top of page

ANDRE ARRANGEMENT I 2014

18. november kl. 20.00, Påfyll Jølster, Ålhus

Atilla - jazzstudentar med eksperimentell pop

Førehandsomtale:


Atilla – jazzstudentar med eksperimentell pop


Atilla er ein duo som eksperimenterer med grensene mellom synthpop og improvisasjonsmusikk. Duoen speler på det enkle og melodiøse, tankefulle og drømmande, men også det voldsomme og ekspressive. Atilla kan lett forvekslast med Attila – hunerkonge og drapsmaskin frå det femte århundret, men det anbefalast ikkje.


Musikarane Siri Byrkjedal (frå Gloppen) og Martin Ulvin er studentar ved Norges Musikkhøgskule. Dei er i desse dagar ute på turné og skal spele konsertar i Bergen, Trondheim, Oslo, Ås og Jølster.


Siri Byrkjedal (vokal og synth)

Martin Ulvin (trommer og synth)


Billettprisar:

Vaksne, kr 170, medlem, kr 140, student, kr 100, under 20 år, kr 50


Lenke til billettane hos TicketCo.


Velkommen!

Måndag 1. september kl. 20.00

HØG TRIVSELSFAKTOR PÅ PÅFYLL JØLSTER

Det viste seg at både lokala og musikarane heldt mål og vel så det då Excess Luggage heldt konsert hos Påfyll Jølster på Ålhus 1. sept. Det var rett og slett fullt hus og strålande stemning!


Frå venstre:

Vigleik Storaas, Steinar Sønk Nickelsen, Håkon Mjåset Johansen

Førehandsomtale:

MUSIKALSK VORSPIEL ein dryg månad før JAZZ PÅ JØLST hos Påfyll Jølster

Excess Luggage

er eitt av Norges tyngste band, med Hammond B3, piano og trommer! Bandet har spelt fleirfaldige konsertar i inn- og utland, og vi får høyre nyaste versjon av kjende og ukjende låtar. Repertoaret består av eigne låtar og jazz-standards som blir spelt med ei improvisert tilnærming, noko som gjer at ingen konsert blir lik. Det er grunn til å vente swingande groove og leikande samspel av svært velrenommerte musikarar.

Jølster jazzklubb introduserer ei ny scene til denne konserten, «Påfyll Jølster» på Ålhus, og det i seg sjølv er spennande! «Påfyll Jølster» er ein nyetablert kafé og pub som vi har tru på kan eigne seg som intimscene for mindre band. Vi gler oss!


Billettar hos Ticketco på førehand eller i døra: kr 170 for vaksne, kr 140 for medlem/student.


Vigleik Storaas – piano

Steinar Sønk Nickelsen – hammondorgel

Håkon Mjåset Johansen – trommer


Hjarteleg velkommen!

25.-28. juni: Sommarjazz i Jølster

Sommarjazzkurset på Skei Hotel blei avslutta med ein fantastisk flott konsert laurdag 28. juni!


Vel blåst og takk til Vestnorsk Jazzsenter som tok inititativet, til dei svært dyktige instruktørane og talentfulle deltakarane! Vi trur dette var starten på ein tradisjon...

Førehandsomtale av konserten:


Føremålet er å inspirere fleire, særleg unge, til å bli interesserte i og spele improvisert musikk, men kurset skal óg vere ei inspirasjonskjelde for dei som allereie fuskar i faget. Meininga er at dette skal bli eit fast årleg tilbod.


Les meir på Vestnorsk jazzsenter si heimeside.

26. april: Stemningsfullt og varmt møte med Cirrus

Foto: Hallstein Dvergsdal og Marit Hartvedt

Førehandsomtale:


Cirrus er ute på Den musikalske stamvegen

og kjem til Jølster 26. april.


Franske chansons, intim kammermusikk og eksperimentell populærmusikk er noko av det vi får høyre når Cirrus går på scena i Skredehagen 26. april. Og ikkje minst får vi høyre ei særs vakker stemme som meistrar det meste. Det kan vi love fordi Eva Bjerga Haugen har vore her før (saman med Espen Eriksen trio våren 2012), og vi som var til stades på den konserten blei verkeleg trollbundne av stemma hennar.


Cirrus ga i fjor ut albumet «Méli Mélo» (NOR-­CD), som Roald Helgheim i Dagsavisen utropte til eit av dei absolutte høgdepunkta det året. Plata har òg fått svært god mottaking internasjonalt. Sidan starten i 2009 har bandet dyrka fram eit eigenarta uttrykk som er prega av klokkerein vokal, fine tekstar, suggererande samspel og finurlege arrangement. Dette er nært, lågmælt, intimt, tilgjengeleg og ikkje minst vakkert, men òg heftig: Til tider spelar dei i forrykande tempo og musikarane gnistrar av energi. Cirrus er helt fritt for effektar og elektronikk.


