top of page

ANDRE ARRANGEMENT I 2013

14. juni: STEMNINGSFULL SOMMARJAZZ


Dei garva jazzmusikarane Oddmar Amundsen, Frank Jakobsen, Rolf Prestø, Aage Vaksdal og ikkje minst frontfigur Per Janke Jørgensen i Per Jankes kvintett heldt ein herleg konsert i Skredehagen på Skei Hotel 14. juni. Mange fleire burde ha vore der, men dei som hadde teke turen var særs nøgde.

Førehandsomtale:


SOMMARJAZZ MIDT I FYLKET - MED PER JANKES KVINTETT!


14. juni kjem Per Janke Jørgensen med fire andre garva jazzmusikarar til Jølster og Skei Hotel, og kl. 20.00 brakar det laust! Velkommen til sommarjazz midt i fylket!


Musikarane i Per Jankes kvintett er stammen i orkesteret som kvart år framfører musikken til Kinnaspelet – songen ved det store djup – ved Sogn og Fjordane Teater. Orkesteret består av jazzmusikarar med eit standard repertoar.


I denne kvintetten finn vi på gitar Oddmar Amundsen som har dansa med Nina Owing. Frank Jakobsen speler trommer og er tidlegare noregsmeister i jojo. Rolf Prestø er tidlegare løpar og speler kontrabass. Aage Vaksdal speler trekkspel og keyboard og drøymer om statue av seg sjølv på heimstaden. Sist, men ikkje minst, finn vi på saksofon Per Janke Jørgensen som har handhelsa på den japanske keisaren. Kjekke karar alle saman!


Billettar i døra


Vaksne: kr 250

Medl./stud.: kr 200

Under 20 år: kr 75

27. april: Tanzmacher - med jazz for born

KJEMPEGØY MED BARNEJAZZ!


Gruppa Tanzmacher varta opp med jazz for born på Skei Hotel laurdag 27. april. Og gjett om det var moro!


Drygt 50 små og store hadde funne vegen til Skei Hotel midt på laurdagen, endå det var rikeleg med andre tilbod i Jølster denne dagen. Og dei fire musikarane i Tanzmacher skuffa ikkje. Med spanande musikk og lydar, dans og lys og bevegelsar under eit "levande" blått teppe heldt dei både borna og dei vaksne i ande i litt over ein halv time. Akkurat passe lenge. Og gjett om det var moro å få vere med å blafre med det store, lette blå teppet då det heile nærma seg slutten!


Ein stor takk til Tanzmacher og Den musikalske stamvegen / Vestnorsk jazzsenter for dette tilbodet!

Med Stephan Meidell – gitar

Eva Pfitzenmaier – vokal

Øyvind Hegg-Lunde – trommer

Karen Eide Bøen – dans

Billettar i døra:

kr 50 for born

kr 100 for vaksne

kr 150 for familie

Hjarteleg velkommen til store og små!

Førehandsomtale:


Den musikalske stamvegen sender i år m.a. gruppa Tanzmacher ut på vegen, og eitt av stoppa dei gjer er på Skei Hotel.Tanzmacher er eit Bergensbasert band som improviserer for og med borna saman med dansarar på ein ukonvensjonell måte. Dei har eit kunstnarisk fokus og engasjement som lokkar med seg borna i ei eventyrverd av spanande lydar, rytmar og rørsler. Framsyninga er laga for born mellom 2 og 10 år. For dei vaksne som har lyst, men ikkje har eigne barn eller barnebarn i passande alder, har vi eit tips: lån eitt (eller fleire)! 

Førehandsomtale i Firda Tidend.

22. mars:

Suksess for Månevenn og The Four Musketeers!


Fredag 22. mars stod to lokale band på scena på Skei Hotel: Månevenn, som nyleg ga ut plate og no fekk sin konsertdebut, og kulturskulebandet The Four Musketeers, som for første gong heldt ein heil (halv) konsert.


The Four Musketeers var oppvarmingsband for Månevenn, og vi var særs imponerte over desse musikalske ungdommane. Månevennene gjorde også ein heiderleg innsats, det var flott med tekstar på dialekt og gode arrangement. Øyre Lyd gjorde som vanleg ein god jobb med lydpresentasjonen, i tillegg hadde dei - etter ønske frå Månevennene - eit forrykande lysshow.


Her er nokre bilete frå konserten (foto, Marit Hartvedt):


The Four Musketeers


Frå venstre: Espen Heggheim, Tommy Sandnes Kvammen, Ann Beate Eikås Hovland, Ingrid Gulbrandsen Årdal

Månevenn

Joakim Hanevold, vokal, gitar; Tor Ivar Flatjord, gitar; Svein-Olav Sandnes, bass; Stig Hegrenes, trommer;

Hugo Mølmesdal, tangentar; Hilde Hegrenes, vokal/kor

Førehandsomtale:


Månevenn med debutkonsert i Jølster

Oppvarmingsband:

Kulturskulebandet The Four Musketeers


Jølster jazzklubb har gleda av å presentere to band med røter i Jølster på Skei Hotel fredag 22.mars kl. 20.00. Konserten er ein del av Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt 250-årsjubileum.


