Winter”– som kom ut i forbindelse med bandet sitt 10-årsjubileum i 2014 –fekk alle fantastisk rosande omtale av kritikarane.
Enten utgangspunktet er Kurt Weills kjende kabaretmelodiar eller songar og stykker frå det klassiske repertoaret, så er to trekk framtredande: vokalist Tora Augestads unike formidlingsevne og stemmekontroll, og bandets klangmessige, improvisatorisk leikne og humoristiske handtering av stoffet.
I 2021 kom siste plata «Essays» til ståande ovasjonar frå eit samla kritikarkorps.
Opningskonsert fredag 14. oktober kl. 19.30, Thon Partner Hotel Skei
–«..jazz, cabaret, barokk og kirkemusikk fra velrenomert sekstett»

Tora Augestad – vokal
Stian Carstensen – pedal steel & akkordion
Trygve Brøske – klaver, trøorgel & melodika
Mathias Eick – trompet /
Pål Hausken – trommer og perkusjon /
Martin Taxt – tuba
SHAKAI
SHAKAI

Musikken blir til litt som et bakverk utan oppskrift; dei smakar seg fram, plukkar ingrediensar frå øvste hylle og har størst fokus på humor og hygge, noko som også gjenspeglar seg på scena.
Eline Rafteseth – kontrabass
Gabriela Garrubo – vokal
Elisabeth Lid Trøen – saksofon
Amund Nordstrøm – trommer og modulærsynth
Simen Walle – gitar og elektronikk
Musikken det bergensbaserte bandet Shakai byr på er leiken, rar, litt mystisk og byr stadig på nye overraskingar. Kvintetten blandar referansar, leikar med sjangerdefinisjonar og inviterer lyttarane med på ei reise i sitt eige vesle underlege univers.
Bandet blei først starta av bassisten Eline Rafteseth i 2015 saman med medstudentar frå jazzlinja ved Griegakademiet i Bergen. Våren 2016 var Shakai eit av fire band som deltok på turnéen Framtida i Norsk Jazz og spelte same år på den aller første gjennomføringa av suksessen Vill Vill Vest.
I 2018 slapp dei si første plate, Skittles, som blei spelt inn og produsert av den anerkjende produsenten Jørgen Træen i Duper Studio og mastra av Iver Sandøy. Dei har spelt ei rekke konsertar i Bergen og på festivalar og store arrangement som Maijazz, Jazzintro, 100 dagar-festivalen og Fjellparkfestivalen m.fl. Etter fleire års pause har kvintetten no starta opp igjen og jobbar med å ferdigstille oppfølgjaren til det kritikarroste debutalbumet.
Fredag 14. oktober kl. 22.00, Thon Partner Hotel Skei
"LEKEROMMET" JAZZ FOR BORN/FAMILIE
"LEKEROMMET" JAZZ FOR BORN/FAMILIE
«Kyllingen som ikke kunne synge» er ei historie om den fisefine kyllingen som var lei av det skitne livet på bondegarden. Han drøymer om ein dag å få bu på sjølvaste slottet, langt vekke frå grisebæsj og hestepromp. Dette vil han få til ved å smelta kongens hjarte med vakker song. Problemet er at kyllingen ikkje kan syngje.
"Lekerommet" lagar førestillingar for born og familiar, og alle tre har bakgrunn frå jazzlinja på Griegakademiet i Bergen. Historiene og musikken er sjølvskrive med mål om å skapa dansbar, songbar og spanande ny musikk for born. Stykket vart først framførd på Festspillene i Bergen i 2014 og seinare på fleire store festivalar i Noreg. I 2017 kom «Kyllingen som ikkje kunne synge» på plate, og sidan det har dei vore eit populært innslag på Den Kulturelle Skulesekken.
Laurdag 15. oktober kl. 12.00 på Brunsj & Briller, Skei

Karoline Wallace – vokal, synth
Petter Asbjørnsen – kontrabass
Håvard Funderud – trombone, synth, diverse
Sveinung's Filharmoniske Jazzkvintett
Sveinung's Filharmoniske Jazzkvintett

