
Jølster jazzklubb
- ein musikalsk møteplass for dei med øyre
OM OSS
OM OSS
Booking: jazzhelg@online.no (Halvar Helgheim)
Anna kontakt: post@jolsterjazz.com (Hilde Hegrenes, styreleiar)
Jølster jazzklubb er registrert/medlem i:
* Frivilligregisteret og Grasrotandelen. Vel du oss som mottakar når du spelar Lotto eller andre spel hos Norsk Tipping, går 5% av innsatsen til oss, utan at det kostar noko ekstra
* Norsk Jazzforum - Vestnorsk Jazzsenter
* Brak - interesseorganisasjonen for det rytmiske musikkmiljøet i Hordaland og Sogn og Fjordane
* Jølster musikkråd
Styret i Jølster jazzklubb for 2022
Leiar: Hilde Hegrenes - tlf.: +47 909 71 533, e-post: post@jolsterjazz.com
Nestleiar (+ booking): Halvar Helgheim - e-post: jazzhelg@online.no
Kasserar: Arne Per Huus
Skrivar: Atle Reidar Sandnes
Styremedlem: Bård Støfringsdal
1. vara: Silja Juklestad
2. vara: Kjersti Kaldhussæter
3. vara: Herdis Høyer Haugland
Styret i Jølster jazzklubb for 2017, 2018 og 2019
Leiar: Hilde Hegrenes - tlf.: +47 909 71 533, e-post: post@jolsterjazz.com
Nestleiar (+ booking): Halvar Helgheim - e-post: jazzhelg@online.no
Kasserar: Arne Per Huus
Skrivar: Magnus Håheim
Styremedlem: Atle Reidar Sandnes
1. vara: Silja Juklestad
2. vara: Anja Gulbrandsen
3. vara: Bård Støfringsdal
Styret i Jølster jazzklubb for 2016
Leiar: Marit Hartvedt
Nestleiar: Halvar Helgheim
Kasserar: Arne Per Huus
Skrivar: Hilde Hegrenes
Styremedlem: Atle Reidar Sandnes
1. vara: Magnus Håheim
2. vara: Silja Juklestad
Styret i Jølster jazzklubb for 2014 og 2015
Leiar: Marit Hartvedt
Nestleiar: Halvar Helgheim
Kasserar: Arne Per Huus
Skrivar: Hilde Hegrenes
Styremedlem: Atle Reidar Sandnes
1. vara: Arild Bruflot
2. vara: Silja Juklestad
Styret i Jølster jazzklubb for 2011, 2012 og 2013
Leiar: Marit Hartvedt
Nestleiar: Hilde Hegrenes
Kasserar: Arne Per Huus
Skrivar: Mona Solvang
Styremedlem: Halvar Helgheim
1. vara: Herdis Høyer Haugland
2. vara: Silja Juklestad
Styret i Jølster jazzklubb for 2010
Leiar: Marit Hartvedt
Nestleiar: Tore Hovde
Kasserar: Arne Per Huus
Skrivar: Mona Solvang
Styremedlem: Halvar Helgheim
1. vara: Magnus Håheim
2. vara: Silja Juklestad
Jølster jazzklubb vart skipa 19. mai 2010.

Vedtekter for Jølster Jazzklubb
Jølster Jazzklubb vart stifta 19. mai 2010 og er heimehøyrande i Jølster kommune.
§ 1 Formål
Jølster Jazzklubb skal arbeide for å gjere jazzmusikken kjend og tilgjengeleg i Jølster og omland, til dømes ved å avvikle eitt eller fleire arrangement i gjennom året. Det skal presenterast musikk som femner vidt innanfor jazz og nærliggjande musikkformer, og utøvarane skal vere både lokale, regionale og nasjonale. Jølster Jazzklubb skal gje unge musikarar ein stad å presentere seg og ikkje minst vere ein sosial møteplass der publikum kjenner seg heime.
§ 2 Organisasjon
Jølster Jazzklubb skal vere medlem av Norsk Jazzforum.
§ 3 Medlemskap
Alle som sluttar opp om formåla og vedtektene til foreininga, kan vere medlemmer i Jølster Jazzklubb. Alle medlemmer har rett til å påverke drifta ved å delta på årsmøte eller i andre demokratiske forum.
Ein kan teikne seg som medlem eller studentmedlem. Studentar betaler redusert kontingent og har fulle medlemsrettar. Årsmøtet bestemmer kontingent og kontingentperiode. Dersom ein medlem ikkje betaler kontingenten, går medlemskapen ut.
Medlemskap medfører rimelegare tilgang til Jølster Jazzklubb sine arrangement.
§ 4 Årsmøte
Årsmøtet i Jølster Jazzklubb skal haldast innan utgangen av februar kvart år. Årsmøtet skal kunngjerast minst fire veker på førehand. Medlemmene kan melde inn saker seinast to veker før årsmøtet. Saksdokumenta skal vere tilgjengelege for medlemmene seinast éi veke før årsmøtet. På årsmøtet legg styret fram årsmelding, revidert rekneskap og ein årsplan for planlagde konsertar/arrangement. Større arrangement kan ha eit eige styre.
Årsmøtet fastset storleiken på medlemskontingenten.
Årsmøtet skal velje mellom medlemmene:
Leiar, valperiode 1 år
Fire styremedlemmer, valperiode 2 år (to av styremedlemmene er på val kvart år).
To varamedlemmer til styret, valperiode 1 år
To revisorar, valperiode 1 år
Valnemnd på tre personar og éin varamedlem. Ein ny medlem skal veljast kvart år. Medlemmen som går inn i sin tredje periode, vert leiar av valnemnda.
Stemmerett har alle som har gyldig medlemskap når årsmøtet vert halde. Avstemmingar skal skje skriftleg dersom nokon forlangar det.
§ 5 Styret
Styret vel nestleiar, skrivar og kasserar sjølv. Styret er vedtaksført når minst halvparten av medlemmene er til stades, og vedtak skal gjerast med alminneleg fleirtal. Semje skal prøvast i alle saker. Ved likt stemmetal avgjer leiaren saka.
§ 6 Vedtektsendring
Vedtektsendringar kan berre gjerast på årsmøtet og krev 2/3 fleirtal blant dei frammøtte som har stemmerett.
§ 7 Oppløysing
Foreininga kan berre oppløysast etter vedtak på årsmøtet. Forslag om oppløysing må stå på saklista til årsmøtet. Oppløysing krev 2/3 fleirtal blant dei frammøtte. Midlar som klubben eig, skal ved oppløysing delast ut til ideelle organisasjonar.
Vedtekne på årsmøtet den 27. februar 2011.
