Jølste jazzklubb

- ein musikalsk møteplass for dei med øyre

Vil du støtte oss med grasrotandelen din? 
HER finn du Jølster jazzklubb hos Norsk Tipping.


30. juni 2020:

JAZZ PÅ JØLST 2020!

Det var lenge usikkert om det var mogeleg å arrangere festival i år, men no kastar vi oss ut i det! Det vil seie at det blir Jazz på Jølst, om enn i ein noko forminska versjon. Smittevernreglar i oktober veit vi ikkje så mykje om endå, men det kan vere lurt å sikre seg billettar allereie no med tanke på plass. 

DET ER UTRULEG KJEKT Å KUNNE ØNSKE VELKOMMEN TIL JAZZ PÅ JØLST 2020!

Dette har vi i boks til no:

Fredag 9.oktober:
kl. 20.00: Linda Eide "Melodi Grand Jazz" (på Thon hotel Jølster) Billettar
kl. 22.30: Jo Skaansar og Ine Hoem "Fange av mi tid" (på Thon Hotel Jølster) Billettar

Laurdag 10.oktober:
kl. 12.00: Barnejazz med Jo Skaansar og Ine Hoem i spissen (på Brunsj og Briller, Skei)
kl. 20.00: Arild Andersen- SAGN - 30 år (på Thon Hotel Jølster) Denne konserten er eit samarbeidsprosjekt med Førdefestivalen! Billettar

Vi kjem med meir oppdatert info etterkvart, og håpar på forståing for at ting vert publisert ein tanke seinare enn vanleg.



17. mars 2020:

Godtfolk!


Det er unntakstilstand på mange områder i desse dagar og kulturfeltet er hardt råka.

Inntil vidare har vi sett arbeidet med booking og programmering for resten av sesongen, inkludert Jazz på Jølst i oktober, på vent og vi må sjå korleis ting utviklar seg - før vi evt går vidare med planleggingsarbeidet. Vi håpar sjølvsagt at ting normaliserer seg slik at vi kan arrangere festivalen vår i oktober men no er ting veldig usikkert!

Vi håpar det står bra til med oss. No må vi alle delta i fellesskapsdugnaden og gjere det vi kan for å begrense smittespreinga.

Saman står vi han av!


Torsdag 2. april 2020 kl. 20.00 på Sunnfjord kulturskule, Førde:

TOIVO   Avlyst


Med utspring frå Griegakademiet i Bergen, kjem Toivo med musikk inspirert frå sekstitalsjazz – tenk Don Cherry og Charles Mingus – i moderne norsk drakt. Toivo er prosjektet til bassist og komponist Arne Toivo Fjose Sandberg, og starta opp i 2017. 

Låtmaterialet er basert på komponisten sin oppvekst og bakgrunn, godt hjulpe av eit ekstremt tett samspel mellom bass og trommeslagar Steinkopf, og intenst leikne solistar. Ungdommeleg og entusiastisk jazz som platedebuterer i 2020!

ARNE TOIVO FJOSE SANDBERG kontrabass
MATHIAS MARSTRANDER gitar
AKSEL RØED saksofon
ANDREAS HATZIKIRIAKIDIS trompet
SIGURD STEINKOPF trommer

Billettar: kr 250 (vaksne), kr 200 (medl./student), kr 50 (under 25 år). Lenke til billettsal.

Velkommen!



Sunnfjord kulturskule held til i  Angedalsvegen 5, 6800 Førde.


Tidlegare i 2020:


"Ein fantastisk konsert, for å seie det mildt!"



Overskrifta er ein kommentar frå publikum etter ein strålande konsert med


Tor Yttredal Impression Quartet  Løa 1. februar 2020! 


Jazzåret 2020 er dermed i gang!



1. februar 2020

Kl.  20.00 i Løa på Jølstraholmen


Tor Yttredal Impression Quartet


Førehandsomtale:

Nærare eit superband i norsk musikkliv er det ikkje mogleg å koma! Stavangermusikar Tor Yttredal er ein premissleverandør i Stavanger sitt musikkliv som fortener eit langt større publikum. No har han sett saman eit draumeband med Audun Kleive frå The Chasers og Jøkleba, Ståle Storløkken frå Supersilent og Elephant9 og superbassist Ole Morten Vågan frå Trondheim Jazzorkester og Motif. Sjølv har Yttredal jobba mest med å få andre musikarar til å låta betre – no er vi heldige som får høyra kva han har på hjartet saman med nokre av Noregs fremste musikarar.