Det er ein tradisjon at Jølster Jazzklubb gjev unge talent frå musikklinja på Firda VGS ei scene å syne seg fram på under Jazz på Jølst. Så også i år.
Med:
Sveinung Lie
Håkon Stave
Sindre Steen
Tuva Vanberg
Mana Sørgård
Laurdag 15. oktober kl 14.00, Audhild Vikens Vevstove, Skei
MARI BOINE TRIO
MARI BOINE TRIO
Sidan debuten for over 30 år sidan har Mari Boine levert ein ganske utruleg innhaldsrik diskografi, og ho har bidrege til å spreie vår felles kulturarv over heile verda. Ho er Norges fremste representant innan verdsmusikken og har hausta stor internasjonal anerkjenning, i tillegg til fleire nasjonale utmerkingar som fleire Spelemannsprisar (inkludert heidersprisen), Rockheim Hall of Fame, Nordisk Råds Musikkpris, Samerådets Ærespris, Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden, Ole Vig-prisen, Finmark Fylkes Kulturpris, Anders Jahre’s Kulturpris, æresdoktorat, utnemnt til statsstipendiat og mykje meir. Ei liste som kan ta pusten frå dei fleste.
Med utgangspunkt i joik og samisk musikk har ho skapt eit personleg uttrykk med element frå rock, jazz og musikk frå andre kulturar, og leverer scene-framføringar som kan ta pusten frå alle og ein kvar, om det er trio eller fullt band-format. Med andre ord: Dette vert ei oppleving for livet!
Laurdag 15. oktoner kl. 19.30, Thon Partner Hotel Skei

Mari Boine – vokal med meir
Georg Buljo – gitar
Gunnar Augland – trommer
Konserten er eit samarbeid med Førdefestivalen.
RUBBER SOUL QUARTET
RUBBER SOUL QUARTET

The Beatles er det mest populære og mest innflytelsesrike band i populærmusikkens historie. Musikken dei laga på 1960-tallet lever i beste velgåande den dag i dag, også blant unge mennesker. The Beatles er dessutan eit godt eksempel på kva fire ulike individ kan få til som gruppe.
The Beatles som jazz
Å spele dei klassiske låtane til The Beatles i jazzversjonar vil nokon kanskje definere som musikalsk blasfemi. Men ikkje desto mindre er det nettopp det Rubber Soul Quartet har kasta seg ut i. Store deler av Beatles-repertoaret eignar seg nemleg godt til å improvisere over og leike med for jazzmusikarar. Med utgangspunkt i dei originale melodiane, gjer kvartetten elegante, re-arrangerte jazzversjonar av til dømes «Norwegian Wood», «Drive My Car», «She’s Leaving Home», «Here, There and Everywhere» og «Blackbird», både med og uten vokal.
Bård Helgerud – gitar, vokal
Håvard Fossum – tenorsax, sopransax
Andreas Dreier – kontrabass
Torstein Ellingsen – trommer
Laurdag 15. oktober kl. 22.00, Thon Partner Hotel Skei
eller til og med nokon som enno ikkje har fått heilt taket på denne musikkforma!
Vi meiner at alle kan finne noko dei kan like. Det er dessutan svært dyktige musikarar som kjem til årets Jazz på Jølst!
HJARTELEG VELKOMNE!

Seint, men godt: Jazzåret 2022 er i gang!
Seint, men godt: Jazzåret 2022 er i gang!

FINT FRANSK ORKESTER
FINT FRANSK ORKESTER
LAURDAG 19. MARS 2022 kl. 20.00
på Brunsj & Briller
FINT FRANK ORKESTER er det næraste du kjem Montmartre i Paris utan å forlata Noreg.
Med stil, eleganse, humor og virtuos speleglede blir du tatt med på ei reise djupt inn i den franske chanson-tradisjonen der du møter ei særeigen verd av originale låtar og fargerike rollefigurar. Med nypolert trombone, nystemt trekkspel og nydeleg song er musikken i hovudsak komponert av bandet sjølv, men med innslag frå franske forgjengarar som Serge Gainsbourg, Charles Trenet og Django Reinhardt. Cabaret, string-swing og hip hop. Chansons, hjerte og smerte.
EVA BJERGA HAUGEN - vokal, tangenter
DOMINIQUE BRACKEVA - vokal, trombone, trompet
JOHAN EGDETVEIT - trekkspill
ANDREAS BARSNES ONARHEIM - gitar, vokal
THEODOR BARSNES ONARHEIM - bass
Turneen er en del av Vestnorsk Jazzsenters turné-ordning, Den Musikalske Stamvegen. Ordningen står for ca. 40 konserter i året i Vestland og Rogaland. Siden oppstarten har ca. 170 musikere vært med, de fleste av dem bosatt på Vestlandet.
Lenke til BILLETTAR hos TICKETCO

