Jølster jazzklubb - - ein musikalsk møteplass for dei med øyre

 
 
 
 










JAZZ PÅ JØLST FOR 10. GANG


   Jazz på Jølst 2019 vert arrangert 
torsdag 10. oktober til søndag 13. oktober. 

Set av datoane, så kjem vi tilbake med artistslepp fortløpande! Vi er særs klare for å feire 10 år med jazz i Jølster, og er glade for å ha Førdefestivalen som medarrangør på ein av våre konsertar!  





---------------------------------------
TIDLEGARE
---------------------------------------

Førehandsomtale:
Barnekonsert Løa på Jølstraholmen
"Jubelblues"med Good Time Charlie 

Laurdag 22. juni 2019 kl. 12:30 til 14:00


"I år skal vi ha ein sommarkonsert for borna! 

Frontfiguren i bandet Good Time Charlie, Arle Hjelmeland, har drive med musikk i det han kallar ein mannsalder, og kreativiteten er framleis på topp med hyppige utgjevingar – ikkje minst for born.

16. november i 2018 slapp bandet «Lakenskrekk», den tredje i den herlige Jubelbluesserien. 22. juni kjem dei til Jølstraholmen!

I eit samarbeid med Jølster Jazzklubb har vi fått til dette. TAKK til Jølster Jazzklubb!"
 

Her kan du lese meir og lytte til smakebitar!

Billettar på TicketCo.

 

------------------------------------




Førehandsomtale:
Laurdag 13. april kl. 19.30 i Løa på Jølstraholmen

Gjestebod med Hovland & Tønes

Start påskeferien med eit herleg festmåltid og underhaldning av aller beste merke når Ragnar Hovland og Frank Tønnesen møtest til prat og poesi, song og spel på scena i Løa på Jølstraholmen. 

"Tønes fortel gode historier, på ein måte som dei gode historiene ikkje har blitt fortalde før. Morosamt, surrealistisk, melankolsk og rørande. Og korleis får han det til? Tønes er kvardagssurrealisemens største poet her til lands," seier Ragnar Hovland, sjølv om han sit på same trona sjølv. 

Begge skriv om det store i det små og set farge på grå kvardagar. 

"Det eg sedde pris på med Ragnar sine teksta e mye: humoren, alvoret og alle øverraskelsane, galskapen og varmen. I denna litt skumle verden e Ragnar sine teksta som ein slags medisin eller trøst," seier Frank «Tønes» Tønnesen. 

Til festkvelden i Løa på Jølstraholmen har Christel Eide komponert ein fire-retters påskemeny med lokale råvarer av beste sort: 

Laks tataki, wasabi
-
Miniburger av fjordfe
Ferskost med ramslauk 
Spekepølse
-
Påskelam, rotgrønnsaker
Sjysaus, fløytepotet 
-
Limemousse, mango,
Pasjonsfrukt, makron

Noko godt i glaset er inkludert når du kjem. Vinpakke, øl eller alkoholfritt drikke til maten vert å få kjøpt. 

"Hovland og Tønes reddar kvelden" er utvikla av Svidal skriveri med støtte frå Norsk kulturråd og Fritt ord. Program-serien er ein del av litteratursatsinga Rom for ord og vert arrangert i samarbeid med Jølster Bibliotek og Jølster Jazzklubb.
Billettar på TicketCo.
Velkommen!

 ------------------------------------


TAKK!
HILDO (nominert til Musikkritikerprisen 2018)
Vassenden kyrkjesenter 26. februar kl. 20.00


Det blei ein fantastisk konsert på Vassenden kyrkjesenter med HILDO!

Takk til publikum som tok turen! 












Førehandsomtale:
HILDO 
på Vassenden kyrkjesenter 26. februar kl. 20.00


Berit Opheim (vokal) / Tore Brunborg (saksofon) / Stein Urheim (strenger) / Steinar Raknes (bass) / Kåre Opheim (trommer) / David Solheim (lydtekniker)


«Hildo» heitte den gamle kyrkjeklokka som ljoma over Vossevangen frå tårnet på Vangskyrkja i gamle dagar. Det finst fleire segn og folketonar til ære for klokka, som var kjend for sin uvanlege fine og sterke klang. Eit av segna seier at bergensarane ville låna klokko, og vossingene var dumme nok til å seia ja. Ute i Bolstadfjoren rauk det opp til uver, båten sokk, og der ligg klokko på havsens botn den dag i dag,

Konsertproduksjonen HILDO er eit samarbeid mellom Riksscenen og Vossa Jazz og hadde première på Vossa Jazz 2018. Fem fantastiske musikarar, med Brunborg og Opheim i spissen, har teke utgangspunkt i ulike folketonar og slåttar frå mellom anna Voss, Sogn og Hardanger, og serverer desse i nye arrangement og med nykomponerte tema. Det vert både balladar, bånsullar, stev, barnesongar, salmar og slåttar, i hendene på musikantar som går «Hildo» sjølv ein høg gong når det kjem til klang og styrke.

SAGT OM HILDO:
«Sammen med et knippe kortreiste musikere blir den gamle folkemusikken lett oppjazzet og tilført en moderne tonedrakt. Vakkert, spennende og forførende. Ikke minst Berit Opheims praktfulle kveding skaper et uttrykk du ikke finner noen andre steder. En fullsatt kinosal hyller da også musikerne med stående applaus til slutt. Det skulle bare mangle. Dette er real norsk eksportvare på linje med laks og olje.» 
Einar Engelstad i Bergen Tidende, 25/3/18

«Viss ikkje samarbeidet mellom Tore Brunborg og Berit Opheim held fram etter konsertane på Vossa Jazz og på Riksscenen i hovudstaden, er det både synd og skam – og eit stort tap for heile kultur-Noreg. Urframføringa av prosjektet Hildo i Gamlekinoen laurdag vart ei ut av kroppen-konsertoppleving. Så sanseleg vakkert, så gjennomarbeidd på alle plan, og så utruleg dyktig gjennomført av fem av våre største musikarar.» Nils Kvamsdal i Avisa Hordaland, 27/3/18

Billettprisar: 250 (vaksne), 200 (medlem/student), 50 (under 25 år)

Billettar på TicketCo her.



---------------------------------------


JAZZ PÅ JØLST 2018
Firda Tidend var som vanleg til stades under Jazz på Jølst og skriv m.a.: Jazz på Jølst 2018 er historie, og den vil bli hugsa for eit program som fekk svært mange til å sperre opp augo. Heilt frå tjuvstarten torsdag til dei siste tonane frå Low-Fly Quintet og Camilla Tømta tona ut laurdag kveld.  






Tekst og foto: Hallstein Dvergsdal
Førehandsomtalar:
JAZZ PÅ JØLST 2018 -

OLE AMUND GJERSVIK QUARTET
Billett: 250/200/50
Kvartetten hentar vanlegvis sitt repertoar frå Gjersvik sine tidligare utgivelser, blanda med nokre nye komposisjonar og arrangement. Det er ikkje umogleg at kvartetten legg til nokon standardlåtar på repertoaret. Alle musikarane er godt etablerte på eigahand, og passar perfekt til Gjersviks musikk! Musikken blir ofte skildra som; melodiøs, melankolsk og leikende, godt forankra innanfor jazztradisjonen.
Sjekk også siste plate “All Together Now”!
ELISABETH LID TRØEN – SAKSOFONER
ANDERS OLAV ESE – GITAR
OLE AMUND GJERSVIK – KONTRABASS
FRANK JAKOBSEN – TROMMER


OPNINGSKONSERT JAZZ PÅ JØLST 2018:
DENADA med Torun Eriksen - Thon Hotel Jølster, fredag 12.oktober kl. 19.30.
Billett: 300/250/100
Ensemble Denada er eit profesjonelt jazzorkester med for tida tretten faste medlemmer. Bandet blir drive av Østnorsk jazzsenter med støtte frå Norsk kulturråd og Oslo kommune. Samarbeidet med Torun Eriksen starta i fjor med premierekonsert på Kongsberg jazzfestival, og dei fekk strålande ovasjonar frå kritikarar og publikum. «Ein vilje, ei inderl...egheit og energi som var gripande», skreiv Dagsavisens Roald Helgheim i sin omtale etter premieren på Kongsberg i fjor. Arrangør og musikalsk leiar Erlend Skomsvoll sender Torun Eriksen sine grasiøse popkomposisjonar på ein «roadtrip frå Berlin til New Orleans» med reisefølgje frå Ensemble Denada, eit band som er blitt godt samspelt etter ein bråte med mil på kryss og tvers i verda dei siste ti åra. Ensemble Denada, Torun Eriksen og Erlend Skomsvoll har funne både tonen, teksten og stilen. Det kunstnarlege utgangspunktet er Torun Eriksen sitt album «Grand White Silk» med sine sofistikerte låtar og poetiske forteljingar. Arrangør Skomsvoll har sett av godt med plass i partitura til Ensemble Denadas formidable instrumentalsolistar.



