Jølster jazzklubb
Jølster jazzklubb
- ein musikalsk møteplass for dei med øyre
ANDRE ARRANGEMENT I 2020
ANDRE ARRANGEMENT I 2020
Avlyst:
Torsdag 2. april 2020 kl. 20.00 på Sunnfjord kulturskule, Førde:
TOIVO
Avlyst:
Torsdag 2. april 2020 kl. 20.00 på Sunnfjord kulturskule, Førde:
TOIVO
Med utspring frå Griegakademiet i Bergen, kjem Toivo med musikk inspirert frå sekstitalsjazz – tenk Don Cherry og Charles Mingus – i moderne norsk drakt. Toivo er prosjektet til bassist og komponist Arne Toivo Fjose Sandberg, og starta opp i 2017.
Låtmaterialet er basert på komponisten sin oppvekst og bakgrunn, godt hjulpe av eit ekstremt tett samspel mellom bass og trommeslagar Steinkopf, og intenst leikne solistar. Ungdommeleg og entusiastisk jazz som platedebuterer i 2020!
ARNE TOIVO FJOSE SANDBERG kontrabass
MATHIAS MARSTRANDER gitar
AKSEL RØED saksofon
ANDREAS HATZIKIRIAKIDIS trompet
SIGURD STEINKOPF trommer
Billettar: kr 250 (vaksne), kr 200 (medl./student), kr 50 (under 25 år). Lenke til billettsal.
Velkommen!

Samarbeid mellom Vestnorsk jazzsenter og Jølster jazzklubb. Sunnfjord kulturskule held til i Angedalsvegen 5, 6800 Førde

17. mars 2020:
Godtfolk!
Godtfolk!

Det er unntakstilstand på mange områder i desse dagar, og kulturfeltet er hardt råka.
Inntil vidare har vi sett arbeidet med booking og programmering for resten av sesongen, inkludert Jazz på Jølst i oktober, på vent, og vi må sjå korleis ting utviklar seg - før vi evt går vidare med planleggingsarbeidet. Vi håpar sjølvsagt at ting normaliserer seg slik at vi kan arrangere festivalen vår i oktober men no er ting veldig usikkert!
No må vi alle delta i fellesskapsdugnaden og gjere det vi kan for å begrense smittespreinga.
Saman står vi han av!

"Ein fantastisk konsert, for å seie det mildt!"
"Ein fantastisk konsert, for å seie det mildt!"

Overskrifta er ein kommentar frå publikum etter ein strålande konsert med Tor Yttredal Impression Quartet på Løa 1. februar 2020!
Jazzåret 2020 er dermed i gang!

1. februar 2020
kl. 20.00 i Løa på Jølstraholmen:
Tor Yttredal Impression Quartet
Tor Yttredal Impression Quartet
Førehandsomtale:
Nærare eit superband i norsk musikkliv er det ikkje mogleg å koma! Stavangermusikar Tor Yttredal er ein premissleverandør i Stavanger sitt musikkliv som fortener eit langt større publikum. No har han sett saman eit draumeband med Audun Kleive frå The Chasers og Jøkleba, Ståle Storløkken frå Supersilent og Elephant9 og superbassist Ole Morten Vågan frå Trondheim Jazzorkester og Motif.
Sjølv har Yttredal jobba mest med å få andre musikarar til å låta betre – no er vi heldige som får høyra kva han har på hjartet saman med nokre av Noregs fremste musikarar.
TOR YTTREDAL saksofonar
STÅLE STORLØKKEN tangentar
OLE MORTEN VÅGAN bass
AUDUN KLEIVE trommer
Billettar: kr 250 (vaksne), kr 200 (medl./student), kr 100 (under 25 år). Lenke til billettsal.
Samarbeid mellom Vestnorsk jazzsenter, Løa på Jølstraholmen og Jølster jazzklubb.

MayRahKee til Blest!
MayRahKee til Blest!

I samarbeid med Blest Festival presenterer vi MayRahKee til Blest 2020!
I februar 2019 slapp artisten debutplata «To the Core». No er ho aktuell med singlane “Yka" og "Contradictions", som flettar element frå jazz og hiphop i eit varmt og fresht lydbilete. Med referansar som Anderson Paak, Robert Glasper og Noname dreg artisten jazzen inn i den urbane musikkscena.
Blest Festival vert arrangert 17. og 18. januar 2020 i Førde. Medlemmer av Jølster jazzklubb får billettar til medlemspris! Lenkje til billettar.
Lytt til Contradictions med MayRahKee på YouTube