ANDRE ARRANGEMENT I 2011
ANDRE ARRANGEMENT I 2011
26. nov.: Linda Farestveit med INVENTARIUM på Skei Hotel

.jpg)
Førehandsomtale:
Linda Farestveit med INVENTARIUM spelar ei blanding av originalmusikk, standard jazz-låtar med innslag av “oppjazza” 60-talls rock og pop. Samarbeidet mellom Linda og KK begynte på Nattjazzen i 1985. Etter kort tid resulterte dette i skipinga av bandet “Night & Day” som var aktiv fram til 1993. Dei gav ut plate i 1991.
Linda Farestveit (vokal) Knut Kristiansen (piano) Ole Amund Gjersvik (bass)Øyvind Hegg-Lunde (trommer)
11. nov.: Tineke Postma og Nordic Warriors på Skei Hotel
11. nov.: Tineke Postma og Nordic Warriors på Skei Hotel
JAZZ I TOPPKLASSE PÅ SKEI HOTEL
.jpg)
Nederlandsk verdsstjerne og norsk stjerneskot til jazzscena på Skei Hotel
Tineke Postma er av mange rekna som ei av verdas beste kvinnelege saksofonistar. Vanlegvis speler ho verda rundt med kvartetten sin og med store jazzartister som Terri Lyne Carrington og Esperanza Spalding.
Elisabeth Lid Trøen har spilt saksofon i berre tre år, men har allereie imponert mange store jazzmusikarar. I september spelte ho for første gong med Steinar Raknes. Han blei så imponert at han vil etablere ein ny kvartett med Elisabeth, Raknes, Erlend Slettevoll (piano) og Eric Nylander (trommer). Dei vil ha debutkonsert i Oslo i desember.
Elisabeth har nyleg spelt to konsertar med Tord Gustavsen Trio. Ho har også spelt med mange store saksofonistar og har fått mykje ros frå alle, ikkje minst Joshua Redman som meiner at ho er eit utrolig talent.
Bandet er eit resultat av Voss Jazzskule sitt samarbeid med Tomorrow’s Warriors Jazzskule i London. I frontrekka berre kvinner (to saksofonar og ein trompet) og med fire mannlege tenarar bakom. Musikarane er ein mix av tidlegare elevar ved Voss Jazzskule som nå har gått vidare til ulike musikkonservatorium, og musikarar med tilknyting til Tomorrow’s Warriors.
Tineke Postma (Nederland) – altsaksofon
Elisabeth Lid Trøen(Voss) – tenorsaksofon
Laura Jurd (England) – trompet
Tarjei Kjerland Lienig – piano
Viljar Dyvik Sellevold – gitar
Bjørnar Kaldefoss Tveite – kontrabass
Kim Christer Hylland – trommer
24. juni: Sommarkonsert med Thea Hjelmeland på Eikaasgalleriet
24. juni: Sommarkonsert med Thea Hjelmeland på Eikaasgalleriet
.jpg)
Førehandsomtale: Thea Hjelmeland er ein ung og “ny” artist for dei fleste, sjølv om ho har spela konsertar med sjølvskrive materiale sidan ho var 13 år gamal. Førde-jenta har sidan den gong spelt på store festivalar og små, innrøyka barar i inn- og utland. Etter lengre opphald på Cuba og i Frankrike held ho seg for tida i dei to metropolane Paris og Førde.
5. april: Årets hottaste? Konsert med Hot Club de Norvège!
-1.jpg)
.jpg)
Førehandsomtale:
Hot Club de Norvège er eitt av dei hottaste livebanda i Noreg og har vore kontinuerleg på vegen sidan hausten 1979. Internasjonalt blir dei rekna blant dei fremste innan string swing. Med utgangspunkt i musikken til den legendariske sigøynargitaristen Django Reinhardt har dei i dag sitt eige uttrykk og ein unik sound. Musikarane i Hot Club de Norvège er berømte for si smittande speleglede og skaper ei heilt eiga stemning på konsertane. Musikken spenner frå glad og utovervend swing og heftig lidenskap til inderlege balladar og tragiske valsar, med ein og annan song ved Per Frydenlund innimellom. Mykje av repertoaret er signert Jon Larsen.
Dette er musikarane i Hot Club de Norvège:
Jon Larsen (gitar)
Finn Hauge (fiolin og munnspel)
Per Frydenlund (gitar)
Svein Aarbostad (bass)
Velkommen!
1. april: Glade jazztonar med Fredriksberg Jazzensemble og Kim Fairchild
1. april: Glade jazztonar med Fredriksberg Jazzensemble og Kim Fairchild
.jpg)
.jpg)
.jpg)
Fredriksberg Jazzensemble består av Eigil Helland (vokal), Stein Håvardstun (tromboner), Audun Sæbø (kornett og flygelhorn), Erlend Dyrnes (klarinett og altsaksofon), Svein Erling Hope (bass og vokal), Chlas Skrugstad (gitar) og Ole Feste (trommer).
22. februar: Konsert med The Brazz Brothers på Skei Hotel
22. februar: Konsert med The Brazz Brothers på Skei Hotel
.jpeg)
.jpg)
Førehandsomtale:
Musikkglede, trøkk og improvisasjonskunst går som ein raud tråd gjennom alt The Brazz Brothers er med på. I dei seinare åra har dei spelt saman med alt frå afrikanske stammehøvdingar til trompetlegenden Lester Bowie og danske Povl Dissing. I konsertsamanheng får du dei i rein og ublanda tapping der dei garantert trykker ventilane til botnen og leverer ein heilstøypt improvisasjonskonsert med musikk som spenner frå New Orleans-jazz via afrikanske rytmar til folkemusikk.