JAZZ PÅ JØLST 2021
14.–17. oktober
JAZZ PÅ JØLST 2021
14.–17. oktober
Jølster jazzklubb er stolt og kry over å kunne presentere programmet for den tolvte Jazz på Jølst, som tradisjonen tru blir arrangert i veke 41 i oktober. Programmet er variert og samansett av flotte artistar som alle leverer på høgt nivå.
PROGRAM:
Torsdag 14. oktober
kl. 20.00 Tjuvstartkonsert: Gro-Marthe Dickson og D-Lovely - Løa Jølstraholmen. Bill. HER.
Fredag 15. oktober
kl. 19.30 Opningskonsert: Frode Haltli Avant Folk - Borgja - Ålhus (Samarbeid med Førdefestivalen). Bill. HER.
kl. 22.00 Majken Christiansen Kvintett - Borgja - Ålhus. Bill. hos TicketCo. Bill. HER.
Laurdag 16. oktober
kl. 12.00 Jazz for born/familie: Konrad Kråkebolle og andre Fjærefantar med bandet Kråkebollane - Brunsj & Briller. Bill. HER.
kl. 14.00 SFJ - Firda vgs, musikklinja - Audhild Vikens Vevstove. Gratis!
kl. 19.30 Bergen Big Band og Marius Neset -Borgja - Ålhus. Bill. HER.
kl. 22.00 Skarbø Skulekorps marsjerer igjen - Borgja - Ålhus. Bill. HER.
Jazzpass finn du HER.
Om du vil kan du søke etter Jazz på Jølst hos TicketCo. Då finn du alle konsertane samla.
Lenke til Jazz på Jølst på Facebook.
Vel møtt til Jazz på Jølst 2021!

ÅRETS ARTISTAR
ÅRETS ARTISTAR
Gro-Marthe Dickson & D-Lovely
Gro-Marthe Dickson & D-Lovely
Sidan 2017 har vokalist Gro-Marthe Dickson tolka og gjendikta Cole Porters tekstar til norsk. D-lovely er ei jazzgruppe som har spelt musikk av jazz- og showtunekomponisten Cole Porter sidan 2015. Debutplata deira kom i april 2019 ("D-lovely / Uten deg"), og i januar 2021 kom bandet ut med sitt andre album «Fornemmelsen av hjemland» på AMP Music & Records.
På andreplata har Dickson gått bort frå gjendikting og tolking og i staden laga originale norske tekstar til Cole Porters melodier. Med nye tekstar kjem også nye musikalske idéar, og bandet har teke eit par steg vekk frå den tradisjonelle jazzen, men vi kan framleis høyre eit tydeleg ekko av den. Platen blei utgjeven med publiseringsstøtte frå Kulturrådet, og har alt fått fleire fine omtalar.
Dickson var også å finne som «Ukas Jazzprofil» på Jazz i Norge sine nettsider i februar 2021. (https://jazzinorge.no/2021/02/01/ukas-jazzprofil-gro-marthe-dickson/) Eit nøkkelord for denne nye utgjevinga er tid. «Tid brukt, tid gitt, og tid som en målenhet.»
Gro-Marthe Dickson - vokal
Aksel Westlund - gitar,
Håkon Norby Bjørgo - bass,
Magnus Sefaniassen Eide - trommer
TORSDAG 14. OKT. 2021 kl. 20.00
Løa på Jølstraholmen

Frode Haltli – Avant Folk
Frode Haltli – Avant Folk
FREDAG 15. OKT. 2021 kl. 19.30
BORGJA på ÅLHUS
FREDAG 15. OKT. 2021 kl. 19.30
BORGJA på ÅLHUS