TOR YTTREDAL saksofonar
STÅLE STORLØKKEN tangentar
OLE MORTEN VÅGAN bass
AUDUN KLEIVE trommer

Billettar: kr 250 (vaksne), kr 200 (medl./student), kr 100 (under 25 år). Lenke til billettsal.

Samarbeid mellom Vestnorsk jazzsenter, Løa på Jølstraholmen og  Jølster jazzklubb.


MayRahKee til Blest!


I samarbeid med Blest Festival presenterer vi MayRahKee til Blest 2020


I februar 2019 slapp artisten debutplata «To the Core». No er ho aktuell med singlane “Yka" og "Contradictions", som flettar element frå jazz og hiphop i eit varmt og fresht lydbilete. Med referansar som Anderson Paak, Robert Glasper og Noname dreg artisten jazzen inn i den urbane musikkscena.  


Blest Festival vert arrangert 17. og 18. januar 2020 i Førde. Medlemmer av Jølster jazzklubb får billettar til medlemspris! Lenkje til billettar.



Lytt til Contradictions med MayRahKee på YouTube



2019:


"Verdas minste jazzfestival veks"

"Jubileumsfestivalen tok publikum med storm"

"Rekordmange fekk med seg konsertane"


Dette var nokre av overskriftane i Firda Tidend etter det tiande Jazz på Jølst! 


Vidare kan vi lese:  Årets jazzfestival i Jølster er historie, og ei helg spekka med musikalske høgdepunkt sender den tiande festivalen inn i historiebøkene som den beste så langt.  – Vi har vore gjennom ei helg der vi har gått frå det eine musikalske høgdepunktet til det andre, og der publikum har strøymd til Jølster som aldri før, sa styremedlem i jazzklubben og bookingansvarleg for festivalen, Halvar Helgheim, då han ønskte velkomen til den siste av konsertane. 

Det var sagt på førehand at det skulle gjerast litt ekstra ut av jubileumsfestivalen når det gjeld artistar og musikalsk kvalitet. Det klarte arrangørane å få til, og det var ikkje fnugg av sjølvskryt i det Halvar Helgheim sa om den musikalske kvaliteten. Heller ikkje var det oppskrytt at publikum strøymde til som aldri før, og spesielt laurdag var det lang kø framfor inngangen til opningskonserten med Kristin Asbjørnsen. – Aldri før i denne festivalen si historie har vi måtta setje inn ekstra stolar. Det er utruleg kjekt, sa klubbleiar og festivalsjef Hilde Hegrenes då ho ønskte velkomen til festival laurdagskvelden, framfor eit rekordstort publikum.


Og slikt oppsummerar Firda Tidend festivalen: Kort summert var dette ein festival der blåsarane stod i høgsetet, saman med mange og flotte vokalprestasjonar. Vi slapp band med kontrabass som soloinstrument, og takk for det, men vi fekk fantastiske saksofonar, ei strålande trombone og eit par eminente trompetar. Kristin Asbjørnsen, Tricia Boutté, Sinikka Langeland og Siril Malmedal Hauge sto for vokalprestasjonar som hevar denne festivalen opp på eit nytt nivå. 


Med så mykje publikum som reiste heim med hovudet fullt av gode opplevingar, skal det forundre mykje om ikkje festivalen lever i beste velgåande også om nye ti år. – Vi er allereie i gang med neste års festival, men ingen artistar er så langt hanka inn, kunne styremedlem i jazzklubben og bookingansvarleg, Halvar Helgheim, fortelje. Det er berre å glede seg.


Biletet er frå konserten med Ytre Suløens Jass-ensemble og Tricia Boutté, dei leverte som vanleg! Fleire bilete finn du her.


Førehandsomtaler:



JAZZ PÅ JØLST for 10. gang!


10.–13. oktober 2019



Vi er stolt og kry over å kunne ynskje velkomen til den 10. Jazz på Jølst-festivalen! Vi lovar flotte artistar og god stemning! Vi er særskilt glad for at Førdefestivalen samarbeider med oss om opningskonserten. Vi er også glad for at kyrkja i Jølster nok ein gong er med på laget. Gudstenesta søndag er prega av jazz ved at presten og jazzmusikaren Carl Petter Opsahl deltek.




PROGRAM


Torsdag 10. oktober

20.00 "Tjuvstart" med Camilla Hole Trio
           Brunsj & Briller
           Bill. 250/200/100

Fredag 11. oktober

20.00 Opningskonsert med  Kristin Asbjørnsen − Traces of You
          Thon Hotel Jølster
          Bill. 300/250/100/Jazzpass*
22.30 Ytre Suløens Jass-ensemble & Tricia Boutté: In the Court of King Oliver
           Thon Hotel Jølster
           Bill. 380/320/100/Jazzpass*

Laurdag 12. oktober

11.00 Omvisning i Eikaasgalleriet: Astrup + Eikaas. 
          Bill. 50. Open kafé.          
12.00 FOR BORNA: Geitejazz! (Idun Losnegård & Jacob Wyrtz)
          Thon Hotel Jølster
          Bill. 100/Jazzpass*
12.00 Carl Petter Opsahl - Heilag (arrangør Kyrkja i Jølster)
          Ålhus kyrkje
          Bill. 100 
14.00 Kafékonsert med QNZ
          Audhild Vikens vevstove
          GRATIS  (men dei som ynskjer å støtte dei unge musikarane, tek gjerne med nokre kontantar til "Jazzmannen" :))
20.00 Sinikka Langeland - Sauna Cathedral
          Thon Hotel Jølster
          Bill. 300/250/100/Jazzpass*
22.30 Siril Malmedal Hauge
          Thon Hotel Jølster
          Bill. 270/220/50/Jazzpass*

Søndag 13. oktober

11.00 Gudsteneste med jazzstemning
          Medv.: Prest og jazzmusikar Carl Petter Opsahl         

BILLETTAR
Billettprisane for kvar konsert skal lesast slik: vanleg pris / medlems- og studentpris / under 25 år .
* JAZZPASS
Gjeld alle konsertane unnateke "Tjuvstart"-konserten og Carl Petter Opsahl. Pris: 900/750/150 (t.o.m. 15 år).
Førehandssal av billettar/jazzpass hos TicketCo, www.ticketco.no. Elles i døra.


MAT/OVERNATTING   
Thon Hotel Jølster, Skei, er ein naturleg stad å halde hus denne helga, då dei fleste konsertane skjer her. Dei har følgande jazzprisar: Enkeltrom med frukost kr 895,- pr. natt og dobbeltrom for 2 pers med frukost kr 1 095,- pr. natt. Rikhaldig middagsbuffet begge kveldar kr 395,- pr. pers / kveld. Lunsj og a la carte alle dagar. Kontakt hotellet for bestilling av rom. Tlf.: +47 57 72 78 00.  E-post: [email protected] Nettside: www.thonhotels.no/jolster.



EKSTRAKONSERT I ÅLHUS KYRKJE!

I tillegg til å delta på gudstenesta, held Carl Petter Opsahl også ein eigen konsert. Det skjer i 

Ålhus kyrkje, laurdag 12. oktober kl 12.00
Billett kr 100

Velkommen til ein lyrisk og annleis konsert, med slåttemusikk for solo bassklarinett! Gjennom to år på Ole Bullakademiet har Carl Petter Opsahl fordjupa seg i tradisjonsmusikk fra Gudbrandsdalen med Aslak Brimi som læremeister. Opsahl har omforma feleslåtter og vokalstoff til bassklarinettens klangverden, og vil fremføre springleiker, salmetoner, huldreslåtter, samt lyarslåtten "Heilag."

Carl Petter Opsahl (f. 1964) – klarinettist, komponist og gateprest – har spilt med Caledonia jazzband i over 35 år. Han var med å starte Chateau Neuf Spelemannslag. Han har gitt ut ei rekke plater, med Chateau Neuf Spelemannslag, Caledonia Jazzband og under eige namn, og spelt på Vossajazz med Tord Gustavsen og Chateau Neuf Spelemannslag. I 2012 tok han doktorgrad på hip hop-kultur og spiritualitet, og ga nylig ut boka Dance to my Ministry. Exploring Hip-Hop Spirituality. Carl Petter Opsahl er æresborger av New Orleans. Carl Petter Opsahl og Jo Asgeir Lie har akkurat gitt ut albumet #23 med tradisjonsmusikk frå Gudbrandsdalen.




ARTISTAR TIL JAZZ PÅ JØLST 2019


Torsdag 10. okt. kl. 20.0022.00 Brunsj & Briller (tidlegare Fjøsen Pub), Skei


"Tjuvstart"


CAMILLA HOLE TRIO 


Musikarane her har spelt i lag i fleire ulike konstellasjonar og har no gått saman om ein felles draum om å lage ei folkemusikkplate.
Trioen har som utgangspunkt ein tanke om at folkemusikken høyrer framtida til – han skal førast vidare. Musikarane spelar folkemusikk, i hovudsak frå Sogn og Fjordane, men også ny musikk. Camilla, Fredrik og Knut har bakgrunn frå jazz og improvisasjonsmusik og spelar instrument ein ikkje nødvendigvis knyter til folkemusikk. Dei tek med seg instrumenta og dei musikalske preferansane sine når dei tolkar dei vakre, tradisjonsrike låtane som har blitt førte vidare gjennom generasjonar. Ved hjelp av andre klangar og eigne oppfatningar av essensen i musikken tilfører bandet låtane noko ekstra.

