Jølster jazzklubb - - ein musikalsk møteplass for dei med øyre



ANDRE ARRANGEMENT I 2017




4. februar 2017: 
Fredrik Saroea Quintet 
kl. 20.00 i Løa på Jølstraholmen



Fredrik Saroea er nok mest kjend som medlem og frontfigur i det ikkje ukjende bandet Datarock. I Fredrik Saroea Quintet viser han seg fram frå ei anna side. Det kan jazzentusiastar i Jølster og omegn gle seg over og til!

Fredrik Saroea Quintet er samansett av eit knippe svært dyktige musikarar og er enkelt sagt eit tributeband til Chet Baker og tolkingane hans av vokalrepertoaret på 50-talet. Bandet starta som kvartett for 14 år sidan og har spelt på NattJazz, Finse Jazz og fleire av jazzklubbane i Bergen. Kvartetten er utvida med Are Ovesen på trompet. 

Bandet er kjent  å skape stor stemning, så no gjeld det berre å spreie ordet!

Fredrik Saroea (vokal)
Bjarne Øymyr (piano)
Alexander Grieg (bass)
Are Ovesen (trompet)
Nils Are Drønen (trommer)

Bill. hos TicketCo eller i døra: 
250 (vaksne)
200 (medlem/student)
50 (under 20 år)



------------------------------------------------------------

SOMMARJAZZKURS 
(MED AVSLUTNINGS-KONSERT)!

Når:
28. juni til 1. juli 2017 (heimreise 2. juli)

Kvar:
Thon Hotel på Skei i Jølster


Instruktørar: Tor Yttredal – saksofon/treblås, faglig ansvarlig Dag Arnesen – piano Eva Bjerga Haugen – vokal Nina Kristina Linge – gitar Andreas Rotevatn – trombone/messingblås Magne Thormodsæter – bass Øyvind Skarbø – trommer

For fjerde år på rad arrangerer Vestnorsk Jazzsenter Sommarjazzkurs. Formålet er å inspirere fleire, særleg unge, til å bli interessert i og spele improvisert musikk. Men kurset skal også kunne vere ei inspirasjonskjelde for dei som allereie er bevandra i faget. Påmeldte mellom 15 og 25 år har fortrinn om det blir rift om plassane. Det er ein fordel å kunne lese notar og det forventast ein viss instrumenterfaring, men det aller viktigaste er lysta til å spele og lære meir! Undervisninga blir organisert slik at det vil vere noko å bryne seg på uansett nivå.

Praktisk info: Undervisningsstart er onsdag kl. 13:30. Kurset avsluttast med konsert laurdag kveld der både instruktørar og deltakarar deltek. Vi reiser heim søndag. Kurset sørgjer for overnatting også laurdag til søndag. Deltageravgifta er kr 2 500,- og dekkjer undervisning, notar, mat og overnatting. Undervisninga vil finne stad på Thon Hotel på Skei i Jølster. Deltakarane ordnar sjølv med reise og kjem seg til Skei på eiga hand. Bil eller buss er det enklaste. Ta kontakt ved behov for meir info om reisemoglegheiter. Overnatting vil primært vere i fleirsengsrom. Enkeltrom kan truleg skaffast mot eit mellomlegg. Måltida er felles. På kveldane vert det lytting til musikk og jam-sessions for dei som vil vere med. Meld deg på her.

For meir info, kontakt Nina på nina@vestnorskjazzsenter.no / 976 97 424 eller Audun på audun@vestnorskjazzsenter.no / 959 77 187

Sjåast på Skei!



--------------------------------------------------------------



Jazz på Jølst 2017

Jazz på Jølst vert arrangert for åttande gong torsdag 12. oktober til søndag 15.oktober. Set av datoane med det same. Årets artistar: Bendik Hofseth, Vargtime med Gunnar Staalesen, Never on a Sunday med Ragnhild Furebotten, Monk i 100 med Knut Kristiansen, Significant time, Meg og kammeraten min og elevar frå Firda vidaregåande skule.


Klikk på lenkja Jazz på Jølst 2017 for heile programmet.













Følg oss på facebook!

Stad:

Thon hotel Jølster
Løa Jølstraholmen
Fjøsen
Audhild Vikens vevstove


Tid:

Torsdag 12.oktober: kl. 20.00 

Søndag 15.oktober: kl. 13.00



Website Builder drives av  Vistaprint