Frode Haltli Avant Folk er eit stjernelag av musikarar; eit spelemannslag heilt utanom det vanlege; eit kollektiv av solistar på tvers av generasjonar og sjangrar; ei vidareføring av Frode Haltlis arbeid ein stad midt i triangelet jazz, samtidsmusikk og folkemusikk. Ensemblet har sidan debuten i februar 2017 blitt eit ettertrakta band, og har spelt på festivalar i inn- og utland.
Utgjevinga «Avant Folk» (Hubro 2018) mottok strålande kritikkar:
«Et album som er et av de mer fascinerende stykker lyd jeg har hørt på en stund, og som, selv om det til tider kan omtales som avansert musikk, burde kunne treffe et større, spesielt musikkinteressert og nysgjerrig publikum. Det er en knockout, på emosjonelt og tankemessig plan.» Audun Vinger, Dagens Næringsliv
Våren 2021 kom «Avant Folk II» ,og igjen til strålande kritikker:
«Musikken er uhørt og forfriskende på en sjelden måte. Jeg liker å være i den hele veien gjennom, og blir bergtatt av både det store lydbildet og de små detaljene.» Kjetil Bjørgan, Klassekampen
Frode Haltli – akkordeon
Erlend Apneseth – hardingfele
Hans P. Kjorstad – fele
Rolf-Erik Nystrøm – saxofoner
Hildegunn Øiseth – trompet og bukkehorn
tba. – orgel, synthesizer
Juhani Silvola – gitarer
Oddrun Lilja Jonsdottir – gitar og vokal
Fredrik Luhr Dietrichson – kontrabass
Veslemøy Narvesen – trommer
Majken Christiansen kvintett
Majken Christiansen kvintett
FREDAG 15. OKT. KL. 22.00
BORGJA på ÅLHUS
FREDAG 15. OKT. KL. 22.00
BORGJA på ÅLHUS
Majken Christiansen framfører revitalisert jazz i tradisjonen etter dei store jazzdivaene, der Ella Fitzgerald alltid vil være den største inspirasjonskjelda. Men Majken gjer sine ting med eit ope og oppdatert uttrykk, og uansett kva ho syng, så fortolkar og formidler ho dei tidlause tekstane og melodiane frå The American Songbook med varme, på ein ærleg og overbevisande måte.
Majken kjem opphaveleg frå København. Sidan midten av 1990-tallet har Majken vore Danmarks mest populære swingjazz-songarinne. Ho har gjort ei lang rekke konsertar, har spelt inn fleire plater, og har ein eigen dansk fanklubb! Siden 2001 har Majken budd i Oslo
Majken Christiansen - vokal
David Skinner - piano
Andreas Dreier - bass
TBA – trommer
TBA – trompet/sax

Konrad Kråkebolle og andre Fjærefantar
Konrad Kråkebolle og andre Fjærefantar
LAURDAG 16. OKT. 2021 kl. 12.00
BRUNSJ & BRILLER på SKEI
LAURDAG 16. OKT. 2021 kl. 12.00
BRUNSJ & BRILLER på SKEI

Konrad Kråkebolle og andre Fjærefantar med bandet Kråkebollane
Musikken er komponert av utøvarane og er basert på nynorske tekstar frå den illustrerte diktboka Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar, forfatta av Lisbeth Dreyer og illustrert av Per Ragnar Møkleby. Dikta i Dreyer si bok er alle på rim, og fortel på artig og fagleg korrekt vis om livet i fjorden og i fjøresteinane.
Dei fargerike tekstane og illustrasjonane har inspirert musikarane til mykje musikalsk fabulering med improvisasjon og leik som gjennomgåande element. Resultatet er både rytmiske og groovebaserte låtar og svevande lyriske stykkje - alt frå slentrande blues til stram tango og sullande voggesong.
Prosjektet er det fyrste dei tre utøvarane gjer saman, men dei har samarbeida ved fleire høve før, og er alle tre røynde jazzmusikarar med mykje erfaring i formidling av musikk til born og unge. Sidan 2019 har konsertversjonen av musikken vore spelt av trioen for over 2000 barn og var ein av produksjonane som var på programmet på årets Småspill – eitt nytt samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet og Festspillene i Bergen.
I juni 2021 vart musikken gitt ut på album og er tilgjengeleg både via spotify og i fysisk CD-fomat.
Lena Skjerdal - vokal
Knut Lothe - perkusjon
Erik Håkon Halvorsen - keyboard
Bergen Big Band med Marius Neset
Bergen Big Band med Marius Neset
Det er klart for eit toppa, bergensk stjernelag med Marius Neset som spelande trenar på årets Jazz på Jølst.
I år fyller Bergen Big Band (BBB) 30 år og dei hadde planlagt å gjere heile ti prosjekt. No er alt fleire av dei avlyst og nokre utsett pga. covid 19. Men det neste ser ut til å gå som planlagt , nemleg bestillingsverket med Marius Neset til årets Nattjazz!
Marius Neset er fra Os, men han studerte i København. I 2016 var han det einaste europeiske namnet på lista når Downbeat skulle liste opp dei 25 viktigaste jazzmusikarane for framtida. Og det var bra dei tok han med, for dei siste åra har osingen figurert øvst på plakaten når store, internasjonale festivalar har lansert sine program.
Samtalane mellom Marius Neset og Bergen Big Bandstarta alt i 2019. Begge kjente naturlegvis til kvarandre og det var ein veldig positiv atmosfære frå første møte. Det var også veldig god musikalsk kjemi, noko gjestene på Nattjazz i 2019 fekk oppleve då Marius dukka opp på scena i forbindelse med Bergen Big Band sitt prosjekt «Egne Komposisjoner».
Marius Neset, om prosjektet, musikken og Bergen Big Band:
«Jeg ser utrolig mye frem i mot å jobbe med Bergen Big Band. Dt er ordentlig gøy å komponere ny musikk for bandet, og det er utrolig spennende å se hva dette blir til. For øyeblikket har jeg en ensom fest på øvingsrommet, hvor jeg skriver musikk inspirert av alt fra afrikanske groover til komponister som Ligeti, Joe Zawinul, Hans Abrahamsen, Beethoven, The Beatles og mye mer.»
Marius Neset sax, komposisjoner
Michael Barnes altsax, sopran og klarinett
Paul Fawcus altsax, fløyter
Elisabeth Lid Trøen, tenorsax, fløyter
Aksel Røed tenorsax, bassklarinett
Shannon Mowday, sax
Martin Winter trompet
LAURDAG 16. OKT. 2021 kl. 19.30
BORGJA på ÅLHUS
LAURDAG 16. OKT. 2021 kl. 19.30
BORGJA på ÅLHUS

Foto Marius Neset: Lisbeth Holten
Svein Giske trompet
Are Ovesen trompet
Børge Styve trompet
Sindre Dalhaug, trombone
Øyvind Hage, trombone
Pål Roseth,trombone
Tore Bryne, Berg trombone
Dag S. Arnesen, piano
Ivar Kolve,,vibrafon
Thomas Dahl, gitar
Magne Thormodsæter, bass
Knut Aalefjær, trommer
Skarbø Skulekorps
Skarbø Skulekorps
LAURDAG 16. OKT. 2021 kl. 22.00
BORGJA på ÅLHUS
LAURDAG 16. OKT. 2021 kl. 22.00
BORGJA på ÅLHUS

SKARBØ SKULEKORPS MARSJERER IGJEN
«Musikk som både er "catchy" og uforutsigbar (..) Når du tror du har knekt koden og vet hvor musikken skal ta deg, fortsetter den bare å overraske» NRK P3 (N)
Skarbø Skulekorps marsjerte inn i folks bevissthet i 2019, og fikk eineståande kritikk for debutalbumet på Hubro. I mars kom oppfølgjaren Dugnad, som om mulig har overgått den første plata i positiv omtale.
Under leiing av trommeslager og komponist Øyvind Skarbø klarar korpset på ein eller anna måte å saumlaust kombinere det fengande og det abstrakte på ein måte som opplevast heilt naturleg. Her er alle spor etter Sousa-marsjar og sur treblås renska vekk.
Afrobeat med techno-bass? Samtidsmusikk for steel-gitar og banjo? 60-tals jazz med 80-tals synth? Dette er korpsmusikk slik du aldri har høyrt det før!
Signe Emmeluth - altsax, elektronikk
Klaus E. Holm - saksofon, klarinett
Stian Omenås - trompet, synth
Ivar Grydeland - pedal steel, gitar
Chris Holm - bass, synth
Øyvind Skarbø - trommer

LAURDAG 26. JUNI KL. 19.30 PÅ THON HOTEL JØLSTER:
AVSLUTNINGSKONSERT ETTER SOMMARJAZZKURSET
AVSLUTNINGSKONSERT ETTER SOMMARJAZZKURSET

Her er alle kursdeltakarane og instruktørane. Vi har smuglytta på øvingane og lovar ein kjempefin konsert. Vel møtt!
Foto: Hallstein Dvergsdal