Camilla Hole (frå Breim) − saksofon
Fredrik Luhr Dietrichson − kontrabass
Knut Kvifte Nesheim − trommer/vibrafon


Bill.: 250 (vaksen), 200 (medlem/student), 100 (under 25 år) hos TicketCo



Fredag 11. oktober kl. 20.0022.00 Thon Hotel Jølster, Skei


OPNINGSKONSERT


KRISTIN ASBJØRNSEN − Traces of You


Kristin gav ut albumet «Traces Of You» i 2018 til strålande omtalar både i Noreg og internasjonalt. Songane opnar nytt terreng i Kristins mangefasetterte univers. Med sterk meloditeft og poetisk sans blir gitarar, vestafrikansk kora og stemmer vovne saman i eit særdeles vakkert og meditativt lydlandskap. 

Musikken ber avtrykk frå vestafrikansk musikk, voggesongar og stillfarande nordisk jazz. Sildrande afrikanske ornamenet står i leikande dialog med eit klangfylt gitarunivers. Kristins lyrikk er omsett til vestafrikansk mandinka i rørande samsong med Suntou. Songane er som vare inntrykk av livsavtrykk, nærvær og kjærleikens omskapingar.
Kristin Asbjørnsen er ei av dei mest originale stemmene i norsk musikk, og det er alltid ei stor oppleving å høyre henne på scena. Det er duka for ei unik konsertoppleving med Kristin og hennar to eminente musikarar. 


Konserten er eit samarbeid med Føredefestivalen/FolkJazzscena – eit samarbeid vi er svært glade for!


Kristin Asbjørnsen – vokal
Olav Torget – gitarar og vokal
Suntou Susso – kor og vokal


Bill.: 300 (vaksen), 250 (medlem/student), 100 (under 25 år) hos TicketCo



Fredag 11. oktober kl. 22.3000.30 Thon Hotel Jølster, Skei

Ytre Suløens Jass-ensemble & Tricia Boutté: In the Court of King Oliver

Ytre Suløens Jass-ensemble er alltid på utkikk etter noko nytt, og i jubileumsåret 2018 (45 år) ville bandet søkje etter noko dei ikkje hadde gjort før. Det blei bestemt at bandet skulle ta utgangspunkt i King Oliver, ikonet frå 20- og 30-talet som sette sitt heilt eige preg på musikken, og som var den første til å presentere den pur unge Louis Armstrong på jazzscena i 1923. Dei lytta til musikken hans, og eit knippe låtar blei valde ut til konsert på Moldejazz. Etter to utselde konsertar med god stemning både på scena og i salen blei det straks bestemt at musikken måtte inn på plate!

Denne plata blir sleppt på Moldejazz 2019 og vil dermed vere rykande fersk når bandet kjem til
Jølster. Musikken består i stor grad av arrangerte blåseparti som høyrest improviserte ut, og improviserte blåseparti som høyrest arrangerte ut. Kollektiv improvisasjon, fleirstemde fanfarar og ein energisk og offensiv driv i bandet. Det er sjølvsagt også mange flotte soloar, men det er samspelet som står i høgsetet når King Oliver skal hyllast!

Lars Frank – klarinett
Sturla Hauge Nilsen – trompet
Andreas Rotevatn – trombone
Einar Aarø – banjo/gitar
David Gald – tuba
Morten Gunnar Larsen – piano
Kristoffer Tokle – trommer
Tricia Boutté − vokal

Bill.: 380 (vaksen), 320 (medlem/student), 100 (under 25 år) hos TicketCo


Laurdag 12. oktober kl. 12.0013.00 Thon Hotel Jølster, Skei

FOR BORNA: GEITEJAZZ! (Idun Losnegård & Jacob Wyrtz)

Sogn og Fjordane Teater vil gjerne invitere dei minste til å vere med på å lage ein jassa versjon av eventyret «Ulven og dei sju geitekillingane».

I eventyret må geitemamma etterlate dei sju killingane heime for å gå ut og leite etter mat. Ho gir killingane streng beskjed om at dei ikkje må opne døra for ulven, og dei gjer så godt dei kan, men ulven kan triks som ein må ha levd i fleire geitår for å kunne avsløre. Han et krit for å gjere stemma mildare, og han drysser mjøl på dei svarte labbane. Klarer han til slutt å setje tennene i det møre kjøtet deira...?

