
Jølster jazzklubb
- ein musikalsk møteplass for dei med øyre
ANDRE ARRANGEMENT I 2018
Søndag 25. februar kl. 20.00 Thon Hotel Jølster
Bobby Broom, Thon Hotel Jølster

Førehandsomtale:
Bobby Broom blei fødd i Harlem i 1961 og vaks opp på Upper West Side i NYC. Alt som tolvåring begynte han å studere gitar, og i starten var det folk-music som var sjangeren. Etter ei tid blei det meir og meir jazz, og alt fem år seinare gjorde han sin første konsert saman med Sonny Rollins og Donald Byrd i Carnegie Hall. Han har turnert og spelt inn plater med Rollins i fleire periodar. I sine tidlege år spelte Bobby også med ei rekke kjende størrelsar som Art Blakey, Tom Browne, Hugh Masekela, Al Haig og Walter Bishop Junior. Han blei rangert som ein av dei beste gitaristane i Down Beat-magasinet si årlege kritikarkåring tre år på rad frå 2012 til 2014. Forbilde og inspirasjonskjelder har vore namn som Wes Montgomery, George Benson og Pat Martino. På konserten i Jølster spelar han saman med solide norske musikarar.
Bobby Broom – gitar
Magne Thormodsæter – bass
Håkon Mjåset Johansen – trommer
Velkommen!
Billettprisar: 250/200/50
Billettar får du kjøpt i TicketCo: https://jj.ticketco.events/no/nb/e/bobby_broom

Fredag 26. januar kl. 20.00, Løa på Jølstraholmen:
Bugge og Kobberstad Kvartett
Førehandsomtale:
Trekkspelaren Heine Bugge og 8-strengs- gitaristen Per Olav Kobberstad presenterer både eigne komposisjonar, musikk frå Sør-Amerika av komponistar som Piazzolla, Sivuca, Hermeto Pascoal, Cesar C. Mariano og Tom Jobim, i tillegg til heilt eigne tolkingar av norske folketonar. Med på laget har dei Nils Henrik Sagvåg på kontrabass, og Per Elling Kobberstad på perkusjon. Alt ligg tilrette for ei flott og humørfylt musikkoppleving!
Per Olav Kobberstad - 8-strengs gitar
Heine Bugge - Trekkspel
Nils Henrik Sagvåg - Bass
Per Elling Kobberstad - Perkusjon / Trommer
Velkommen!
Billettprisar: 250/200/50
Lenkje til billettar: https://jj.ticketco.events/no/nb/e/bugge_og_kobberstad_kvartett