22.–27. JUNI 2021 på Thon Hotel Jølster:
SOMMARJAZZKURS 2021
SOMMARJAZZKURS 2021
Vi har saksa frå Vestnorsk jazzsenter si heimeside:
For åttende år på rad arrangerer Vestnorsk Jazzsenter Sommerjazzkurs. Formålet med kurset er det samme som tidligere: Å inspirere flere, særlig unge, til å bli interessert i og spille improvisert musikk. Men kurset skal også kunne være en inspirasjonskilde for de som allerede er bevandret i faget. Påmeldte mellom 15 og 25 år har fortrinn om det blir rift om plassene.
Det er en fordel å kunne lese noter og det forventes en viss instrumenterfaring, men det aller viktigste er lysten til å spille og lære mer! Undervisningen blir organisert slik at det vil være noe å bryne seg på uansett nivå.
Kurs (med avslutningskonsert 27. juni for publikum med både instruktørar og deltakarar) blir på Thon Hotel Jølster i Skei 22.–27. juni. Prisen er kr 3.500, og det inkluderer både kurs, kost og losji.
Sjekk ut fleire detaljar HER.

Instruktørar 2021:
Gabriela Garrubo (vokal), Hanna Paulsberg (saksofon/treblås), Andreas Rotevatn (trombone/messingblås), Dag Arnesen (piano), Oddrun Lilja Jonsdottir (gitar), Magne Thormodsæter (bass) og Dag Magnus Narvesen (trommer).

LAURDAG 24. APRIL 2021 KL. 20.00 på THON HOTEL JØLSTER:
KARL SEGLEM TRIO: SPELFERD
KARL SEGLEM TRIO: SPELFERD

Karl Seglem likar seg i Jølster, og laurdag 24. april kjem han attende med hardingfelemeistaren Håkon Høgemo og trommevirtuos Kåre Opheim!
Musikalsk har desse eit hjarta for nyskaping og tradisjon og gamle taktar i ny innpakking. Det er duka for ein tett og intim konsert, men sjølvsagt med god avstand for publikum.
Møt tre menn som spelar for livet og elskar det!
KARL SEGLEM tenorsax, bukkehorn
HÅKON HØGEMO hardingfele
KÅRE OPHEIM trommer
Billettar på TicketCo.
I samarbeid med Vestnorsk jazzsenter.

ÅRSMØTE 2021
ÅRSMØTE 2021
Jølster jazzklubb inviterer til årsmøte fredag 5. mars kl. 20.00. Vanlege årsmøtesaker.
Vi held oss til dei nasjonale og lokale smittevernreglane, og gjennomfører møtet digitalt om vi ikkje kan møtast fysisk.
Nærmare beskjed om stad / ev. digitalmøte vert publisert veka før. Eventuelle saker må spelast inn til styret seinast 19. februar.


Avlyst pga. koronasituasjonen:
FREDAG 26. FEBRUAR 2021 KL. 20.00 på Brunsj og Briller:
Fint Fransk Orkester
Vi satsar friskt og håpar det let seg gjere å gjennomføre konsert i slutten av februar! Set av datoen! Billettar vert lagt ut for sal etter neste oppdatering på smittevernreglar.
Billett: 250/200/50
Fint Fransk Orkester er det næraste du kjem Montmatre i Paris utan å forlata Noreg. Med stil, eleganse, humor og virtuos speleglede blir du tatt med på ei reise djupt inn i den franske chanson-tradisjonen der du møter ei særeigen verd av originale låtar og fargerike rollefigurar.
Med nypolert trombone, nystemt trekkspel og nydeleg song er musikken i hovudsak komponert av bandet sjølv, men med innslag frå franske forgjengarar som Serge Gainsbourg, Edith Piaf og Django Reinhardt. Cabaret og string-swing. Chansons, hjerte og smerte.
Med:
EVA BJERGA HAUGEN vokal, tangentar
DOMINIQUE BRACKEVA vokal, trombone
JOHAN EGDETVEIT trekkspel
ANDREAS BARSNES ONARHEIM gitar, vokal
THEODOR BARSNES ONARHEIM kontrabass


TAKK!
TAKK!

Hjartans takk til alle støttespelarar som bidrog til at vi kunne arrangere Jazz på Jølst 2020, og sytte for at det blei ei svært vellykka jazzhelg!
Publikum, artistar, sponsorar, samarbeidspartnarar og frivillige, utan dykk hadde det ikkje vore mogeleg!
Ein stor takk går også til Tore Sætre som tok bilete under festivalen. Mange av dei kan du sjå på Jølster jazzklubb si Facebook-side.