Eva Bjerga Haugen – vokal

Inge Weatherhead Breistein – saksofonar

Theodor Barsnes Onarheim – kontrabass

Stein Inge Brækhus – trommer


KONSERT PÅ SKEI HOTEL 26. april kl. 20.00

BILLETTAR - KJØPAST ENKELT VIA TICKETCO eller i døra (same pris):

Vaksen: kr 220

Under 25 år: kr 50

1. mars: Musikkquiz i Skredehagen ca. kl. 19.30

Ein kjekke kveld!

Invitasjon:

Mange rundt om er bitne av quiz-basillen, og vi i Jølster jazzklubb vil sjekke korleis det står til i Jølster. Laurdag 1. mars blir det såleis musikkquiz i Skredehagen ca. kl. 19.30 (rett etter årsmøtet). Det er ope for alle, og vi håpar at mange musikk-/jazzelskarar blir med – det er jo då det blir mest moro! Og ta gjerne med naboen.


Olav Nedrebø har laga spørsmål og musikkinnslag (men kan dessverre ikkje komme sjølv, så vi prøver å finne ein annan quiz-master), og det blir garantert noko for eikvart hovud.


Skei Hotel skriv på si Facebook-side at ”dansegolvet har fått seg ei kjærkommen overhaling med ny, elegant parkett”. Så vi oppfordrar alle til å sjekke ut dette etter at vi har quiza ferdig. Det er duoen Lena og Milko som står for dansemusikken.


Hjarteleg velkommen til sosialt musikktreff på Skei Hotel!

7. februar: Årets første konsert er historie!

Konserten med PIXEL på Jølstringen kafé 7. februar var kort sagt ein stor suksess!

Førehandsomtale:

«Morgondagens verdssensasjon innan jazz og pop»


ABSOLUTT JAZZ, MEN ÒG NOKO MEIR


Jazzåret i Jølster startar med konsert med den norske gruppa PIXEL, som tel desse unge, framstormande og fantastiske musikarane: Ellen Andrea Wang (kontrabass og vokal), Hanna Paulsberg (vikar for Harald Lassen) (saksofon), Jonas Kilmork Vemøy (trompet) og Jon Audun Baar (trommer og perkusjon).

Pixel er eit ensemble som greier å bygge bru mellom jazz og rock utan å nytte elektroniske dingsar, synthesizerar eller høglydte gitareskapadar. Trompetist Jonas Kilmork Vemøy og saksofonist Hanna Paulsberg jobbar saman som eit maskineri og skapar ofte akkord-liknande unisone refreng saman med bandleiar og bassist Ellen Andrea Wang sin trollbindande vokal. Jon Audun Baar på trommer og perkusjon blir av Dagbladjournalist og jazzspesialist Terje Mosnes karakterisert som «solid med stadig meir kreativ og myndig motor».


Pixel debuterte i 2012 med albumet «Reminder», eit album som med sin spenstige og saumlause allianse mellom indierock og jazz vart ei adrenalininnsprøyting for mange fans og kritikarar. Leia av bassist Ellen Andrea Wang og hennar lokkande vokal, har bandet ein signatursound som smeltar saman teknisk utfordrande jazzkomposisjonar med radiovennlege songar med refreng og melodisk innhald.


Det andre albumet «We are all small pixels» kom i oktober 2013. Også dette albumet har vorte lagt merke til og fått mange godord frå ulike meldarar. M.a. karakteriserer NRK’s musikkmeldar Erling Wicklund bandet som «morgondagens verdssensasjon innan jazz og pop».


Bandet sitt repertoar består mellom anna av verk som er arrangerte med vekslande tempo, pop-liknande vokalharmoniar og hardtslåande jazzrock, farga med komplekse avsnitt der solistane på horn får vist kva dei kan. Desse musikarane har utan tvil det som skal til for å gje dei frammøtte ei minnerik musikalsk oppleving!

Arrangør Jølster jazzklubb legg årets første konsert, som er ein del av det landsomfattande Vinterjazz i regi av Norsk jazzforum, til Jølstringen kafé på Jølstraholmen, ein ny arena i konsert- og jazzsamanheng, og i samarbeid med eigarane av Jølstraholmen. Det blir spennande, og arrangørane trur på mykje folk og kjempestemning.


Velkomne til Jølstraholmen 7. februar kl. 21.00!


Vaksne: kr 200

Medlem/student: kr 150

Under 18 år: kr 50

Billettar kan reserverast via denne sida.

Velkomne til Jølstraholmen 7. februar kl. 21.00!


Norsk jazzforum om Vinterjazz 2014


Fra 31. januar til 9. februar blir det jazzkonserter over hele landet når Norsk jazzforum og 41 av landets jazzklubber inviterer til Vinterjazz 2014.


I løpet av ti dager vil landets jazzklubber, fra Vadsø i nord til Mandal i sør, presentere nærmere nitti arrangementer med stor bredde; fra den unge, energiske indie-jazz kvartetten Pixel på Jølster jazzklubb, til TradJazz Weekend i Stavanger. Vinterjazz 2014 kan by på bestillingsverk og turneer, jazzkafeer og jam, konserter med lokale musikere og internasjonale navn, samt kåring av Årets Jazzklubb 2014.  

bottom of page