Bandet Månevenn gav hausten 2012 ut plata «Til alle der ute». No var det på tide for dei å spele for eit levande publikum, og Jølster jazzklubb er glade for å stå som arrangør for denne konserten på Skei Hotel. Som oppvarmingsband har vi invitert kulturskulebandet The Four Musketeers, som har hatt mange oppdrag på ulike arrangement her i Jølster.


EP-en «Til alle der ute» er eit pop/rock-album med norske tekstar laga i all hovudsak forvaksne lyttarar. Ideen til plata blei til for eit par år sidan då låtskrivar og songar Joakim Hanevold tok turen over fjellet til Jølster og starta eit samarbeid med gitarist Tor Ivar Flatjord, bassist Svein-Olav Sandnes, trommeslagar Stig Hegrenes og tangentmann Hugo Mølmesdal. Etter dette har dei jobba med å finne eit musisk uttrykk som definerer dei som band. EP-en, som består av fem låtar, blei ferdig seinhaustes 2012. Dette er deira første utgjeving med sjølvlaga tekstar og melodiar.


Månevenn er eit band med sansen for både pop- og rocksjangrane. Tekstane touchar innomtrivialitetar i kvardagslivet og er både lystige og til tider i det meir dystre hjørnet. Denne plata er blitt til fordi musikk er ein universell lidenskap dei fem musikarane deler.

The Four Musketeers har vore eit band sidan 2011. Tre av medlemmene var tidlegare med i bandet Absoti. Då det vart oppløyst, fann desse tre – Ingrid Gulbrandsen Årdal, Tommy Sandnes Kvammen og Ann Beate Eikås Hovland – ut at dei ville fortsetje, fann ein fjerde musketer i Espen Heggheim og blei til The Four Musketeers. Alle fire har etter kvart lang fartstid i Jølster kulturskule, og dei har mange speleoppdrag å sjå tilbake på.


I utgangspunktet er dei to vokalistar og to gitaristar, men dei er òg rytmisk sjølvhjelpte med egg, tamburin og cajon i tillegg til tangentar. Dei spelar melodiøse pop/rock-låtar, førebels mest cover, men driv òg på med å skrive stoff sjølve. Dei legg vekt på at humor på øving er ein viktig ingrediens, noko som syner att i mykje god energi på scena.

Jølster jazzklubb ønskjer velkommen til ein musikkveld av dei sjeldne, der både jølstringar og andre bør kjenne si besøkelsestid.


Billettar i døra Vaksne: kr 250 Medlem og student: kr 200 Under 20 år: kr 75,- (ungdomskort)

24. februar: Årsmøte


24. februar vart årsmøtet i Jølster jazzklubb halde på Skei Hotel. Alt gjekk roleg og greitt føre seg, både gjennomgang av årsmelding og rekneskap og planane for 2013. Gledelig var det òg at alle som var på val i styret, tok attval.


Frå venstre: Arne Per Huus, kasserar; Silja Juklestad, 2. vara; Hilde Hegrenes, nestleiar: Marit Hartvedt, styreleiar; Herdis Høyer Haugland, 1. vara; Mona Solvang, skrivar; Halvar Helgheim, styremedlem

1. februar: Vinterjazz med Karl Seglem og Elin Furubotn

Omtale i Firda Tidend og bilete frå konserten (foto: Marit Hartvedt og Hallstein Dvergsdal)

Førehandssomtale:


Karl Seglem og Elin Furubotn på Eikaasgalleriet


Elin Furubotn er tekstforfattar, komponist, vokalist og gitarist. Musikalsk beveger ho seg i grenselandet mellom viser, pop og jazz. I februar 2012 gav ho ut sitt femte album, ”Heilt ny vei”, både i Noreg, Tyskland og USA. Furubotn sin internasjonale debut fekk svært god mottaking både nasjonalt og internasjonalt.


Tenorsaksofonisten Karl Seglem sine siste album har fått overveldande kritikkar i Skandinavia, Tyskland og USA. Han har turnert i mange år i utlandet, særleg i Tyskland med sitt eige band. Seglem fekk den høgthengande jazzprisen ”Buddyprisen” i 2010.


Det siste året har Elin og Karl turnert både i Noreg og Tyskland. I dette duo-samarbeidet framstår musikken til Elin Furubotn med en reinleik og nærleik som er sjeldan. Saman skaper dei ei intim og nærverande stemning med Furubotn sin melodiske teft, spennande gitarklangar og tydelege vokalformidling kombinert med Karl Seglem sin uttrykksfulle og poetiske saksofon og litt meir rå bukkehorntonar.


Eikaasgalleriet, 1. februar kl. 20.00. Billettsal i døra.


Billettprisar:

250 (ordinær)

200 (medlem/student)

50 (under 20 år)

bottom of page