25. september 2020
Jazz på Jølst 2020:
SISTE BRIKKE ER PÅ PLASS!
Jazz på Jølst 2020:
SISTE BRIKKE ER PÅ PLASS!
Gratiskonsert med Sinus på Audhild Vikens vevstove
Det har vorte ein tradisjon at elevar frå Firda VGS spelar på Audhild VIkens Vevstove laurdag ettermiddag under festivalen. Det er i utgangspunktet gratis inngang, men det har óg vorte ein tradisjon at publikum har lagt ein valfri sum, som går rett til bandet, i "jazzmannen" (="hatten"). Det går ikkje i år, men vi reknar med å få til ei løysing – truleg med Vipps.
Årets bidrag frå Firda vidaregåande skule er kvintetten Sinus. Saman spesialiserer Sinus seg innanfor jazz, fusion og soul.
Håvard Sætre – gitar
Daniel Pettersson Utvær – keys
Mikal Høstaker Nordheim – trommer
Oddmund Voll – bass
Til årets konsert har dei med seg solomusikar Beatrice Juskaite på vokal og gitar.
Laurdag 10.oktober kl. 14.00 på Audhild Vikens vevstove


4. september 2020:
OVERNATTING UNDER ÅRETS JAZZ PÅ JØLST?
OVERNATTING UNDER ÅRETS JAZZ PÅ JØLST?

Om du treng overnatting for å ha kort veg til konsertane under årets festival, kan vi tilrå Thon Hotel Jølster på Skei.
Festivalpris 9.-10.oktober: per pers i dobbeltrom kr 995,- inkludert middag, overnatting og frukost.
Kontakt Thon Hotel Jølster på tlf. +47 57 72 78 00.
Tlf: +47 57727800
Velkommen!

26. august 2020:
VIKTIG OM JAZZ PÅ JØLST 2020
VIKTIG OM JAZZ PÅ JØLST 2020
På grunn av smittevernreglar vert det i år KUN førehandssal av billettar til alle våre konsertar!
Hugs at om du har symptom på luftvegsinfeksjon (også ved negativ Covid-19-test) så skal du ikkje gå på konsert!
FREDAG 9. OKT. kl. 20.00 på Thon Hotel Jølster
Opningskonsert med Linda Eide "Melodi Grand Jazz"! Billettlenke
FREDAG 9. OKT. kl. 22.30 på Thon Hotel Jølster
Jo Skaansar og Ine Hoem "Fange av mi tid" Billettlenke
LAURDAG 10. OKT. kl. 12.00 på Brunsj & Briller på Skei
Barnejazz med Camilla Granlien og Jo Skaansar "Dyr og rare kjerringer" Billettlenke
LAURDAG 10. OKT. kl. 14.00 på Audhild Vikens Vevstove
Gratiskonsert med Sinus frå Firda vgs.
LAURDAG 10. OKT. kl. 20.00 på Thon Hotel Jølster
Arild Andersen "SAGN 30 år" Billettlenke
Her er omtale av artistane/konsertane!

Velkommen!

30. juni 2020:
JAZZ PÅ JØLST 2020!
JAZZ PÅ JØLST 2020!
Det var lenge usikkert om det var mogeleg å arrangere festival i år, men no kastar vi oss ut i det! Det vil seie at det blir Jazz på Jølst, om enn i ein noko forminska versjon. Smittevernreglar i oktober veit vi ikkje så mykje om endå, men det kan vere lurt å sikre seg billettar allereie no med tanke på plass.
DET ER UTRULEG KJEKT Å KUNNE ØNSKE VELKOMMEN TIL JAZZ PÅ JØLST 2020!
PROGRAM
Laurdag 10.oktober:
kl. 12.00: Barnejazz med Camilla Granlien og Jo Skaansar "Dyr og rare kjerringer" (på Brunsj & Briller, Skei) Billettar
kl. 14.00: Gratiskonsert med Sinus på Audhild Vikens Vevstove.
kl. 20.00: Arild Andersen – SAGN 30 år – (på Thon Hotel Jølster) Denne konserten er eit samarbeidsprosjekt med Førdefestivalen! Billettar
Vi kjem med meir oppdatert info etterkvart, og håpar på forståing for at ting vert publisert ein tanke seinare enn vanleg.


Støttespelarar og samarbeidspartar:
