Jølster jazzklubb - - ein musikalsk møteplass for dei med øyre
 
 



Kommande arrangement 2019



13. april:

Gjestebod med Hovland & Tønes
kl. 19.30 i Løa på Jølstraholmen

Start påskeferien med eit herleg festmåltid og underhaldning av aller beste merke når Ragnar Hovland og Frank Tønnesen møtest til prat og poesi, song og spel på scena i Løa på Jølstraholmen.

"Tønes fortel gode historier, på ein måte som dei gode historiene ikkje har blitt fortalde før. Morosamt, surrealistisk, melankolsk og rørande. Og korleis får han det til? Tønes er kvardagssurrealisemens største poet her til lands," seier Ragnar Hovland, sjølv om han sit på same trona sjølv.

Begge skriv om det store i det små og set farge på grå kvardagar.

"Det eg sedde pris på med Ragnar sine teksta e mye: humoren, alvoret og alle øverraskelsane, galskapen og varmen. I denna litt skumle verden e Ragnar sine teksta som ein slags medisin eller trøst," seier Frank «Tønes» Tønnesen.

Til festkvelden i Løa på Jølstraholmen har Christel Eide komponert ein fire-retters påskemeny med lokale råvarer av beste sort:

Laks tataki, wasabi
-
Miniburger av fjordfe
Ferskost med ramslauk
Spekepølse
-
Påskelam, rotgrønnsaker
Sjysaus, fløytepotet
-
Limemousse, mango,
Pasjonsfrukt, makron

Noko godt i glaset er inkludert når du kjem. Vinpakke, øl eller alkoholfritt drikke til maten vert å få kjøpt.

"Hovland og Tønes reddar kvelden" er utvikla av Svidal skriveri med støtte frå Norsk kulturråd og Fritt ord. Program-serien er ein del av litteratursatsinga Rom for ord og vert arrangert i samarbeid med Jølster Bibliotek og Jølster Jazzklubb.

Billettar på TicketCo.

Velkommen!



Website Builder drives av  Vistaprint