top of page

ANDRE ARRANGEMENT I 2010

25. juni: "Fransk på Fjøsen"

Det første arrangementet i regi av Jølster Jazzklubb er historie. Vi er glade for å kunne seie at det vart ein vellukka kveld på Fjøsen Pub på Skei med eit entusiastisk og positivt publikum:)


Dette var førehandsomtalen:


Fredag 25. juni kl. 22.00 "Fransk på Fjøsen"


Hot Club d'Aalesund spelar akustisk swingjazz med energi og speleglede, med røter tilbake til gitaristen Django Reinhardt. På repertoaret står låtar av Django sjølv, kjende standardlåtar frå jazzens gullalder og nyare stringswingmusikk. Franske valsar, balladar og latinlåtar er òg med.


I Hot Club d'Aalesund spelar Kåre Nytun drivande rytmegitar, Svein Terje Barstad "hot" gitar, Terje Olsen swingande kontrabass og Magne Romestrand accordéon "virtuose". Magne står dessutan for forførande vokal på fransk!


Velkommen!

bottom of page