

Jølster jazzklubb
Jølster jazzklubb
- ein musikalsk møteplass for dei med øyre
Jazz på Jølst 2012

Jazza i tre dagar for tredje gong!
JAZZ PÅ JØLST 2012 er historie. Det har vore ei fantastisk helg med flotte konserter og artistar - og eit særs lyttande publikum.
Her er lenke til omtale i Firda Tidend (i papirutgåva var vi både på framsida (biletet) og midtsidene.)
Førehandsomtale:
Jazz på Jølst 2012
12.-14. oktober
Program
Fredag 12. oktober
Kl. 20.00 Opningskonsert med Ola Kvernberg Kvartett, Skei Hotel, bill. 250/200/75
Kl. 22.00 Hot N Spicy, Fjøsen, bill. 200/150/60
Laurdag 13. oktober
Kl. 12.30 ”Bli med & jazz”! Barnejazz på Skei Hotel, bill. 50/familie 100
Kl. 14.00 Jazzkafé på Audhild Vikens Vevstove, gratis
Kl. 20.00 Tine Taule Trio med Einar Sogstad, Skei Hotel, bill. 200/150/60
Kl. 22.00 Fredriksberg Jazzensemble / Kim Fairchild, og, vi håpar, eit knippe unge musikkverkstaddeltakarar, Skei Hotel, bill. 250/200/75
Etter konsertane både fredag og laurdag blir det mogleg å svinge seg til dansbar jazz av hotellmusikarane, Lena & Milko Duo, på Skei Hotel.
Søndag 14. oktober
Kl. 16.30 Dag Arnesen Norwegian Song, Borgja, bill. 250/200/75
Billettar
Billettprisane tydast slik: vanleg pris / medlems- og studentpris / under 20 år. Førehandssal av billettar til arrangementa på Skei Hotel, tlf. 57 72 78 00. Elles i døra.
Jazzpass
Gjeld alle konsertane unnateke Ola Kvernberg Kvartett: kr 600 / 450 / 180. Blir seld i døra.
”Jazzplask” og ”Eksotisk hjørne – med mat som swingar”
På Skei Hotel blir det spesialpris for bading heile helga: Gratis for alle som bestiller lunsj laurdag og søndag, elles kr 50 for vaksne og 25 for barn. I spisesalen blir det eit eksotisk hjørne med eit utval av spennande rettar frå nokre afrikanske land både til lunsj og middag. Dette er eit samarbeid mellom Skei Hotel og bebuarane på Jølster Mottak.
Hotellet har også gode overnattingstilbod. Tlf. 57 72 78 00/www.skeihotel.no.
MUSIKKVERKSTAD
For unge mellom ca. 12 og 20 år som syng eller spelar eit instrument og er nysgjerrig på gehørspel og samspel. Det er Fredriksberg Jazzensemble og Kim Fairchild som er ansvarlege instruktørar i år. Sjå invitasjon her.
Presentasjon av artistane

Ola Kvernberg Kvartett
Ola Kvernberg har bakgrunn frå norsk folkemusikktradisjon og har vist ei unik evne til å bygge bruer mellom folkemusikken og andre sjangrar. Repertoaret er basert på Kvernberg sine komposisjonar, med ein miks av bebop, folkemusikk og modaljazz. Samspelet resulterer I eit unikt lydbilde, og bandet er blitt omtala som eit av dei mest spennande gruppene i Noreg. Den siste plata Folk er ein hyllest til Kvernberg sine musikalske røter I folkemusikken og til den viktigaste inspirasjonskjelda hans: folk. Meir enn nokon sinne evnar musikken å fange nærleiken, energien og det leikne uttrykket som kjenneteiknar bandet sine konsertar.
Ola Kvernberg – fiolin og barytonfiolin
Erik Nylander – trommer
Steinar Raknes – kontrabass
Børge Fjordheim – perkusjon og trommer
Kl. 20.00 Opningskonsert med Ola Kvernberg Kvartett, Skei Hotel, bill. 250/200/75

Hot N Spicy
Etter over ti år på vegen er Hot N Spicy heitare og meir krydra enn nokosinne. Inspirerte av sigøynarmusikken si tilnærming til rytme, framfører dei musikk med puls, framdrift og rytmiske forskyvingar. I 2009 gav Hot N Spicy ut plata Female Intuition som hausta strålande kritikkar i fleire norske aviser. Eit overflødigheitshorn av variert og avspent svingande musikk. Hot N Spicy er blitt omtala som kommunikativt, leikent, humoristisk og dønn velspelt på ekstremt klangfulle instrument. Hot N Spicy er kjende for sin særeigne sound, leikne arrangement, eit forrykande liveshow og eit samspel i verdsklasse.
Bjarke Falgren – fiolin
Svein Erik Martinsen – gitar og vokal
Lars Tormod Jenset – kontrabass og kor
Kl. 22.00 på Fjøsen, bill. 200/150/60
Konserten inngår i jazzpasset, kr 600 / 450 / 180.

Improbasen med jazz for born
Bli med & jazz! Odd André Elveland og to unge musikarar frå Barnas Jazzhus på Ski presenterer ulike jazzstilartar, og dei viser oss forskjellige måtar å spele saman på. Dei lovar oss at publikum får delta under konserten, så dette blir moro!
Jenny Frøysa – saksofon
Christine Lindgren – trommer
Odd André Elveland – bass
Kl. 12.30 på Skei Hotel, bill. 50 / familie 100
Konserten inngår i jazzpasset, kr 600 / 450 / 180

EFF – Elevar frå Firda vidaregåande skule
Det blir jazz med ungdommeleg kreativitet og spontanitet når fire musikalske ungdommar frå 3. klasse på Firda vidaregåande på Sandane spelar opp på gratiskonserten på Vevstova laurdag ettermiddag.
Markus Høstaker Nordheim – gitar
Vidar Starheimsæter – bass
Espen Hjelmeland – saksofon
Eirik Ask – keyboard
Anders Midtbø – trommer
Kl. 14.00 Jazzkafé på Audhild Vikens Vevstove, gratis

Tine Taule Trio med Einar Sogstad
Kjende melodiar av artistar som Billie Holiday, Marvin Gaye og Nat King Cole vert framførte i intimt trioformat. Musikarane har lang erfaring med både eigne prosjekt og samarbeid med eit stort spenn artistar. I Jølster gir dei oss sine tolkingar av songar mange kan kjenne att. Tine Taule Trio, som under Jazz på Jølst 2012 er utvida med Einar Sogstad på piano, spelar songar dei elskar, songar dei aldri gløymer. Vi trur at publikum får ei konsertoppleving dei aldri vil gløyme.
Tine Taule – vokal
Anders Bitustøyl – kontrabass
Mads Berven – gitar
Einar Sogstad – piano
Kl. 20.00 på Skei Hotel, bill. 200/150/60
Konserten inngår i jazzpasset, kr 600 / 450 / 180

Fredriksberg Jazzensemble og Kim Fairchild
Det er med stor glede vi på nytt kan ønske Fredriksberg Jazzensemble velkomen til jazzscena på Skei Hotel. Godt humør og uformell stemning er viktige stikkord for denne gjengen av unge menn i fleire aldrar. Fredriksberg Jazzensemble blei stifta i 1973 i bydelen Nordnes i Bergen og har framleis to medlemmer med frå originalbesetninga.
Bandet har samarbeidd tett med Kim Fairchild i ei årrekkje, og dei utfyller kvarandre i leik, song og tonar. Til årets Sildajazz bydde dei blant anna på musikalske juvelar frå den legendariske artisten Nina Simone sitt repertoar, og dette blir noko av det vi får høyre frå dei under årets Jazz på Jølst.
Kim Fairchild – gjestevokalist
Eigil Helland – vokal
Audun Sæbø – trompet
Stein Håvardstun – trombone
Erlend Dyrnes – klarinett og altsaksofon
Chlas Skrugstad – gitar
Svein Hope – bass
Ole Feste – trommer
Kl. 22.00 på Skei Hotel, bill. 250/200/75
Konserten inngår i jazzpasset, kr 600 / 450 / 180

Dag Arnesen Norwegian Song
Med sitt flotte nye konsertpiano trur vi at Borgja er det heilt rette lokalet for konserten med pianist Dag Arnesen og hans Norwegian Song. Gruppa serverer musikk basert på norske folketonar og frå komposisjonar skrivne av store komponistar som Edvard Grieg, Geirr Tveitt, Eivind Groven og Ole Bull, i tillegg til melodiar av Dag Arnesen. Musikken har fått eit moderne uttrykk, og musikarane jaktar alltid på ”den gode melodien”.
Repertoar og uttrykk spenner vidt, frå det varme og lyriske til det meir funky og sambainspirerte. Trioen er internasjonalt anerkjend, og plata Norwegian Song vart i Asia kåra til ei av dei 50 beste utgjevingane i verda, uansett sjanger. “Vemodig vakkert”, skreiv Roald Helgheim om Norwegian Song.
Pål Thowsen – trommer
Dag Arnesen – piano
Ellen Andrea Wang – bass, el-bass
Kl. 16.30 i Borgja på Ålhus, bill. 250/200/75
Konserten inngår i jazzpasset, kr 600 / 450 / 180.