top of page

Jazz på Jølst 2013

TAKK!


Etter denne strålande helga i jazzens teikn vil vi i jazzklubbstyret rope eit fleirfaldig hurra for alle som på noko vis har vore involvert i årets Jazz på Jølst: artistar, publikum, Skei Hotel, Øyre Lyd, SFJ 250 år, sjåførane og riggegjengen, musikkverkstaddeltakarane, kyrkja med Vidar Prest i spissen, fotograf Hallstein, og la oss ta med vêrgudane i same slengen. Tusen tusen takk for knallflotte konsertar og fantastisk lyd og lys; for stemninga både på konsertane og elles; for samarbeid og god hjelp; for varme klemmar og mange gode tilbakemeldingar.


”Verdens koseligste festival!!! Takk for et herlig døgn hos dere.” Denne meldinga fekk vi frå ein av musikarane:) "Jazz på Jølst må ha landets varmeste publikum! Det var en drøm å spille konsert for dere i går!" Hilsen Solfrid Molland Trio. Vi blir veldig glade av å høyre slike ting – det betyr mykje at også artistane er nøgde.


Neste år kan Jazz på Jølst feire 5 års-jubileum. Kom gjerne med innspel om artistar de ønsker å høyre. Men vi høyrast før det – som vanleg blir det nokre konsertar i løpet av vårhalvåret. Følg med!

Førehandsomtale:

Jazz på Jølst, 11.-13. oktober 2013


For fjerde gong inviterer Jølster jazzklubb til festivalhelg. I år blir vi ein del av Sogn og Fjordane sitt 250 års-jubileum, og det vil spesielt vise att i artistvalet for opningskonserten. Utforminga av den har vi heilt og halde lagt i hendene på den eineståande musikaren og komponisten Karl Seglem.


Sjølv seier Seglem at han gler seg spesielt til denne konserten, at det å få høve til å jobba med eit utvida ensemble på ein unik jazzfestival i heimefylket i samband med fylkesjubileet er svært inspirerande: "Det er ei inspirerande spelferd. Musikken tek meg til mange nye stader. Det er eit privilegium. Eg gler meg! "Det gjer vi òg! Opningskonserten blir heilt spesiell, men vi har òg store forventningar til dei andre artistane. Som de ser er det mange kjente namn på plakaten i år, og vi håpar folk let seg lokke til Jølster og Jazz på Jølst denne helga i oktober.


Artistar/program:


* Opningskonsert av og med Karl Seglem, hans akustiske kvartett og eit toppa lag av musikarar med røter i Sogn og Fjordane

* Frøydis Grorud Kvartett

* Trio de Janeiro

* Thea Hjelmeland

* Solfrid Molland Trio, Katedral for Tapte Drømmer

* Barnejazz: Ragnar Hovland, Stein og Mari med sitt Dagdraumekollektiv

* Gratiskonsert med unge talent frå Firda vgs.

* Musikkverkstad for ungdom

Program

Fredag 11. oktober


Kl. 20.00 på Skei Hotel: Opningskonserten ”Speleferd og skaparkraft – midt i fylket” med Karl Seglem akustiske og hans fylkesensemble.

Bill. 300/250/90

Kl. 22.00 på Skei Hotel: Frøydis Grorud Kvartett.

Bill. 250/200/75/JAZZPASS*


Laurdag 12. oktober

Kl. 12.30 Barnejazz på Skei Hotel: ”Dagdraumekollektivet”.

Bill. 50 / familie 150 / JAZZPASS*

Kl. 14.00 Jazzkafé på Audhild Vikens Vevstove med Firdabandet.

GRATIS

Kl. 20.00 på Skei Hotel: Trio de Janeiro og (håpar vi) eit knippe unge musikkverkstaddeltakarar.

Bill. 250/200/75/JAZZPASS*

Kl. 22.00 på Fjøsen: Thea Hjelmeland.

Bill. 200/150/60/JAZZPASS*


Søndag 13. oktober


Kl. 11.00 Gudsteneste krydra med jazzmusikk i Ålhus kyrkje

Kl. 16.00 på Vassenden kyrkjesenter: Solfrid Molland Trio – ”Katedral for Tapte Drømmer”.

Bill. 200/150/60/JAZZPASS*


Billettprisane skal lesast slik: Vanleg pris / medlems- og studentpris / under 20 år.

Førehandssal av billettar til arrangement på Skei Hotel, tlf. 57 72 78 00. Elles i døra.


*) Jazzpass

Pris: kr 650/500/195. Blir selt i døra. Gjeld alle konsertane unnateke opningskonserten.


”Jazzplask”

På Skei Hotel blir det gratis bading for alle som bestiller lunsj eller middag denne helga.


For bestilling av lunsj/middag eller hyggeleg jazztilbod på overnatting, kontakt Skei Hotel på tlf. 57 72 78 00, eller gå inn på www.skeihotel.no.



Forutan konsertane blir gudstenesta søndag i Ålhus kyrkje også fylt med jazz, og når deg gjeld det meir verdslege, så vil Skei Hotel varte opp med gode tilbod på overnatting og med ein spesiell meny for helga.


På grunn av vårt gode samarbeid med Skei Hotel blir dei fleste konsertane haldne der. Rom kan tingast på tlf. 57 72 78 00 eller på e-post booking@skeihotel.no. Sjå også: http://www.skeihotel.no.


Velkommen til Jazz på Jølst 2013!


Musikkverkstad, sjå her.

bottom of page