Jølster jazzklubb

- ein musikalsk møteplass for dei med øyre




Jazz på Jølst 2011


14.-16. oktober
Det blei tre fantastiske dagar med jazz på Jølst! Meiner i det minste vi i Jølster Jazzklubb:) Seks eventyrlege konsertar, ei himmelsk gudsteneste og ein strålande musikkverkstad gav musikkglade jølstringar og tilreisande mange flotte opplevingar. Strålande tilbakemeldingar frå både publikum og artistar gjer at Jølster Jazzklubb vågar å slå fast at Jazz på Jølst er kommen for å bli!
Styret



Informasjon før helga:

Program

Fredag 14. okt.
Kl. 20.00: Opningskonsert med Hilde Louise Quartet på Skei hotel.
Bill. kr 250 (vaksne)/200 (stud./ungd./medl. av Jølster Jazzklubb).
Kl. 22.00: Klubbkonsert med Pelbo på Fjøsen. Bill. kr 200/150.
Kl. 23.30: Dans på Skei Hotel med hotellmusikarane. Gratis.

Laurdag 15. okt.
Kl. 14.00: Kafékonsert på Audhild Vikens Vevstove med Verk. Gratis.
Kl. 20.00: Ytre Suløens Jass-ensemble og Tricia Boutté på Skei hotel. Bill. kr 250/200.
Kl. 22.00: Lena Skjerdal Trio på Fjøsen. Bill. kr 200/150.
Kl. 23.30: Dans på Skei Hotel med hotellmusikarane. Gratis.

Søndag 16. okt.
Kl. 11.00: Gudsteneste med jazza innhald på Vassenden kyrkjesenter.
Kl. 16.30: Konsert med Hayden Powell Trio på Vassenden kyrkjesenter. Bill. kr 200/150.
Det blir selt jazzpass som gjeld for alle arrangementa utanom konserten med Hilde Louise Orchestra. Vaksne: kr 550. Studentar/ungdom og medlemmer av Jølster Jazzklubb: kr 400.

Billettar til arrangemente på Skei Hotel kan tingast på tlf. 57 72 78 00.  Dei må hentast og betalast same dag som arrangementet finn stad (ein time før). Andre billettar kjøpast i døra.

Velkommen til ei jazzig helg i Jølster!

Artistar:

HILDE LOUISE ASBJØRNSEN  skal halde opningskonserten fredag kveld på Skei Hotel!

Mange vil hugse Hilde Louise Asbjørnsen som vinnaren av Maestro på NRK i fjor og av Komiprisen 2011, men mykje meir kan seiast om ho: "Hilde Louise Asbjørnsen er et unikt talent. Hun er en gudbenådet underholdnings- og kabaretartist, men også en framifrå jazzsangerinne og låtskriver." Svein Andersen i Aftenposten.

Hilde Louise Asbjørnsen, vokal
Anders Aarum piano/Rhodes
Sven Erik M. Ånestad, gitar
Jens Fossum, kontrabass





PELBO er eit Spellemannsnominert band som spelar ei blanding av jazz og rock, har turnert i fleire land og vunne fleire prisar og nominasjonar. Pelbo slepp sitt andre album på Fjøsen fredagskvelden!

Ine Kristine Hoem, vokal, elektronikk
Kristoffer Lo, tuba, elektronikk, vokal
Trond Bersu, trommer

Lytt til musikken deira her.


Til gratiskonserten på Audhild Vikens Vevstove har vi fått bandet VERK. Bandet kjem frå Jølster og består av Tor Ivar Flatjord (gitar), Svein Olav Sandnes (bass), Oddvin Årdal (tangentar), Stig Hegrenes (slagverk) og Hilde Hegrenes (vokal).

Dette er eit band med musikken som hobby. Vanlegvis spelar dei cover-låtar, alt frå U2 til Olav Stedje, men til denne konserten lovar dei å ”jazze” litt òg :)
Laurdag kveld vil Ytre Suløens Jass-ensemble og Tricia Boutté halde konsert på Skei Hotel.

Ytre Suløens Jass-ensemble tel sju vaksne karar som spelar sju ulike instrument: piano (Morten Gunnar Larsen), trompet (Sturla Hauge Nilsen), klarinett (Jens Arne Molvær), trombone (Gunnar Bech), tuba (Roar Sæther ), banjo (Einar Aarø), trommer (Ottar Anderson).

Ytre Suløen var det første norske jazzband som noen gang var invitert til en amerikansk jazzfestival (New Orleans Jazz and Heritage Festival i 1976). Sidan har dei turnert i både Europa, USA og Afrika. Men aller mest innafor Norges grenser.

I mange år har dei samarbeidd med Tricia Boutté på vokal. Ho har tidlegare spelt med fleire av verdas leiande jazzmusikere som Fats Domino og Harry Connick. "She is poised to introduce her voice to every ear – and they will listen."


LENA SKJERDAL TRIO

Seinare på laurdagskvelden vil Jazz på Jølst-publikumet kunne nyte Lena Skjerdal si mørke og mystiske stemme. "Stemma dreg deg ned i godstolen og pakkar deg inn med haustmørket." Maria Gilje Torheim i Sogn Avis. 

Lena er frå Leikanger og har med seg Erik Håkon Halvorsen på piano og Magne Thormodsæter på bass.


Søndag ettermiddag er det duka for konsert med Hayden Powell Trio. Hayden Powell er opprinneleg engelsk, men er oppvaksen i Molde og bur no i Oslo.  Han tok til å spele trompet då han var 8 år gamal og opptrådde ofte saman med foreldra sine, som begge er musikarar. 12 år gamal tok han til å spele tradisjonell jazz. Han har spelt på konsertar i Norge, Skandinavia og Storbritannia. Han har mellom anna gjeve ut 4 album med gruppa "Dixi". 

Hayden har studert musikk ved Trondheim Musikkonsservatorium (NTNU) og tok bachelor i jazz. Her blei han påvirka av nye stilartar og dette pregar musikken han framfører. Hayden er også komponist  og skriv musikk for sitt eige band så vel som for storband og korps.

Hayden Powell Trio består av Hayden Powell, trompet, Eyolf Dale, piano, Jo Skaansar, bass.
Begge kveldane blir det dans i baren på Skei Hotel med hotellmusikarane, Ivan og Valentina.

Treng du overnatting? Ring Skei Hotel, tlf. 57 72 78 00, eller send ein e-post til [email protected].