Jølster jazzklubb - - ein musikalsk møteplass for dei med øyre




ANDRE ARRANGEMENT I 2019



HILDO (nominert til Musikkritikerprisen 2018)
på Vassenden kyrkjesenter 26. februar kl. 20.00


Berit Opheim (vokal) / Tore Brunborg (saksofon) / Stein Urheim (strenger) / Steinar Raknes (bass) / Kåre Opheim (trommer) / David Solheim (lydtekniker)

«Hildo» heitte den gamle kyrkjeklokka som ljoma over Vossevangen frå tårnet på Vangskyrkja i gamle dagar. Det finst fleire segn og folketonar til ære for klokka, som var kjend for sin uvanlege fine og sterke klang. Eit av segna seier at bergensarane ville låna klokko, og vossingene var dumme nok til å seia ja. Ute i Bolstadfjoren rauk det opp til uver, båten sokk, og der ligg klokko på havsens botn den dag i dag,

Konsertproduksjonen HILDO er eit samarbeid mellom Riksscenen og Vossa Jazz og hadde première på Vossa Jazz 2018. Fem fantastiske musikarar, med Brunborg og Opheim i spissen, har teke utgangspunkt i ulike folketonar og slåttar frå mellom anna Voss, Sogn og Hardanger, og serverer desse i nye arrangement og med nykomponerte tema. Det vert både balladar, bånsullar, stev, barnesongar, salmar og slåttar, i hendene på musikantar som går «Hildo» sjølv ein høg gong når det kjem til klang og styrke.

SAGT OM HILDO:
«Sammen med et knippe kortreiste musikere blir den gamle folkemusikken lett oppjazzet og tilført en moderne tonedrakt. Vakkert, spennende og forførende. Ikke minst Berit Opheims praktfulle kveding skaper et uttrykk du ikke finner noen andre steder. En fullsatt kinosal hyller da også musikerne med stående applaus til slutt. Det skulle bare mangle. Dette er real norsk eksportvare på linje med laks og olje.» 
Einar Engelstad i Bergen Tidende, 25/3/18

«Viss ikkje samarbeidet mellom Tore Brunborg og Berit Opheim held fram etter konsertane på Vossa Jazz og på Riksscenen i hovudstaden, er det både synd og skam – og eit stort tap for heile kultur-Noreg. Urframføringa av prosjektet Hildo i Gamlekinoen laurdag vart ei ut av kroppen-konsertoppleving. Så sanseleg vakkert, så gjennomarbeidd på alle plan, og så utruleg dyktig gjennomført av fem av våre største musikarar.» Nils Kvamsdal i Avisa Hordaland, 27/3/18

Billettprisar: 250 (vaksne), 200 (medlem/student), 50 (under 25 år)

Billettar på TicketCo her.


--------------------------------------------


Løa på Jølstraholmen
25. januar kl. 20.00
VINTERJAZZ med Hans Marius Andersen band

Jølster Jazzklubb sparkar i gang jazzåret 2019 med Vinterjazz i Løa på Jølstraholmen fredag 25. januar klokka 20.00. Hans Marius Andersen med band spelar. 

Dei kjem i hovudsak til å spele ei blanding av låtar frå platene «Embraceable You» og «Tango For One».

Hans Marius Andersen – trompet
Peder Kolsung – keys
Sigmund Vik – bass
Michael Chauvet Jørgensen – trommer

Les meir om Hans Marius her: www.hansmariusandersen.com

Lenke til billettar på TicketCo.

Velkommen!




Website Builder drives av  Vistaprint