Ungar og jazzmusikarar har det til felles at dei likar å improvisere og utforske ytterkantane av kva som er mogleg å få til. Distriktsmusikar Jacob Wyrtz og skodespelar Idun Losnegård elskar å lage lyd saman med born. Dei bygger opp forteljinga med improviserte jazzrytmer og musikalske kollbøtter, men er heilt avhengige av hjelp frå dei minste til å skape den riktige grooven: lyden av det bankande hjartet til killingen som gøymer seg i klokkeskåpet, uvêret som bryt laust når ulven plutseleg står midt på stovegolvet.
Jazzmusikken skaper ei berg-og-dal-bane av stille spenning og hoppande glede som det unge publikummet kjem til å digge.

Medverkande
Idun Losnegård
Jacob Wyrtz

Bill.: 100 (alle) hos TicketCo


Laurdag 12. oktober kl. 14.00 Audhild Vikens Vevstove

Qnz 

Qnz er ein jazzkvartett frå musikklinja på Firda. Saman spelar dei alt frå standardlåtar til sjølvlaga cover. Det har blitt ein tradisjon at Jazz på Jølst stiller scene til unge, lovande musikarar under festivalen. Dette er årets gratiskonsert, men Jazzmannen står klar til å ta i mot gåve!



Marius Arntsen - saksofon
Håvard Sætre - gitar
Oddmund Voll - bass
Mikal Nordheim - trommer

Gratis, men ta gjerne med kontantar om du vil støtte, då dei "spelar for døra"!


Laurdag 12. oktober kl. 20.0022.00 Thon Hotel Jølster, Skei


SINIKKA LANGELAND – Sauna Cathedral


Sinikka Langeland er ein av dei mest markante musikarane i vår tid. Gjennom forsking, gjenforteljing og framføring har ho gjeve kulturen i Finnskogen ein heilt ny profil. Ho spelar det finske nasjonalinstrumentet kantele, men er òg kjend for sin bruk av folkesongtradisjonar som runesong og kveding. Som komponist har Langeland utforska tradisjonell folkemusikk og skapt kontrastar med eigne melodiar og tekstar. I dei seinare åra har Langeland jobba med tilhøvet mellom religiøse folketonar og kormusikk av Bach, ein spennande kamp som har resultert i fire CD-innspelingar i eit heilt nytt musikalsk landskap.
«Sauna Cathedral» av Sinikka Langeland, framført av nokre av verdas leiande jazzmusikarar, er inspirert av eld i ulike former. Verket er samansett av tre delar, og kvar del vert innleia med ein runesong. Eldfisken er ei eldrune oppteikna i 1821 på Finnskogen, det same er Ukko, mens Sanervatar er ei karelsk saunarune.

Sinikka Langeland – vokal, kantele
Eivnd Nordset Lønning − trompet
Trygve Seim − saksofon
Maja Ratkje − harmonium, vokal, elektronikk
Mats Eilertsen − kontrabass
Markku Ounaskari − trommer
Lyd: Pål Terje Antonsen


Bill.: 300 (vaksen), 250 (medlem/student), 100 (under 25 år) hos TicketCo



Laurdag 12. oktober kl. 22.30−00.30 Thon Hotel Jølster, Skei

SIRIL MALMEDAL HAUGE


Siril Malmedal Hauge er ei relativt ny og spennande stemme på den norske scena. Ho er ein etterspurd og allsidig vokalist og er aktiv i ei rekke prosjekt både som vokalist og instrumentalist. Ho vitja Jølster Jazzklubb i 2016 med si tolking av Joni Mitchell, og konserten fekk ståande ovasjonar.
Siril evnar å tilpasse seg dei instrumentalistiske settingane, som formidlar av både ord og melodi. Hennar nye prosjektet «Uncharted Territory» kom ut tidlegare i 2019 på plateselskapet Jazzland Recordings, til strålande kritikkar. Musikken handlar om endringar og funn i kjærleik og liv. Det å forlate det som er trygt og kjent og å gå ukjende stiar. Ærlege ord om einsemd og usikkerheit og nye funn i seg sjølv og omgjevnadene. Musikken er inspirert av sjangrar som folk, pop og jazz og er kjenneteikna av fengande melodiar, stødige riff, ærlege tekstar og spennande arrangement.

Siril Malmedal Hauge – vokal og strengeinstrument
Martin Myhre Olsen − saksofonar
Torgeir Hovden Standal – gitarar
Kjetil André Mulelid − piano
Martin Morland – bass
Henrik Lødøen − trommer


Bill.: 270 (vaksen), 220 (medlem/student), 100 (under 25 år) hos TicketCo


Støttespelarar og samarbeidspartar: