Jølster jazzklubb

- ein musikalsk møteplass for dei med øyre



ANDRE ARRANGEMENT I 2016



17. november kl. 20.00 Thon Hotel Jølster

Christina Dahl Quartet



Stemningsfull konsert med 
Christina Dahl Quartet 
i Skredehagen på Thon Hotel Jølster 

Førehandsomtale:

Det er ein dansk kvartett med den kritikarroste saksofonisten Christina Dahl som frontfigur som skal skape haustvarme på Thon Hotel Jølster denne torsdagskvelden i november. Christina Dahl er kjend for sin unike sound og melodiske spelestil og skaper ei intens musikalsk oppleving med sitt repertoar av originale komposisjonar.

Kvartetten er samansett av Jesper Lundgaard, som spelar med stor virtuositet og er ein internasjonalt anerkjend bassist; Espen Laub von Lilienskjold, ein ung, talentfull trommeslagar som er i stand til å følgje musikken vilkårslaust og med stor musikalsk energi; og Niclas Knudsen, ein stor gitarist som kan uttrykkje seg både personleg, fritt og lyrisk.

På den siste CD-en har kvartetten spelt inn åtte låtar som alle er komponerte av Christina Dahl. CD- innspelinga er prega av ein intim atmosfære der musikarane kommuniserer direkte med kvarandre musikalsk.

Alle musikarane har roller som solistar og skaper rom for personleg originalitet og fri kommunikasjon. I alle komposisjonane ligg det historier som har eit symbolsk tilhøve til livet og rikdomen i det med alle former og fargar. «Gjennom komposisjonane prøver eg å reflektere over livet og skape musikalske bilete av ytterpunkta i livet,» seier Dahl.

Christina Dahl – saksofon
Jesper Lundgaard – bass
Niclas Knudsen – gitar
Espen Laub von Lilienskjold – trommer

Billettar hos TicketCo eller i døra
kr 250 (vaksen)
kr 200 (medlem/student)
kr 50 (under 20 år)

Velkommen!



16. og 17. september på Skei skule: Jazz + skulemusikk = sant!


Jaudå, vi står for det vi sa: Jazz + skulemusikk = sant!

Eit eksklusivt publikum fekk i ettermiddag oppleve fleire sjarmerande solistinnslag og flott trøkk frå bandet som bestod av unge og vaksne frå Skei skulemusikk og dei to instruktørane på kurset.

For manga av deltakarane var dette det første møtet med improvisasjon, men alle fekk prøve seg, og vi trur ikkje at nokon vart skremde! Heller ikkje blant publikum:) Vi håpar at dette var starten på noko nytt i Jølster jazzklubbs historie: eit samarbeid med skulekorpsa i Jølster!

Vel blåst!
Førehandsomtale:

Den årlege musikkverkstaden for musikkglade barn og unge i Jølster og omegn har fått ein ny vri. I år har vi invitert skulemusikkane i Jølster til kurs med to velrennomerte jazzmusikarar/instruktørar, Ole Marius Sandberg og Erik Halvorsen. Dessverre kan ikkje Vassenden skulemusikk delta, men Skei skulemusikk kjem.

Kurset går av stabelen fredag kveld og laurdag føremiddag med avsluttande konsert laurdag ettermidag. Vi håpar og trur dette vil bli spennande for dei som er med, og kanskje er det starten på ein ny "æra" for Jølster jazzklubb og skulemusikkane i Jølster! Kven veit?

Gratis inngang! 

Velkommen på konsert i eit av klasseromma på ungdomskulen på Skei skule !