top of page

ANDRE ARRANGEMENT I 2019

Laurdag 22. juni 2019 kl. 12.30 til 14.00 i Løa på Jølstraholmen:

"Jubelblues" med Good Time Charlie 

I samarbeid med Jølstraholmen Camping og hytter arrangerer vi i år sommarkonsert for borna! Frontfiguren i bandet Good Time Charlie, Arle Hjelmeland, har drive med musikk i det han kallar ein mannsalder, og kreativiteten er framleis på topp med hyppige utgjevingar – ikkje minst for born.


16. november i 2018 slapp bandet «Lakenskrekk», den tredje i den herlige Jubelbluesserien. Og no kjem dei snart til Jølstraholmen!


Her kan du lese meir og lytte til smakebitar!


Billettar på TicketCo.

Laurdag 13. april kl. 19.30 i Løa på Jølstraholmen:

Gjestebod med Hovland & Tønes


Førehandsomtale:


Start påskeferien med eit herleg festmåltid og underhaldning av aller beste merke når Ragnar Hovland og Frank Tønnesen møtest til prat og poesi, song og spel på scena i Løa på Jølstraholmen.


"Tønes fortel gode historier, på ein måte som dei gode historiene ikkje har blitt fortalde før. Morosamt, surrealistisk, melankolsk og rørande. Og korleis får han det til? Tønes er kvardagssurrealisemens største poet her til lands," seier Ragnar Hovland, sjølv om han sit på same trona sjølv.


Begge skriv om det store i det små og set farge på grå kvardagar.


"Det eg sedde pris på med Ragnar sine teksta e mye: humoren, alvoret og alle øverraskelsane, galskapen og varmen. I denna litt skumle verden e Ragnar sine teksta som ein slags medisin eller trøst," seier Frank «Tønes» Tønnesen.


Til festkvelden i Løa på Jølstraholmen har Christel Eide komponert ein fire-retters påskemeny med lokale råvarer av beste sort:

Laks tataki, wasabi

-

Miniburger av fjordfe

Ferskost med ramslauk

Spekepølse

-

Påskelam, rotgrønnsaker

Sjysaus, fløytepotet

-

Limemousse, mango,

Pasjonsfrukt, makron


Noko godt i glaset er inkludert når du kjem. Vinpakke, øl eller alkoholfritt drikke til maten vert å få kjøpt.

"Hovland og Tønes reddar kvelden" er utvikla av Svidal skriveri med støtte frå Norsk kulturråd og Fritt ord. Program-serien er ein del av litteratursatsinga Rom for ord og vert arrangert i samarbeid med Jølster Bibliotek og Jølster Jazzklubb.


Billettar på TicketCo.


Velkommen!

26. februar kl. 20.00 HILDO på Vassenden kyrkjesenter


TAKK HILDO!

HILDO (nominert til Musikkritikerprisen 2018)

på Vassenden kyrkjesenter 26. februar kl. 20.00


Det blei ein fantastisk konsert på Vassenden kyrkjesenter med HILDO!


Takk til publikum som tok turen!

Førehandsomtale:


Berit Opheim (vokal) / Tore Brunborg (saksofon) / Stein Urheim (strenger) / Steinar Raknes (bass) / Kåre Opheim (trommer) / David Solheim (lydtekniker)


«Hildo» heitte den gamle kyrkjeklokka som ljoma over Vossevangen frå tårnet på Vangskyrkja i gamle dagar. Det finst fleire segn og folketonar til ære for klokka, som var kjend for sin uvanlege fine og sterke klang. Eit av segna seier at bergensarane ville låna klokko, og vossingene var dumme nok til å seia ja. Ute i Bolstadfjoren rauk det opp til uver, båten sokk, og der ligg klokko på havsens botn den dag i dag,


Konsertproduksjonen HILDO er eit samarbeid mellom Riksscenen og Vossa Jazz og hadde première på Vossa Jazz 2018. Fem fantastiske musikarar, med Brunborg og Opheim i spissen, har teke utgangspunkt i ulike folketonar og slåttar frå mellom anna Voss, Sogn og Hardanger, og serverer desse i nye arrangement og med nykomponerte tema. Det vert både balladar, bånsullar, stev, barnesongar, salmar og slåttar, i hendene på musikantar som går «Hildo» sjølv ein høg gong når det kjem til klang og styrke.


SAGT OM HILDO:

«Sammen med et knippe kortreiste musikere blir den gamle folkemusikken lett oppjazzet og tilført en moderne tonedrakt. Vakkert, spennende og forførende. Ikke minst Berit Opheims praktfulle kveding skaper et uttrykk du ikke finner noen andre steder. En fullsatt kinosal hyller da også musikerne med stående applaus til slutt. Det skulle bare mangle. Dette er real norsk eksportvare på linje med laks og olje.»

Einar Engelstad i Bergen Tidende, 25/3/18


«Viss ikkje samarbeidet mellom Tore Brunborg og Berit Opheim held fram etter konsertane på Vossa Jazz og på Riksscenen i hovudstaden, er det både synd og skam – og eit stort tap for heile kultur-Noreg. Urframføringa av prosjektet Hildo i Gamlekinoen laurdag vart ei ut av kroppen-konsertoppleving. Så sanseleg vakkert, så gjennomarbeidd på alle plan, og så utruleg dyktig gjennomført av fem av våre største musikarar.» Nils Kvamsdal i Avisa Hordaland, 27/3/18


Billettprisar: 250 (vaksne), 200 (medlem/student), 50 (under 25 år)

Billettar på TicketCo her.

bottom of page