KABARET MAKABER - Thon hotel Jølster, fredag 12.oktober kl. 22.00.
Billett: 250/200/50
Med hjarte for det skakke, vonde og burleske spelar Kabaret Makaber «noirforteljingar» frå det djupaste, inste Sogn på sitt aller beste. Uttrykket til Kabaret Makaber eksisterer ein stad der swingjazz kryssar tysk mellomkrigsmusikk, progrock og finske tangoballadar. Bandet starta i Bergen, der fleire studerte på Griegakademiet.... Medan sjangerbakgrunnen til musikarane er særs ulik, deler dei same kjærleik til rytmikk og driv. Bandet består av song, altsaksofon, barytonsaksofon, marimba, kontrabass og trommer.
I 2017 gav dei ut debutplata «Kabaret Makaber» på Apollon Records og fekk god omtale heime og i utlandet. Mellom anna skreiv Soundscape Magazine: «Kabaret Makaber is by far one of the most unique and ‘out there’ releases I’ve heard all year ...», og dét utan å skjøne eit ord av kva Marita Vangen Bratteteig syng om på lærdalsdialekt. For musikken og tekstuniverset heng tett saman i Kabaret Makaber, der førarlause bussar i retning Lærdal ikkje stoppar der ein ønskjer. Indre Sogn Sparebank blir rana, og den elleville flukta går over Filefjell. Og så finn vi sjølvsagt Djevelen sjølv, som likar kaffien sin svart og sørgjer over at Gud har forlate han. Koplinga mellom musikk, songtekst og konsertoppleving kan nesten kallast teatral. Noko som resulterte i eit samarbeid med Helge Jordal, som har spelt Djevelen på konsert og på vinylutgåva av debutplata.
Torstein Åvar Sollien – marimba
Morten Nordheim – altsaks
Mads Lønnkvist– barytonsaks
Marita Vangen Bratteteig – song
Tomas Mjånes Myklebust – trommer
Alexander Lund– kontrabass


Barnejazzen under JAZZ PÅ JØLST 2018 står "Hei kalas!" for!
THON HOTEL JØLSTER - LAURDAG 13.OKTOBER kl. 12.00. Billett kr 100
Dei syng og spelar musikk med ein underfundig undertone. Songane er morosame på ein trist måte, eller triste på en morosam måte. Kvifor er verdsrommet uendeleg, kva skjer når nokon døyr, og kvifor står alt det gode på øvste hylle, slik at vi ikkje rekk opp? Det handlar om kva ein tenkjer på og opplever i kvardagen. Store ting og små ting....
Hei Kalas! undrar seg over verda og livet og dyra og menneska saman med publikum. Med fokus på gode tekstar klarer Hei Kalas! å formidle heilt daglegdagse ting på ein måte som både born og vaksne kjenner seg igjen i. Songane er mynta på born, men Hei Kalas! meiner born og vaksne er opptekne av dei same tinga, berre i litt forskjellig skala. Det er ikkje problemfritt å vera barn eller vaksen.
Gjennom fine og rare små historier vil Hei Kalas! formidle det som engasjerer dei mest – undringa over at alt er som det er.
Heidi Marie Vestrheim – vokal, gitar
Anniken Teodorsen – vokal, keyboard
Roy Ole Førland – trommer, vokal, bass, keyboard



Kvartetten består av:



DANIEL HERSKEDAL KVARTETT - THON HOTEL JØLSTER
LAURDAG 13.OKTOBER KL. 19.30. Billett: 250/200/50




LOW-FLY QUINTET - THON HOTEL JØLSTER
Laurdag 13.oktober kl. 22.00. Billett: 250/200/50
Losen Records gler seg til å presentere denne kvintetten, som har base i Hamar-distriktet, for verda og for Jazz på Jølst sitt publikum. Kvintetten skriv leikne, sarte og rå originallåtar inspirerte av vokaljazzen frå første halvdel av 1900-talet. Bandet tolkar også kjende og ukjende låtar frå same epoke. Kvintetten har skapt eit musikalsk utrykk som gjev l...yttaren ei kjensle av å vere på ein dunkel, røykfylt jazzklubb i New Yorks bakgater. Med si spesielle besetning – vokal, cello, piano, kontrabass og trommer – har dei skapt eit heilt eige utrykk som sjarmerer, overraskar, muntrar opp og rører ved publikum.
Camilla Tømta – vokal
Siri Snortheim – cello
Uri Sala – kontrabass
Ole Gjøstøl – piano
Skjalg Lidsheim – trommer

-------------------------------------------

JØLSTER JAZZKLUBB? 
Jølster jazzklubb har alltid bruk for nokre frivillige som kan hjelpe til med ein 
leiar Hilde Hegrenes (hildehegrenes@gmail.com) og fortel kva du kan tenke deg å hjelpe til med. Sprei gjerne ordet, ein treng ikkje vere medlem av jazzklubben for å jobbe som frivillig. 
Vi håpar å høyre frå mange gode hjelparar, kvar hand og kvart hovud tel. 




Billettavtale med TicketCo

Jølster jazzklubb inngikk i 2014 avtale med billettselskapet TicketCo. TicketCo er ein etter måten ny aktør i den norske billettmarknaden. I løpet av kort tid har dei klart å posisjonere seg som den fremste utfordraren til marknadsleiande Billettservice.  

Sjå etter denne logoen (trykk for å gå til sida): 


 






Våre heilårlege støttespelarar:



Styret i Jølster Jazzklubb for 2018 

Leiar: Hilde Hegrenes
Halvar Helgheim 
Arne Per Huus
Magnus Håheim
Atle Reidar Sandnes
1. vara: Silja Juklestad
2. vara: Anja Gulbrandsen
3. vara: Bård Støfringsdal
 

Website Builder drives av  Vistaprint